Uniforum-nedlegginga og ”Det gode universitetet”

"At universitetet har råd til å opprettholde en avis hvor det får kritikk, er et tegn på at UiO er en institusjon med god helse", sa dåverande rektorkandidat Ole Petter Ottersen under rektorvalkampen i 2009.

Hovudoppslaget i siste nummeret av Uniforum (2011 nr. 5) er at papiravisa må leggjast ned til sommaren, etter at heile universitetssamfunnet og andre nærskylde lærestader har hatt denne publikasjonen som fast og synleg innslag på arbeidsplassar og møteplassar i 25 år. I desse åra har Uniforum utvikla seg til ei uavhengig kvalitetsmerkevare som i høg grad bidreg til eit levande universitetssamfunn.

Når Uniforum misser statusen som markant papirpublikasjon og må ut i det uoversiktlege mangfaldet på nettet, er marginalisering av ei tydeleg røyst i universitetssamfunnet ein uunngåeleg verknad. I ei tid då det meir enn nokon gong er viktig med ein robust, sakleg og  uavhengig kanal på universitetet, er denne marginaliseringa særleg ille. Det gjeld ikkje minst for kritikk og saksforhold der tenestevegen korkje er tenleg eller problemløysande.

Kommunikasjonsavdelinga innprentar oss kvar einaste dag når vi slår på datamaskinen at vi arbeider ved "et ledende europeisk universitet". Eit grunndrag i å vere leiande er også å vere dynamisk og levande, noko som samverknaden av Uniforum som både papir- og elektronisk publikasjon uttrykkjer. Men for å vere levande, må ein vere frisk. Dåverande rektorkandidat Ole Petter Ottersen brukte i 2009 nettopp Uniforum som test på helsetilstanden ved Universitetet i Oslo:

At universitetet har råd til å opprettholde en avis hvor det får kritikk, er et tegn på at UiO er en institusjon med god helse.

Det var ein presis observasjon av Ottersen. Men vilkåra for å drive kritisk og uavhengig informasjon på eit sakleg grunnlag, må vere til stades i fullt monn om Uniforum skal vere eit påliteleg helsebarometer for "Det gode universitetet", som ein av hovudbolkane i "Strategi 2020" heiter. Mål 5 i den bolken, som mellom anna omhandlar godt arbeidsmiljø, blir utdjupa i strategi 25 og gjeld skjerpa søkjelys på roller og ansvarsfordeling. Til det trengst eit fullfungerande Uniforum for at denne visjonen skal vere truverdig. Rektor Ottersen er no i posisjon til å sikre både Uniforum og truverdet.

Emneord: Arbeidsmiljø, Personalbehandling/politikk, Forskningsformidling, Uniforum nett no, Universitetshistorie Av professor Dagfinn Worren ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium
Publisert 5. apr. 2011 11:27 - Sist endra 2. sep. 2014 14:04

Worrens innlegg er presist og godt! Mister vi Uniforums papirutgave, vil Uniforum bli lest av langt færre. Med det mister vi ikke bare et uavhengig journalistisk blikk på universitetet, men en kanal for å bli hørt. Gjennom Uniforum kan universitetets ansatte og studenter  få sine saker journalistisk og saklig belyst. Dette gir rom for en åpen debatt. I kjølvannet av Nedkvitne-saken har det vært mye fokus på skikk og bruk blant de ansatte og hvordan man ikke bør oppføre seg ovenfor kolleger og ledelse.  Mister man Uniforums papirutgave som formidlingskanal for den åpne debatt, tviler jeg på at resultatet blir bedre karakter i orden og oppførsel.

Anne Vaalund - 7. apr. 2011 10:45
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere