UiO kan gi professor sparken

– Eg er redd for å mista den einaste jobben eg kan. Det ville ha blitt fullt kaos om eg skulle ha jobba i kassen på Rimi, seier 61 år gamle Arnved Nedkvitne til Uniforum. Den 16. desember skal Universitetsstyret avgjera om han skal få sparken frå stillinga som professor i mellomalderhistorie.

KAN FÅ SPARKEN: – Eg er svært glad i jobben min, seier Arnved Nedkvitne. 16. desember kan Universitetsstyret gi han sparken som professor i mellomalderhistorie.

Foto: Ola Sæther

Det var 16. juni i år fakultetsstyret ved Det humanistiske fakultetet vedtok å avsetja Arnved Nedkvitne frå stillinga hans som professor i mellomalderhistorie. Bakgrunnen for vedtaket var utilbørleg åtferd overfor leiing, kollegaer og eksterne sensorar. Dessutan hadde han gjort seg skuldig i ordrenekt ved ikkje å koma til møte han var kalla inn til hos instituttleiar Jorunn Bjørgum ved Institutt for arkeologi, konservering og historie (IAKH).

Det blir peika på at forholda må vurderast som grove kvar for seg, men at åtferda hans inngår i eit langt mønster som dekan Trine Syvertsen, ifylgje utkastet til sakspapir, vurderer som grovt utilbørleg, ukollegialt og illojalt overfor arbeidsgjevar. Verksemda hans påfører det psykososiale arbeidsmiljøet på IAKH svære belastingar, står det . Difor ville fakultetsstyret ha Nedkvitne avsett etter Tenestemannslovas paragraf 15 bokstav a, som handlar om grovt brot på tenesteplikter. Det er denne avgjerda Nedkvitne har anka til Universitetsstyret. Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe ber styret om å gi Nedkvitne avskil frå stillinga hans som professor ved Universitetet i Oslo.

Uniforum møter Arnved Nedkvitne på kontoret til Føyen Advokatfirma. Forskarforbundet har på vegner av Nedkvitne engasjert advokat Preben Mo Fredriksen. Frå deira side ser avskilssaka heilt annleis ut.

– Eg oppfattar dette som ein del av styringsproblema etter langvarige konfliktar både ved Det humanistiske fakultetet og ved IAKH. Desse problema og konfliktane byrja lenge før eg kom dit i 1994, seier Nedkvitne. Han ser saka si som ein del av ein universitetspolitisk debatt som har enda opp med å bli ei personalsak.

– Det har blitt vanskelegare for oss professorar som har eit fag, å få nok ressursar. I dag blir nemleg ressursane konsentrerte om færre fagområde, og det er difor ein hardare kamp enn nokon gong om å få dei. I dag finst det heller ingen fora på instituttet der professorane kan forsvara faga sine. Derimot har byråkratane blitt både sterkare og mektigare, og dei vil gjerne framstå som representantar for HF og instituttet både innanfor og utanfor universitetet. Dei vil setja grenser for professorar til å forsvara faget sitt. Når dei likevel gjer det, stiller dei spørsmål ved kor lojale dei er overfor arbeidsgjevaren sin, meiner Nedkvitne, som gjerne understrekar kva han oppfattar som lojalitet.

– For meg handlar det om å visa lojalitet til faget og til universitetet, konstaterer han og overlet ordet for ein augneblink til advokat Preben Mo Fredriksen.

– Lojalitetsplikta overfor arbeidsgjevar er sterk, men den rettar seg mot Universitetet i Oslo og ikkje mot personar i leiande posisjonar. Og både på universitet og høgskular skal det vera rom for stor takhøgd, seier han.

Sjølv ser Nedkvitne på seg sjølv som ein professor som har varsla om uheldige sider ved universitetspolitikken, både på og utanfor UiO.

– Først og fremst handlar det om fordeling av ressursar og nedbygginga av faglege fora. Det har eg vore sterkt kritisk til, seier han og understrekar:

– Eg har aldri sagt noko som ikkje har vore sant. Ein gong sa eg at alle dei sentrale personane i fagmiljøet rundt Forum for samtidshistorie hadde overklassebakgrunn frå Oslo vest og Bærum. Det likte dei ikkje. Når det gjeld dei møta eg ikkje har møtt opp på, så har eg ei legeerklæring frå fastlegen min på at desse møta er til skade for meg psykisk. Leiinga vil heile tida diskutera forma mi, men dei vil aldri høyra på synspunkta mine.

– Vel sterke adjektiv

– Men angrar du ikkje på noko av det du har gjort?

– Viss eg hadde visst at det skulle ha enda med at eg no står i fare for å mista den einaste jobben eg kan, så skulle eg gjerne ha late ting vera ugjort. Eg kan også ha brukt enkelte adjektiv og superlativ i e-postar og andre innlegg, som eg i ettertid kan sjå har vore vel sterke.

Advokaten legg til:

– Miljøundersøkinga blei sett i gang av dåverande rektor Arild Underdal, og resultatet av den viste at rundt 12,5 prosent av alle dei vitskaplege tilsette ved fakultetet, hadde opplevd å bli mobba. Og leiinga ved det instituttet som Nedkvitne tilhøyrer, skåra lågast av alle institutta. Det går ikkje an å redusera eit arbeidsmiljøproblem på eit heilt fakultet til ein person, altså til Nedkvitne, seier Mo Fredriksen. Advokaten viser til at Nedkvitne nyt stor respekt som fagperson og har godt ord på seg som rettleiar for masterstudentar.

– For oss ser det ut som om heile saka tok til i 2005. Då bestemte instituttleiinga seg for at det var Nedkvitne som var skuld i det dårlege arbeidsmiljøet, og gjekk inn for å få han avsett. På generelt grunnlag kan eg seia at eit vanleg mønster i denne typen saker, er at den tilsette blir uglesett, deretter isolert og stigmatisert, noko som igjen i sterk grad kan påverka åtferda til den tilsette, fortel advokaten.

– Støtte frå studentar og kollegaer

– Eg har aldri fått klage på at eg ikkje har gjort jobben min. I Universitas gjekk 34 masterstudentar ut og støtta meg. I dag har eg også to doktorstudentar. Difor har eg hatt undervisning og hatt fleire masterstudentar oppe til eksamen. Førre helg retta eg 10 eksamensoppgåver. Eg er svært glad i jobben min, seier professoren.

– Har du fått støtte frå kollegaene dine?

– Ja, eg har fått støtte frå fagpersonar i arkeologi, antikken og ved Forum for universitetshistorie, konstaterer han.

– Som Forskarforbundets advokat ber du Universitetsstyret om å gi Nedkvitne ei skriftleg irettesetjing i staden for å gi han sparken. Kvifor det?

– Me ber ikkje om at Universitetsstyret gir Nedkvitne ei skriftleg irettesetjing, men peikar på at det er eit alternativ til avskil, dersom styret vil koma med ein reaksjon. Bakgrunnen for dette er dei tinga som Nedkvitne har peika på, og som er i ferd med å endra seg. Frå nyttår blir det ei ny leiing ved instituttet, og det er også i ferd med å bli innført lærarfora før møta i instituttstyret. Han er dermed innstilt på å arbeida for å få til eit så godt forhold som mogleg med den nye instituttleiinga, og har også god tru på at dette er mogleg og at arbeidsmiljøet generelt også kan betra seg, seier Mo Fredriksen.  

Verken universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe eller HF-dekan Trine Syvertsen vil kommentera denne saka. Dekanen kjem likevel med fylgjande bodskap: – Masterstudentar og PhD-studentar som eventuelt vil trengja ny rettleiar, vil få tilbod om dette.

Emneord: Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 11. des. 2008 09:23 - Sist endra 11. des. 2008 15:28

Kan tyde på at Arnved Nedkvitne har vært utstatt for mobbing fra ledelsens side. Miljøundersøkelsen viser jo også at mobbing er meget utbredt ved UiO. At verken universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe eller HF-dekan Trine Syvertsen vil kommentere denne saken er et tankekors.

terjeth@uio.no - 12. des. 2008 00:43

I det jeg tester ny publiseringsløsning for Uniforum (gratulerer); er det ikke slik at en leder ikke kan kommentere personalsaker offentlig? Både som leder og som ansatt vil jeg mene at det er ugreit.

Steinar Hafto Myre - 12. des. 2008 13:33

Med fare for å bli misforstått i forrige innlegg: jeg mener ddet er ugreit om en leder kommenterer personalsaker offentlig.

Steinar Hafto Myre - 12. des. 2008 13:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere