Kjøpte Nynorskordboka til Oslo-skulen for prispengar

Rett før helga overrekte vinnarane av ordbokprisen 2007 100 eksemplar av Nynorskordboka til Oslo-skulen. Gåva er finansiert av prispengane på 30 000 kroner. - Når vi vel Oslo, er det fordi det også er nærmiljøet til arbeidsplassane våre, UiO og Språkrådet, seier redaktørane av Nynorskordboka, Anne Engø, Dagfinn Worren og Marit Hovdenak.

GÅVE: Fungerande rektor Linn Siri Jensen ved Grefsen videregående skole tar imot Nynorskordboka som gåve frå ordbokredaktør Marit Hovdenakk.
Foto: Martin Toft

Gåva rekk til eit eksemplar av Nynorskordboka til alle ungdomsskulane og alle dei vidaregåande skulane i Oslo. Fungerande rektor Linn Siri Jensen ved Grefsen videregående skole tok imot eksemplaret sitt frå ordbokredaktør Marit Hovdenak på vegner av heile Oslo-skulen.

Til stades var også dei to andre ordbokredaktørane, professor Dagfinn Worren og forskar Anne Engø frå UiO, ein representant for forlaget, to av norsklærarane på Grefsen og elevrådsleiar Jon Stavnskog.

Dei tre ordbokredaktørane blei tildelt Norsk faglitterær forfattar- og omsetjarforeinings ordbokspris på omsetjardagen 27. september i år for den fjerde utgåva av Nynorskordboka.

Alle ordbokredaktørane blei fort samde om at dei kunne gi gåva vidare til Oslo-skulen ved å kjøpa 100 eksemplar av Nynorskordboka. Og det har dei ein klar tanke bak.

- Elevane på ungdomsskulesteget og i den vidaregåande skulen står på terskelen til personleg valde utdanningsvegar der sjølvstendig kunnskapssøking er ein føresetnad for å lukkast. Også i den samanhengen merkjer diverre Noreg seg ut med at bruken av ordbøker som kunnskapskjelder i skulen har mykje veikare status enn i Europa elles.

- Denne bokgåva, som me ynskjer fordelt på biblioteka i Oslo-skulane, kan skape eit medvit om at ordbøker finst, og lærarane vil ha handgripelege eksemplar å visa til når dei skal informera om viktige hjelpemiddel, som elevane også seinare i studiekvardagen må meistra, anten det er i papirutgåve eller elektronisk versjon, seier dei tre i ei felles fråsegn.

Grunnen til at dei vel Oslo har ingenting med å gjera med diskusjonen om å fjerna sidemålet, forsikrar dei.

- Når vi vel Oslo, er det fordi dette også er nærmiljøet til arbeidsplassane våre, Universitetet i Oslo og Språkrådet. Her ligg det ein fellesskap, som er vel verd å ta vare på og styrkja band i.

- Nynorskordboka er ei eittspråkleg morsmålsordbok som dekkjer ordtilfanget i dei norske dialektane og nynorsk skriftmål. Med å spreie Nynorskordboka minner me kvarandre på at me alle også høyrer saman i den større norske språkfellesskapen, slår dei fast.

Emneord: Undervisning, Språkpolitikk, Forskning Av Martin Toft
Publisert 7. des. 2007 16:49 - Sist endra 10. des. 2008 15:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere