UiO ventar med å gi professor sparken

Avskilssaka mot professor Arnved Nedkvitne kjem likevel ikkje opp i Universitetsstyret tysdag 16. desember. Årsaka er kompleksiteten ved den saka, skriv universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og HR-direktør Anita Sandberg i eit brev til Nedkvitne. Derimot kjem saka om Henrik Ibsens skrifter opp som ei munnleg orienteringssak bak stengde dører.

Etter planen skulle altså Universitetsstyret ta stilling til forslaget frå universitetsdirektøren om å gi historieprofessor Arnved Nedkvitne avskil på grunnlag av Tenestemannslovas paragraf 15 bokstav a., som handlar om grovt brot på tenesteplikter. No er saka utsett til eit seinare møte på grunn av kompleksiteten ved den, går det altså fram i eit brev Nedkvitne har fått frå universitetsdirektøren og HR-direktøren.

Faglege prioriteringar


Den største og mest omfattande saka som skal opp i styremøtet på tysdag er likevel eit heilskapsdokument og gjennomføringsplanar for dei faglege prioriteringane ved UiO. I framlegget til vedtak blir både fakulteta, musea og sentra Senter for utvikling og miljø (SUM) og Senter for tverrfagleg kjønnsforsking (STK) bedne om å utarbeida gjennomføringsplanar for eigne faglege prioriteringar med frist til 1. april 2009. Planane skal dekka ein femårsperiode. Desse planane skal leggjast fram for Universitetsstyret for godkjenning i mai 2009. Det er tre viktige punkt som må vera med. For det første skal det gjerast greie for korleis dei faglege prioriteringane innanfor forsking og utdanning skal fylgjast opp. For det andre skal det utarbeidast stillingsplanar. Meininga er å visa korleis dei faglege prioriteringane skal fylgjast opp når det gjeld rekruttering og tilsetjingar. Også desse planane skal ha eit femårsperspektiv. For det tredje må dei aktuelle einingane gjera greie for korleis prioriteringane skal fylgjast opp i 2009-budsjettet. Styret reknar med at ressursinnsatsen blir dreia inn mot prioriteringane frå og med budsjettåret 2010.

Kan slå saman tre selskap


Universitetsstyret skal også ta stilling til eit forslag om å lata universitetsdirektøren setja i gang arbeidet med sjå nærare på høvet til eit tettare samarbeid mellom kommersialiseringsaktørane Birkeland Innovasjon AS, Forskingsparken AS og Medinnova. Det kan også koma på tale å slå saman desse selskapa.

OD får økonomisk naudhjelp


Styret skal også ta stilling til fordelinga av den ekstra løyvinga frå regjeringa på rundt 29 millionar kroner i saldert budsejtt for 2008. I saksdokumenta går det fram at Det odontologiske fakultetet vil få 1,5 millionar kroner av desse pengane, fordi det har spesielle utfordringar i å nå balanse i budsjettet. Resten av pengane, 27,457 millionar kroner blir fordelte til einingane i samsvar med deira del av budsjettet. Universitetsdirektøren føreset at pengane blir nytta i samsvar med føringane frå Kunnskapsdepartementet. Det legg vekt på at pengane blir nytta til å heva kvaliteten i undervisningstilbodet.

Bak stengde dører får Universitetsstyret ei orientering om dei pågåande kontrollane som er knytte til meirverdiavgift. Der får dei også ei munnleg orientering om situasjonen for prosjektet Henrik Ibsens skrifter. Møtet skal haldast i Henie-Onstads kunstmuseum på Høvikodden, og det byrjar med ei omvising i utstillinga ” Kunst fra 100 rom”, som viser verk frå Universitetet i Oslos kunstsamling.

Du kan lesa heile sakslista her:
http://www.admin.uio.no/kollegiet/moter/kart_prot2008/9-ekstraordinaert/sakskart.xml


 

Emneord: Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 12. des. 2008 15:56 - Sist endra 12. des. 2008 16:09
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere