Hundreårets viktigaste restaurering

– Dette er det viktigaste og mest utfordrande restaureringsarbeidet i dette hundreåret. Det sa teknisk direktør Frode Meinich ved UiO då Statsbygg nyleg lyste ut oppdraget på restaureringa av Aulasalen og vestfløyen i Domus Media og refundamentering for Domus Bibliotheca, Professorboligen og Gymnastikkbygningen. Dei samla kostnadene vil koma på 480 millionar kroner.

RESTAURERING: Aulasalen er klar for restaurering. Mange av Munchs Aula-måleri er pakka ned i svære trekassar, medan andre framleis heng og ventar på å bli tekne ned.

Foto: Martin Toft

I Aulaen er det no lite som minner om den gamle konsertsalen. Framleis heng nokre få av Munchs aulamåleri igjen på veggane. Måleriet ”Solen” er allereie pakka ned i ein stor firkanta trekasse. Der målarstykket hang, har det no openberra seg ein brannskadd vegg. Eit minne frå brannen i 1943. Alle benkane er borte, og ein svær platting, over ein meter høg, er lagt over heile golvet. Universitetet i Oslo er i ferd med å pakka ned og konservera verdas mest verdifulle Munch-måleri. Når det arbeidet er ferdig, kan resten av restaureringsarbeidet i Aulasalen ta til.

– Me er glade for at me kan ta Aulaen i bruk igjen som storstova til Universitetet i Oslo ved 200-årsjubileet i 2011. Då kan heile landet ta del i feiringa av grunnlegginga av universitetet, som også starta utviklinga fram mot at Noreg blei ein sjølvstendig nasjon, sa teknisk direktør Frode Meinich under annonseringa av byggjeoppdraga. Han trekte fram at på 1970-og 1980-talet blei alle bygningane til universitetet stemoderleg handsama av dei ulike regjeringane.

Universitetsbygningane i sentrum:
Domus Media, Domus Academica og Domus Bibliotheca
- reist etter teikingar av arkitekt Christian H. Grosch med bistand frå den tyske arkitekten Karl Friedrich Schinkel.
- grunnsteinen blei lagd i 1841, og anlegget blei tatt i bruk i 1851
- Aulaen blei reist som tilbygg på baksida av Domus Media til 100-årsjubileet i 1911
- fase 1 av restaureringsprosjektet utgjer 33 000 kvm og vil kosta 480 millionar kroner
- det omfattar innvendige arbeid i Domus Media og Professorboligen, utvendige tak- og fasadearbeid for dei fem bygningane på området og refundamentering for Domus Bibliotheca, Professorboligen og Gymnastikkbygningen (Kjelde: Statsbygg).

– No føler eg at me sidan 1990-talet har fått gehør for at noko måtte gjerast med desse sentrumsbygningane. Me er difor på rett veg, meinte Meinich.

Heile arbeidet vil ikkje vera avslutta før hausten 2012, opplyser Statsbygg i eit eige skriv om restaureringsplanane for universitetsbygningane i sentrum. Der går det fram at fristen for å gi tilbod på restaureringa av Aulasalen er 5. januar 2009. Statsbygg reknar med at den som får oppdraget, kan ta til med arbeidet 4. mai 2009 og må vera ferdig 13. august 2010. Seinare skal det setjast i gang rivingsarbeid i Vestfløyen. Det arbeidet startar 16. februar og skal vera ferdig 15. mai. Resten av Midtfløyen der blant anna Aulasalen ligg, skal stå ferdig 13. august 2010. Arbeidet med Vestfløyen og hagearbeida utomhus, vil ikkje vera avslutta før 29. juni 2012. Seniorarkitekt Ragna Weider i Teknisk avdeling minna om at alt arbeidet skal skje samtidig som det må vera normal drift i bygningane.

– Det er over 200 tilsette ved Det juridiske fakultetet og dagleg går rundt 4000 studentar her. Difor er det ikkje så rart om bygningane blir utsette for slitasje. Universitetshagen blir brukt til rekreasjon både av tilsette, studentar og Oslofolk. Alle aktivitetane skal gå sin gang samtidig som restaureringsarbeidet går føre seg. Det er klart at alle partar må ta omsyn til kvarandre, understreka ho. Kulturminnerådgjevar Jens Treider i Statsbygg minna om at alt i bygningane er freda.
– Også den fantastisk gode akustikken til kammerkonsertar er freda. Den skal me sjølvsagt få tilbake. Det er også fagleg utfordrande jobbar her. Søylene i Aulasalen er blant den finaste marmoren som finst i Noreg. Difor treng me dei folka som er aller best til å jobba med marmor, understreka han. Treider var sikker på at det ville bli attraktivt for entreprenørar å levera inn tilbod på dette oppdraget.
– Det blir heile tida understreka kor viktig plasseringa av ein bygning er. Her får dei høve til å driva restaureringsarbeid midt på Karl Johan, samtidig som dei må ta omsyn til at ikkje berre bygningane, men også trea er freda i dette området, nemnde Treider. Men i sjølve Aulasalen blir det ein del små endringar.
– Det fører sjølsagt til at noko blir betre enn det var før arbeidet byrja. Me vil fjerna nokre av stolane, og så vil me dessutan byggja eit eige toalett for dei kongelege. Til no har ikkje dei hatt noko eige tilbod dei gongene dei har vore gjestar i Universitetets Aula, sa Treider. 

 
Emneord: Rehabilitering, Universitetets Aula Av Martin Toft
Publisert 11. des. 2008 11:39 - Sist endra 11. des. 2008 17:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere