Språksamlingane spreidde for alle vindar?

Det må diverre seiast at dei gode løysingane har late venta på seg for det berørte forskingsmiljøet: Språksamlingane ved UiO, skriv Oddrun Grønvik , hovudredaktør Norsk Ordbok 2014.

Uniforum 1/2013 s. 2–3 gjer greie for UiOs planar om bygging av livsvitskapssenter, sett i høve til framtidsplanar om samlokalisering for Oslo universitetssjukehus. Ein første konsekvens er at Veglaboratoriet i Gaustadalléen 25 må rivast sommaren 2013. "Me arbeider for å finna gode løysingar for dei som har arbeidsplassen sin i Veglaboratoriet", seier rektor ved UiO, ifølgje Uniforum.

Det må diverre seiast at dei gode løysingane har late venta på seg for det berørte forskingsmiljøet: Språksamlingane ved UiO. Ei god løysing for Språksamlingane føreset at to grunnføresetnader er innfridde: (1) Kort avstand til ILN, studentane og USIT, (2) samlokalisering av Språksamlingane og Eining for digital dokumentasjon (EDD).

Språksamlingane består av ordboksverka for gammalnorsk, bokmål og nynorsk, namnearkiva og samlingane etter Målførearkivet. Dei best kjende produkta frå språksamlingane er Bokmålsordboka og Nynorskordboka, Norsk ordbank, matrikkelutkastet frå 1950, Norske Gaardnavne og Norsk Ordbok 2014. Alle desse er fulldigitale, sentrale publikumstenester for norsk språk.

Språksamlingane må ut av Gaustadalléen 25 og over i nye lokale. UiO har ikkje lykkast i å finna lokale som både er nær ILN og USIT og som samstundes tillet samlokalisering av språksamlingane og EDD. Dermed blir samlingane spreidde på ulike bygningar, for første gong sidan dei vart deponerte ved Universitetet i Oslo i 1972, ei deponering som følgde stortingshandsaminga av språkspørsmålet i 1971. Det var den same stortingshandsaminga som førte til at Norsk språkråd vart skipa frå 1972.

I dei siste tjue åra er store delar av norsk infrastruktur blitt fulldigitalisert, og språksamlingane er med i den prosessen. Alle nye språkprodukt kjem ut som (system av) databasar og ligg fritt tilgjengelege på nettet. Dette er tenester som kvar skole og arbeidsplass i Noreg gjer seg nytte av. Grunnlagstilfanget, språksamlingane – akkumulerte gjennom dei siste hundre åra – er i stor mon skanna, analyserte og gjorde tilgjengelege for folk flest. Såleis har dei digitale språksamlingane gjort store datasamlingar som finst i unike og skjøre papireksemplar, tilgjengelege for folk flest over nettet.

Store, komplekse, digitale nett-tenester er sårbare for endra rammevilkår, særleg når dei er utvikla og blir drivne med maksimal arbeidsinnsats og på minimalt budsjett. Språksamlingane treng synergien som kjem frå samlokalisering og langsiktige rammer for arbeidet. Vi treng også fysisk samlokalisering av papirarkiva. Norsk språk er eit heile, og samlingane omfattar alt ordtilfang. Leksikografar må lettvint kunna sjå på namnesamlingane og omvendt. Effektiv testing av programvare – ei heiltidsverksemd hos oss - blir hjelpt av samlokalisering av IKT-folk og lingvistar. Alt dette blir no mykje tyngre, med einingane spreidde på fire ulike bygg. For NO2014, som er i sluttfasen av prosjektet og arbeider etter ei svært stram tidsplan, kjem flyttinga om lag så ulagleg som det går an å få til. Band 11 skal leverast i juni, og prosjektet er pålagt flytting innan utgangen av mai 2013.

Det er forståeleg at UiO og rektoratet kjenner eit sterkt ansvar for å få til livsvitskapsbygget. Eg etterlyser eit like sterkt engasjement i UiO-leiinga for å sikra rammevilkåra for språksamlingane ved UiO, og for å gje dei nasjonale infrastrukturtenestene som vi har ansvar for, optimale arbeidsvilkår.

 

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk, Arbeidsmiljø Av hovudredaktør Oddrun Grønvik i Norsk Orbok 2014
Publisert 30. jan. 2013 15:41 - Sist endra 2. sep. 2014 14:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere