Gigantsjukehus rokkar ikkje livsvitskapssenter

– Planane om å byggja eit senter for livsvitskap i Gaustadbekkdalen ligg fast, hevdar UiO-rektor Ole Petter Ottersen . Andre trur at visjonane om å byggja eit nytt gigantsjukehus i området, kan velta planane om å byggja eit livsvitskapssenter.

POPULÆRT OMRÅDE: Gaustadbekkdalen ligg mellom Blindern og Gaustad. Planen er å byggja eit livsvitskapssenter mellom Veglaboratoriet og Domus Athletica, til høgre for biletet. Oslo universitetssykehus har også kome med forslag om å byggja ein del av eit gigantsjukehus i dette området.

Foto: Ola Sæther

På seinhausten i fjor kom det nye innspel om at Ullevål kunne flyttast opp til Gaustad, slik at alle einingane i Oslo universitetssykehus kunne bli samlokaliserte. Dermed kunne Ullevål bli eit nytt bustadområde midt i Oslo. Forslaget blei tatt så alvorleg, at det er eitt av fire forslag som styret for Oslo universitetssykehus no har vedtatt at ei eiga prosjektgruppe skal sjå nærare på.

  • Full samlokalisering i området Gaustad-Blindern. All verksemd blir flytta til området rundt Rikshospitalet. Dette alternativet føreset at Ring 3 blir lagd i tunnel ved Gaustad, og at det blir bygt nytt i området rundt.
  • Full samlokalisering på Ullevål sykehus. All verksemd blir flytta til Ullevål sykehus. Mange av bygningane på Ullevål er freda, og denne løysinga krev derfor eit samarbeid med vernestyresmaktene.
  • Delt løysing. Sjukehuset sine einingar og funksjonar blir fordelte mellom Ullevål og Rikshospitalet.
  • Ingenting blir endra: Sjukehuset satsar på å oppretthalda dagens verksemd i dagens bygningar til ein lågast mogleg pris.

Om eitt år vil prosjektgruppa leggja fram dei to eller tre mest realistiske alternativa for styret.

Universitetsrektor Ole Petter Ottersen synest planane til Oslo universitetssykehus er spennande, men UiO vil ikkje skrinleggja planane om å byggja eit senter for livsvitskap i Gaustadbekkdalen.

– Universitetet har gitt klart uttrykk for at det ikkje er aktuelt å endra planane for Senter for livsvitskap, og me føreset difor at den føreliggjande reguleringsplanen for senteret blir liggjande uendra, understrekar Ottersen overfor Uniforum.

Planane om å byggja eit senter for livsvitskap i Gaustadbekkdalen, skal altså ikkje bli rokka av gigantprosjektet til Oslo universitetssykehus.

– UiO legg til grunn at utgreiingane som OUS har sett i gang, ikkje vil få konsekvensar for planane for Senter for livsvitskap eller for gjennomføringa av desse, seier UiO-rektoren. Samtidig synest han visjonane ser interessante ut.

– Oslo universitetssykehus har utarbeidd spennande planar for korleis utbyggingsarealet rundt det eksisterande sjukehuset kan utvidast, og har i samband med dette laga ein førebels analyse med å leggja Ringveien i tunnel. Det vil gi eit ganske stort, utvida utbyggingsareal for sjukehuset. Universitetet er innforstått med desse utgreiingane, og vil delta i eit samarbeid med OUS om vidareutvikling av planane.

Ottersen synest ikkje det er eit problem at han også sit i styret for Oslo universitetssykehus:

– Men det er sjølvsagt at eg i ein mogleg interessekonflikt, som eg ikkje ser konturane av no, vil måtta melda meg inhabil og representera UiO.

 

– Vil finna gode løysingar

UiO-rektoren trekkjer fram at universitetet er svært nøgd med at departementet har gjennomført ei konseptvalutgreiing av prosjektet. Den blei handsama i samband med statsbudsjettet for 2013.

– Sjølv om det ikkje blei løyvt midlar til oppstart, er me svært nøgde med regjeringa sitt vedtak om å støtta etableringa av eit livsvitskapssenter i Gaustadbekkdalen, seier han.

Konsekvensane som det nye vegprosjektet vil få for UiO-tilsette i Norsk Ordbok og andre språkmiljø, lovar han å løysa.

– Ein ny veg krev at Veglaboratoriet blir rive. Ny veg blir bygd av Statsbygg, og me har fått ei stadfesting frå Statsbygg på at vegprosjektet skal gjennomførast som føresett. Me arbeider for å finna gode løysingar for dei som har arbeidsplassen sin i Veglaboratoriet, seier UiO-rektoren.

Vil riva Veglaboratoriet i juli

Lite tyder på at innspelet om å flytta heile Ullevål og dei fleste andre sjukehusa til eit nytt kjempesjukehus på Gaustad, har fått sakshandsamarane i Statsbygg til å leggja vekk den vedtatte reguleringsplanen, i alle fall ikkje om me skal tru på sakshandsamar Kristin Juul, som er Statsbygg sin prosjektleiar for vegprosjektet:

– Rivinga av Veglaboratoriet i Gaustadalleen 25 startar 1. juli 2013, og samtidig tar arbeidet med den nye vegen til UiO frå nord til. Den nye reguleringsplanen blei vedtatt av Oslo kommune i 2011, og Statsbygg byggjer etter denne planen, seier Juul til Uniforum. Vegprosjektet skal lysast ut på tilbod, og blir lagt ut i databasen for offentlege byggjeprosjekt (DOFFIN), straks dei detaljerte planane er klare.

– Me har som mål at vegkrysset, ny inngangsveg og ny gang- og sykkelveg skal blir ferdig på seinhausten 2014. Dette skal bli ein ny hovudveg inn til UiO frå nord, seier Juul.

Planen syner at kryssinga av trikkelinja blir flytta litt lenger opp, slik at det blir mindre farleg for bilistane å kryssa denne linja. Det skal også byggjast ein ny gang- og sykkelveg i tilknyting til dagens gang- og sykkelveg forbi Ole-Johan Dahls hus.   

– Dette er eit spleiselag mellom Forskingsrådet, Forskningsparken og Statsbygg. Oslo kommune skal overta vegen og gang- og sykkelvegen når prosjektet er ferdig, opplyser Juul.

Brit Sylte er prosjektleiar for reguleringsplanen i Statsbygg, og ho håpar at planane framleis ligg fast for Gaustadbekkdalen.

– Reguleringsplanen er vedtatt, og kommunen ynskjer den nye atkomstvegen med gang- og sykkelveg på plass så raskt som mogleg. Slik kan det bli betre å koma til universitetet frå nord. Difor er det viktig å koma i gang med arbeidet, seier Sylte.

Håpa planane ville bli endra

Prosjektdirektør Åse Wetås i Norsk Ordbok 2014 (NO 2014) hadde håpa at dei nye visjonane for kvar Ullevål bør byggjast i framtida, kunne ha ført til at rivinga av Veglaboratoriet kunne blitt utsett endå ein gong, slik at dei tilsette i Norsk Ordbok fekk bli verande i lokala ut prosjektperioden i 2014. – No blir samlingsmiljøet ved Institutt for linvistiske og

UiOs plan: å byggja eit senter for livsvitskap og kjemi i Gaustadbekkdalen

Ferdig: i 2020

Byggjestart: Rivinga av Veglaboratoriet og vegbygginga og startar sommaren 2013.

Konsekvens: Alle må ut av Veglaboratoriet. Språksamlingane blir fordelte på tre lokale i Gaustadbekkdalen.

nordiske studium brote opp  og delt mellom Nemko (NO2014), Sintef (Namnegransking) og Forskningsparken (Eining for digital dokumentasjon). Om me kunne ha halde fram med å vera i Veglaboratoriet, ville me ha kunna hindra at samlingane blei fordelte på tre ulike stader, understrekar ho.

Ho håpar no at regjeringa til slutt vedtar å byggja eit nytt Ullevål på Rikshospitalet.

– Ei løysing der den vedtatte rivinga av Veglaboratoriet likevel blir stansa, vil vera den beste for oss. Då kan me vera samla heilt fram til prosjektet er over i 2014, peikar ho på. Wetås trur at dersom det blir vedtatt å samlokalisera Ullevål med dei andre sjukehusa til Oslo universitetssykehus på Gaustad, vil det få fylgjer for dagens planar for Gaustadbekkdalen.

– Konsekvensane av ei slik løysing skulle ein tru ville vera at plasseringa av livsvitskapssenteret må sjåast i samanheng med og tilpassast ein heilt ny plan for sjukehusutbygginga. Tilkomstvegen som kommunen planlegg å byggja, og som gjer det naudsynt å riva Veglaboratoriet, vil dermed kunna få ei svært kort levetid, meiner ho.

Førebels står både reguleringsplanane og vegplanane i Gaustadbekkdalen like urikkelege som før. Dermed må Norsk Ordbok førebu seg

Oslo universitetssykehus sitt mest dramatiske forslag, Campus 2025:: Å samlokalisera alle sjukehusa i Gaustadområdet. Det vil seia Rikshospitalet, Ullevål, Radiumshospitalet, Aker, Dikemark og epilepsisenteret i Sandvika.

Ferdig: i 2025

Byggjestart: Tidlegast 2020

Konsekvens: Håp om at Veglaboratoriet kan bli ståande ei stund til, slik at Norsk Ordbok og andre språkmiljø kan vera samla til prosjektperioden er ute i 2014.

 

på å flytta i god tid før 1. juli. Då vil nemleg rivinga av Veglaboratoriet ta til. Og ingenting tyder enno på at dei opphavlege planane om å

byggja eit livsvitskapssenter i Gaustadbekkdalen, er skrinlagde. Uansett kva som skjer, vil Gaustadbekkdalen verta prega av byggjeaktivitetar også dei komande åra.

 

 

 

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 24. jan. 2013 00:15 - Sist endra 24. jan. 2013 00:31
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere