Universitas tillet nynorsk

Universitas tillet no, truleg for første gong i si 60 år lange historie, journalistane sine å skrive artiklar på nynorsk. - Folk må få nytte den målforma dei sjølv ynskjer, seier redaktør Leif Martin Kirknes.

NYNORSK ER OK: Universitas-journalist Marianne Granheim Trøyflat har berre fått positive tilbakemeldinger på at ho skriv på nynorsk. Redaktør Leif Martin Kirknes les gjerne nynorsk korrektur.
Foto: Ola Sæther

- Eg har berre fått positive tilbakemeldinger frå dei andre journalistane og folk eg kjenner på at eg skriv på nynorsk, seier Marianne Granheim Trøyflat. Valdrisen byrja som journalist i Universitas i februar i år. Det er avisa for studentane ved Universitetet i Oslo og høgskulane i hovudstaden.

Redaktør i Universitas, osloguten Leif Martin Kirknes, er ikkje sikker på om det tidlegare har vore eit direkte forbod mot å skrive på nynorsk. - Folk må få nytte den målforma dei sjølv ynskjer. Så lenge det berre er ein journalist som skriv på nynorsk, går det også greitt å lese korrektur. Men skulle det bli fleire, treng vi ein profesjonell nynorsk korrekturlesar, seier han.

VG-journalisten Marianne Johansen var redaktør i Universitas i 2004. Ho nektar for at det var snakk om eit forbod mot å skrive på nynorsk i hennar tid. - Det var ein redaksjonell praksis å ikkje trykke artiklar på nynorsk. Grunnen var dels at fleirtalet av dei som les Universitas er bokmålsbrukarar, og dels at vi ikkje hadde nokon med kompetanse til å lese korrektur på nynorsk, forklarer ho.

Emneord: Studentsaker, Universitas, Nynorsk Av Lars Hoff
Publisert 27. mars 2007 20:53 - Sist endret 10. des. 2008 16:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere