Djupedal opna det nordiske Bologna-seminaret

Kunnskapsminister Øystein Djupedal opna torsdag 28. september det nordiske Bologna-seminaret "Looking out! Bologna in a global setting" i Georg Sverdrups hus på Blindern. Formålet med seminaret er å finna ut korleis europeiske land skal kunna samarbeida med andre land om høgare utdanning.

REDUSERA HINDER: - No må me arbeida for å redusera alt som hindrar eit auka samarbeid mellom universiteta i Europa og universitet i resten av verda, sa kunnskapsminister Øystein Djupedal.
Foto: Martin Toft

- Det europeiske området for høgare utdanning må vera ope og attraktivt også for forskarar og studentar frå andre delar av verda. Ingen skal frykta at dette blir eit "Festung Bologna" mot universitet, forskarar og studentar frå land utanfor det europeiske området for høgare utdanning, slik leiaren for Organisasjonen for afrikanske universitet uttrykte det for nokre år sidan, garanterte Øystein Djupedal. Han lova derimot at målet var å letta samarbeidet med land utanfor Europa.

- No må me arbeida for å redusera alt som hindrar eit auka samarbeid mellom universiteta i Europa og universitet i resten av verda, lova kunnskapsministeren. Han viste til at arbeidet med å gjera det lettare med student- og forskarutveksling er å gå tilbake til den opphavlege universitetsideen.

- Alle skal ha eit utanlandsopphald

- Det skal vera mogleg for alle studentar og forskarar å ta ein del av utdanninga si i utlandet, uavhengig av kva inntekt dei har. Då universiteta blei danna i Europa, hadde dei ikkje nasjonale grenser. Målet vårt må vera å ha sterke universitet av god kvalitet, slik at dei både kan føra til suksess for kvart individ og skapa vekst for alle dei europeiske samfunna, understreka Djupedal.

Før konferansen starta trekte Djupedal fram i ei pressemelding at Noreg måtte bidra til ein balanse mellom samarbeid og konkurranse i europeisk høgare utdanning. - Dessutan må me gjera oss sjølve i stand til å takla dei globale utfordringane me vil møta i framtida, uttalte Djupedal.

Rundt 150 ekspertar på høgare utdanning frå 38 land er til stades på Universitetet i Oslo for å diskutera auka mobilitet og konkurranse mellom Europa og resten av verda. Seminaret er eit samarbeid mellom dei nordiske landa og Nordisk Ministerråd.

- Vårt signal er respekten for dei akademiske verdiane

I presentasjonen av ein førebels rapport frå Bologna-seminaret i Oslo, viste rapportforfattaren, professor Pavel Zgaga frå Ljublana i Slovenia til at Bolognaprosessen kunne vera ein viktig modell for utviklinga av høgare utdanning i land utanfor Europa.


- Eit sterkt signal som Bologna-prosessen kan senda til resten av verda er den store merksemda den kan skapa om politisk utvikling gjennom partnarskap og vektlegginga av respekten for dei akademiske verdiane. Det er ein viktig bodskap å senda til andre verdsdelar, understreka han.

Zgaga dokumenterte også korleis Bologna-prosessen hadde påverka ulike land som Kina og Australia.

- Begge stader ynskjer dei å tilpassa seg utviklinga i Bologna-prosessen, men i Kina vil dei helst gjera det gjennom ei felles forståing. Også i Latin-Amerika og Afrika, og faktisk også i USA, ser dei med falkeblikk på utviklinga av eit europeisk område for høgare utdanning, slo han fast.

Bologna-erklæringa

Det var i 1999 at utdanningsministrar frå 29 land og universitetsleiarar frå heile Europa møttest for å drøfta den vidare utviklinga av høgare utdanning i Europa. Visjonen om utvikling av eit europeisk område for høgare utdanning innan 2010 blei nedfelt i erklæringa frå møtet, Bologna-erklæringa.

Ministrane har deretter møtest annakvart år, seinast i Bergen i 2005. I dag er talet på medlemar i Bologna-prosessen auka til 45 land, og samarbeidet i Europa omfattar i dag ei rekkje prioriterte område, frå auka mobilitet, felles gradssystem, felles system for utrekning av studiepoeng til felles system for kvalitetssikring av høgare utdanning.

Seminaret i Oslo er det tredje og siste i rekkja av Bologna-seminar, før ein strategi blir lagt fram for Bologna-ministrane i London 17. mai 2007.

Emneord: Internasjonalisering, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 28. sep. 2006 17:08 - Sist endra 10. des. 2008 19:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere