Institutt for helse og samfunn vil ha ein større bit av tildelinga UiO får frå staten

Studia på Institutt for helse og samfunn ved Det medisinske fakultetet bør få meir pengar ved at studium på HF og SV får ein mindre del av potten. Det meiner tidlegare instituttleiar Terje P. Hagen. 

KREV OMPRIORITERING PÅ UIO: – Det handlar det om overføring av ressursar frå mindre relevante studium til relevante studium, argumenterar helseøkonomiprofessor Terje P. Hagen, tidlegare leiar ved Institutt for helse og samfunn ved Det medisinske fakultetet.

Foto: Ola Gamst Sæther

– Det er nødvendig med ei intern overføring av pengar frå studium på HF- og SV-fakulteta til studia på Institutt for helse og samfunn ved Det medisinske fakultetet.

Tidlegare instituttleiar Terje P. Hagen kjem med denne brannfakkelen i eit notat han har forfatta til fakultetsleiinga ved Det medisinske fakultetet. Der viser han mellom anna til korleis det i 2023 var langt færre førstegongssøkjarar på kvar studieplass på HF- og SV-faga enn på faga som ligg under Institutt for helse og samfunn. Unntaka er økonomi og statsvitskap på SV og  honoursstudiet i filosofi, politikk og samfunn på HF.

Hadde 7,3 søkjarar per plass i 2024

Så peikar han på kor høgt dette forholdstalet er på bachelor i helseleiing og helseøkonomi på Institutt for helse og samfunn. I notatet han har skrive, går det fram at dei 40 studieplassane hadde 234 førsteprioritetssøkjarar i fjor. Det utgjer eit forholdstal mellom kvalifiserte førsteprioritetssøkjarar og talet på plassar på 5,6.  I notatet konkluderer han med at dette talet er dobbelt så høgt som gjennomsnittet for BA-programma ved SV-fakultetet og fire gonger så høgt som ved Det humanistiske fakultetet. Ifylgje Terje P. Hagen viser oppdaterte søkjartal frå 2024 at BA-programmet i helseleiing og helseøkonomi hadde endå fleire søkjarar per plass, heile 7,3.

Desse tala vil han no ta med seg til fakultetsleiinga på Det medisinske fakultetet, som kan ta dei med seg vidare oppover til UiO-leiinga. Terje P. Hagen er overtydd om at noko no må skje med fordelinga av studiepengar, også internt på UiO.

 – UiO må ha ei intern omprioritering

– I heile landet skjer det store demografiske endringar.  Derfor har me fått klare signal frå regjeringa om at noko må skje. Då handlar det om overføring av ressursar frå mindre relevante studium til relevante studium. UiO må ha ei intern omprioritering, slår instituttleiar og helseøkonomiprofessor Terje P. Hagen fast overfor Uniforum. 

Når det gjeld dei politiske signala frå regjeringa, viser han til ein uttale frå dåverande forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch, den 15. januar i år. 

Då sa ho at regjeringa forventar at universiteta og høgskulane tar ei tydelegare rolle når det gjeld å dimensjonera og tilpassa studietilbodet til kompetansebehovet i samfunnet. Samtidig understreka ho at regjeringa forventar at universiteta og høgskulane prioriterer rekruttering til lærar-, helse- og sosialfagutdanningane.

Det er denne oppfordringa Terje P. Hagen meiner UiO må ta på alvor både sentralt og på kvar eining. Og derfor fekk han også i oppdrag av fakultetsleiinga å laga eit notat med gjennomgang av alle bachelor- og masterprogramma på Institutt for helse og samfunn.

Målet var å finna ut korleis det vil vera mogleg å fremja kvalitet på utdanningane og finna ut om nokre av dei emna som programma i dag tilbyr, overlappar kvarandre. Der går det også fram at instituttet i dag er i ein økonomisk situasjon som ikkje gjer det mogleg å oppdretthalda dei studieprogramma instituttet har, slik dei er i dag.

Stort behov for kandidatar frå Institutt for helse og samfunn

I notatet skal han også føreslå tiltak for å få betra den overordna strukturen på programma, går det fram av oppdraget han blei gitt av fakultetsleiinga og medisindekan Hanne-Cathrin Flinstad Harbo.

I dag manglar det sjukepleiarar, legar og psykologar i heile landet. Men også kandidatane som Institutt for helse og samfunn utdannar, er det stort behov for. Det gjeld dei som utdannar seg til epidemiologar og helseøkonomar.

– Kandidatane våre har stor analytisk kompetanse og evaluerer mellom anna effekten av ulike medisinar og prosedyrar innan medisinsk forsking. Mange av dei får jobb i farmasøytisk industri, i Statens helsetilsyn, Statens legemiddelverk og på Folkehelseinstituttet. Dei er viktige når staten vurderer å ta i bruk nye medikament mot sjukdomar. Kandidatane i helseøkonomi blir sogne opp med ein gong, fortel han. 

Ynskjer å auka talet på studieplassar frå 40 til 100

Terje P. Hagen trekkjer fram statistikk som peikar på at etterspurnaden etter desse fagpersonane vil auka i åra framover. 

– Derfor ber me om at talet på studieplassar på bachelorstudiet blir auka frå 40 til 100. Sjølv om me har langt fleire søkjarar til kvar plass enn det HF og SV har, får me også dårlegare finansiering. I dag må me betala 20 prosent av studiepengane me får tilbake til UiO sentralt medan HF og SV berre betalar 10 prosent, peikar han på.

Etter hans oppfatning heng det saman med ei feilslutning om at studentane deira går på legestudiet, og derfor har behov for laboratorium og anna utstyr.

– Det stemmer ikkje. Dei brukar akkurat dei same læringsreiskapane som studentar på HF og SV, altså bøker, blyantar, PC-ar , auditorium, bibliotek og lesesalar. Og det betalar også me internhusleige for, understrekar han.

Håpar på omfordeling frå 2025

Det er regjeringa som bestemmer kor mange studieplassar som skal opprettast på ulike fag i forslaget til statsbudsjett.

– Det UiO kan styra er den interne fordelinga mellom fakulteta, som til dømes å overføra meir studiepengar til Institutt for helse og samfunn på MED og mindre til HF og SV, seier han til Uniforum. 

Terje P. Hagen legg ikkje skjul på kva målet deira er.

– Me vil ha ein større bit av den årlege tildelinga UiO får frå staten. Desse pengane kan finansiera bachelorstudiet vårt i helseleiing og helseøkonomi og masterstudia våre i mellom anna tverrfagleg helseforsking, folkehelsevitskap og epidemiologi på Det medisinske fakultetet, seier Terje P. Hagen. 

Då vil det også vera mogleg å få fullfinansiert 80 prosent av studieplassane på både bachelor og master mot 60 prosent i dag.

 – Håpet er at denne omfordelinga kan ta til å gjelda frå 2025, seier han.

No skal notatet han har forfatta sendast til vidare behandling hos fakultetsleiinga på medisin.

– Ser fram til viktige diskusjonar om framtidas studieprogram 

Uniforum har vore i kontakt med dekanane på Det humanistiske fakultetet og Det samfunnsvitskaplege fakultetet for å få synspunkta deira på utspelet frå tidlegare instituttleiar Terje P. Hagen på Institutt for helse og samfunn ved Det medisinske fakultetet. 

GJENNOMGANG:–  Ved SV-fakultetet har me initiert ein gjennomgang av hele programporteføljen vår for å identifisera utviklingsbehov, seier dekan Anne Julie Semb. (Arkivfoto: Ola Gamst Sæther)

SV-dekan Anne Julie Semb viser til at UiO står framfor viktige spørsmål når det gjeld kva studieprogram universitetet bør tilby, korleis dei enkelte studieprogramma bør dimensjonerast, og kva  omsyn som bør reflekterast i UiOs interne fordelingsmodell.

– Både søkjartalet og andre kvalitetsindikatorar varierer ein del mellom ulike studieprogram, både innanfor fakulteta og mellom ulike fakultet. Ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet har me initiert ein gjennomgang av hele programporteføljen vår for å identifisera utviklingsbehov og ser fram til viktige diskusjonar om framtidas studieprogram ved UiO, svarar ho i ein epost til Uniforum.

– UiO skal vera eit forskingsintensivt breiddeuniversitet

HF-dekan Frode Helland legg vekt på utviklinga i søkjartal til faga på HF i 2024.

– Det humanistiske fakultet tar søkjartal og porteføljeutvikling på det største alvor, og faktisk kan me i år registrera positive tall, med vekst i søkjartala, trekkjer han fram.  

Men Frode Helland understrekar også at i diskusjonen om dimensjonering av dei forskjellige delane av UiO må ein sjølvsagt ta omsyn til langt meir enn kun søkjartal  – kvalitet, forskingsstyrke og nasjonalt ansvar blant mykje anna.

– Til dette konkrete utspelet er min kommentar at ein bør ta inn over seg at Universitetet i Oslo er og skal vera et forskingsintensivt breiddeuniversitet – slik sett kan det vera ei grei tilråding å lesa UiOs Strategi: 2030, er svaret Frode Helland kjem med i ein epost til Uniforum.

• Les meir om Det medisinske fakultetet i Uniforum: 

Studiedirektør vil bli fakultetsdirektør

Slaktet ledelsens metode: – Gjør det vanskelig å gjøre jobben som styremedlem

Prosessen har skapt uro - nå ryddes det opp

Millionløyving gjer det mogleg å realisera pandemisenter på UiO

Hanne Flinstad Harbo vann dekanvalet på Det medisinske fakultetet

Dekanduell utan store smell på Det medisinske fakultetet

Dekankandidatane på medisin er ueinige om UiO Campus Sør er etablert på eige initiativ eller på oppdrag utanfrå

Dekankandidat Hanne Flinstad Harbo  skal få fart på Det medisinske fakultet

Jens Petter Berg ønsker på bli dekan på Det medisinske fakultet

Det medisinske fakultetet kan miste 25 millioner til grunnforskning

 

 

 

 

 

 

Emneord: Det medisinske fakultet, Studier, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 7. mai 2024 04:30

Logg inn for å kommentere