Vil formidla studentkunnskap

- Studentar får ikkje god nok opplæring i korleis dei skal formidla all den kunnskapen dei har. argument kan bli eit formidlingsinstrument for dei, seier Kristian Meisingset som er kulturredaktør i dette nye studenttidsskriftet.

KUNNSKAP: Kulturredaktør Kristian Meisingset viser stolt fram det første nummeret av studentmagasinet argument , som han meiner vil vera eit organ som kan formidla kunnskap til og frå studentar.
Foto: Martin Toft

I slutten av mai kom det første nummeret av tidsskriftet argument ut på Universitetet i Oslo. Alle i redaksjonen jobbar gratis, men dei har fått startkapital på 100 000 kroner frå UiO. Også Kulturstyret til Studentparlamentet og stiftinga Fritt Ord har støtta etableringa økonomisk. I tillegg har tidsskriftet skaffa seg annonseinntekter på rundt 28 000 kroner. Kulturredaktør Kristian Meisingset synest at studentane treng eit supplement til Universitas.

- Skal bli like bra som Morgenbladet

- Universitas er god på studentnyhende, men klarer ikkje å formidla den kunnskapen studentane sit inne med etter å ha studert nokre år på universitetet. Det ynskjer me å gjera i argument. Me let studentar sleppa til med grundige og djuptpløyande artiklar om tema som dei har studert eller forska på, seier Meisingset, som også er studie- og forskingsansvarleg i Studentparlamentet. Og han har store ambisjonar på vegner av tidsskriftet.

- argument skal bli minst like bra som Morgenbladet, og Memo. I norsk presse ber kommentarane ofte preg av kunnskapsløyse og overflatisk journalistikk. Me skal ha kommentarar frå personar som er ekspertar på det temaet dei kommenterer, garanterer han.

Skribentar både frå høgre- og venstresida

- Har tidsskriftet noko bestemt politisk oppfatning?

- Me synest det er bra at skribentane har politiske meiningar anten dei tilhøyrer venstre- eller høgresida. Difor har me bidrag både frå høgreliberale ideologar som Torbjørn Røe Isaksen og Jan Arild Snoen, og frå Johannes Wilm som er aktiv i Venstrealliansen. Alle har skrive artiklar om USA frå vidt forskjellige perspektiv, fortel han. Og når det er ein bestemt artikkel har vil trekkja fram, er det ein av desse artiklane han viser til.

- Johannes Wilms reportasje om grensebyen Douglas mellom USA og Mexico er eit godt døme på ein grundig artikkel som gir god bakgrunnsinformasjon om den meksikanske arbeidsinnvandringa til USA, synest han.

- De har to artiklar på tysk. Vil ikkje det føra til at tidsskriftet blir mindre tilgjengeleg for folk flest?

- Me synest at studentar bør kunna klara å lesa tysk, sjølv om det vil kosta dei litt ekstra tid. Det er nesten like naturleg som at me har fleire artiklar på engelsk, seier han.

Planen er at argument skal koma ut med fire nummer i året. Og dei som ynskjer å jobba for magasinet kan ta kontakt på e-post: argument-redaksjon et studorg.uio.no

Emneord: Studentsaker, Internasjonalisering, Studentforhold Av Martin Toft
Publisert 31. juli 2006 14:46 - Sist endra 10. des. 2008 16:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere