Noregs første doktoravhandling endeleg på norsk

I 1817 kunne legen Frederik Holst disputera for den medisinske doktorgraden med ei avhandling om radesjuken. Han var dermed den aller første som tok doktorgrad ved Det Kongelige Frederiks Universitet. Avhandlinga blei skriven på latin, og først no er den omsett til norsk takka vera samarbeidet mellom doktorstudent Anne Kveim Lie og omsetjaren Stig Oppedal.

LETT TILGJENGELEG: - Me trur avhandlinga til Frederik Holst skal vera lett tilgjengeleg også for folk som ikkje er medisinarar, slår doktorstipendiat Anne Kveim Lie og omsetjaren Stig Oppedal fast.
Foto: Martin Toft

Avhandlinga til Frederik Holst (1791-1871) har fått den norske tittelen "Hva er sykdommen som kalles Radesyge, og på hvilken måte kan den utryddes fra Skandinavia?"

- På 1800-talet var radesjuken ein kronisk sjukdom som var like utbreidd som kreft og like myteomspunnen som Aids er i dag. Det var difor ikkje tilfeldig at legen Frederik Holst valde å ha radesjuken som tema for den aller første doktorgraden som tatt ved det nye norske universitetet i Christiania i 1817. Det fortel doktorstudent Anne Kveim Lie, som sjølv er i ferd med å skriva ei doktoravhandlingom radesjuken. Ho ville gjerne bruka avhandlinga til Holst som bakgrunnslitteratur for si eiga avhandling. Problemet var at den var på latin og enno ikkje var omsett til norsk.

- Det var grunnen til at eg bad historikaren og omsetjaren Stig Oppedal om å omsetja heile avhandlinga til norsk. Det sa han straks ja til, fortel ho. Med støtte frå Forum for universitetshistorie, Det medisinske fakultetet, Det medicinske selskap og Stiftelsen nasjonalt medisinsk museum kunne dei to setja i gang med dette arbeidet.

- Krevjande jobb

Stig Oppedal synest det var tøft.
- Det var ein morosam, men svært krevjande jobb. Holst skriv på ein svært diffus måte, med lange setningar som ikkje alltid høyrer heilt saman. Vanlegvis er det mogleg å forstå ein tekst utifrå samanhengen, men det gjaldt ikkje for denne avhandlinga. Her måtte eg omsetja ord for ord, setning for setning, før eg forstod kva teksten handla om. Dei gongene eg var i tvil om dei medisinske omgrepa, fekk eg verdifull hjelp på vegen frå Anne Kveim Lie. Der Holst brukte to forskjellige omgrep for svulstar og knutar, valde me berre å bruka nemninga knutar, fortel han. Begge er godt nøgde med resultatet av arbeidet.

- Me trur avhandlinga skal vera lett tilgjengeleg også for folk som ikkje er medisinarar, slår dei fast.

- Viktig for utviklinga av sjukehusvesenet

- Men vil avhandlinga fortelja noko nytt til dagens medisinske forskarar?

- Nei, ikkje direkte. Men den viser oss kor vanskeleg, for ikkje å seia umogleg, det er å putta notidas diagnosar på fortida. Radesjuken let seg ikkje omsetja til dagens medisinske språk. Medisinsk kunnskap endrar seg gjennom tida, og den er slett ikkje tidlaus og universell. Det blir svært tydeleg når eg les denne avhandlinga, og denne erkjenninga meiner eg det er viktig å ta med seg inn i arbeidet med pasientane. Det kan gjera ein litt meir audmjukt innstilt.

- Som historisk fenomen er radesjuken viktig fordi den fortel om kor stort problem sjukdomen var for det norske samfunnet. Radesjuken er viktig når det gjeld utviklinga av det norske sjukehusvesenet. For første gong blei dei sjuke lagde inn på sjukehus, leidde av legar, som både kunne medisinera og skriva ut pasienten. Det at pasientar blei lagde inn for behandling var heilt nytt. Dei gamle hospitala hadde i stor grad vore reine pleieinstitusjonar, fortel Kveim Lie.

Ho peikar også på korleis radesjuken viser korleis sjukdomskategoriar i stor grad er eit politisk problem.

- Eit døme frå Holsts avhandling er korleis radesjuken tre år etter unionsinngåinga med Sverige, blir omdefinert. Medan radesjuken tidlegare hadde vore definert som ein norsk sjukdom, er Holst allereie på første side svært oppteken av å visa at problemet har minst like stor relevans for svenskane som for nordmennene, slår ho fast.

Hudsjukdom

- Korleis arta sjukdomen seg?

- Frederik Holst meinte det viktigaste kjenneteiknet ved denne sjukdomen var at dei sjuke fekk knutar over heile kroppen og skjel som fall av huda. Mange pasientar blei vansira og blei skildra med bruk av metaforar som "levande åtsel". Nokre av dei som skreiv om sjukdomen, meinte at sjukdomen var venerisk, medan andre var overtydde om at sjukdomen hadde å gjera med dårleg hygiene.

- Atter andre meinte at sjukdomen oppstod fordi nordmenn åt mykje salta fisk som ofte var ròten. I dag ville me nok ha kalla radesjuken for ein hudsjukdom. Mange av legane meinte den gongen at den ikkje var smittsam, men dei blei likevel svært opprørte dersom to pasientar låg i same seng, peikar ho på.

1000 tilfelle i 1822

Holsts avhandling blei lite brukt i ettertida. Arbeidet hans er berre så vidt referert til i den første historiske oversikten som er laga over radesjuken i 1860. Og etter 1860 forsvinn radesjuken som ein sjukdomsdiagnose. Det kan vera at legane hadde funne ut at pasientane hadde andre sjukdomar eller at sjukdomen forsvann av seg sjølv. Men i 1822 var det 1000 pasientar i Noreg som hadde fått diagnosen radesjuke.

- Det viser at det slett ikkje var nokon lite viktig sjukdom Holst hadde tatt føre seg i doktorgradsarbeidet sitt, slår Kveim Lie fast.

Fakta:
- Frederik Holst gir ut den første doktoravhandlinga ved Det Kongelige Frederiks Universitet i 1817
- avhandlinga er på latin, handlar om radesjuken og har tittelen "Morbus, quem Radesyge vocant, qinam sit, quanamque ratione e Scandinavia tollendus?"
- i 2005 fører samarbeidet mellom doktorstipendiat Anne Kveim Lie og omsetjar Stig Oppedal til at avhandlinga blir omsett til norsk og får tittelen "Hva er sykdommen som kalles Radesyge, og på hvilken måte kan den utryddes fra Skandinavia?"
Emneord: Forskning, Feature Av Martin Toft
Publisert 6. feb. 2006 11:24 - Sist endra 10. des. 2008 15:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere