Hanne Flinstad Harbo vann dekanvalet på Det medisinske fakultetet

Hanne Flinstad Harbo blir ny dekan på Det medisinske fakultetet.  Ho fekk 53 prosent av stemmene medan motkandidaten Jens Petter Berg fekk 47 prosent. Det er klart etter at valstyret la fram resultatet frå dekanvalet i ettermiddag. Dermed får fakultetet si aller første kvinne i dekanstolen.

Portrett av ei kvinne med briller

VINNAR: Hanne Flinstad Harbo blei vinnaren av dekanvalet på  Det medisinske fakultetet. Ho tar til i toppleiarstillinga på  fakultetet 1. januar 2023. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var onsdag ettermiddag det  blei klart kven som fekk flest stemmer av dei to dekankandidatane Jens Petter Berg og Hanne Flinstad Harbo under valet på Det medisinske fakultetet. Då kunngjorde valstyret på nettsidene til Det medisinske fakultetet at Hanne Flinstad Harbo hadde fått 321 stemmer frå dei tilsette på fakultet (44 prosent) og 458 stemmer frå studentane (80 prosent).  Jens Petter Berg hadde fått 408 stemmer frå dei tilsette ved fakultetet (56 prosent) og 105  stemmer frå studentane (19 prosent).

Hanne-Cathrin Flinstad Harbo (fødd i 1963), og blei cand.med. ved UiO i 1988.

Bakgrunn: Avdelingsleiar og professor ved Nevrologisk avdeling ved Oslo universitetssykehus sidan 2018. Der har ho arbeidd som overlege og forskar sidan 2003. Har tidlegare vore nestleiar og stedfortredar for instituttleiar ved Institutt for klinisk medisin.

Ho er medlem i priskomité for UiOs priser for forsking, utdanning, formidling og innovasjon.

Frå 2015-2018 var ho styreleiar for Hjernerådet.  

Team:

Jan G. Bjålie, prodekankandidat for forsking og innovasjon. Har tidlegare vore instituttleiar ved Institutt for basalmedisin

Magnus Løberg, prodekankandidat for undervisning ved Institutt for helse og samfunn. Han er førsteamanuensis og undervisningsleiar ved Det medisinske fakultetet.

Grete Dyb, visedekan for forsking og forskarutdanning (50 %), professor II ved Institutt for klinisk medisin

Eli Feiring, visedekan for bachelor- og masterstudium, (50 %) professor ved Institutt for helse og samfunn.

(Kjelder: Uniforum, UiO og OUS)

 

Hanne Flinstad Harbo (59) blir dermed den første kvinna som blir dekan ved Det medisinske fakultetet på  Universitetet i Oslo. Dette var også den første gongen på tolv år det var eit reelt val mellom to kandidatar under dekanvalet på Det medisinske fakultetet.

– Eg ser fram til å samarbeida med alle i tida som kjem, seier valvinnaren i ein kommentar på nettsidene til Det medisinske fakultetet.  Ho takkar også teamet sitt for godt samarbeid og for alle som har kome med gode innspel. 

Valoppslutnaden var på 50  prosent blant dei tilsette, der 736 av dei 1456 med røysterett hadde stemt.  I tillegg stemte 577 studentar, noko som vil seia at det var ein valoppslutnad på 26 prosent blant studentane, i fylgje tala frå valstyret ved Det medisinske fakultetet.   

Den nye dekanen vil overta etter sitjande dekan Ivar P. Gladhaug frå nyttår. 

• Les meir om dekanvalet på Det medisinske fakultetet i Uniforum: 

DEBATT: Grunn til alvorlig bekymring på Det medisinske fakultet

Skuffa over for dårleg informasjon om dekanvalet til stipendiatar

Dekanduell utan store smell på Det medisinske fakultetet

Dekankandidatane på medisin er ueinige om UIO Campus Sør er etablert på eige initiativ eller på oppdrag utanfrå

Dekankandidat Hanne Flinstad Harbo  skal få fart på Det medisinske fakultet

Jens Petter Berg ønsker på bli dekan på Det medisinske fakultet

 

Emneord: Dekanvalg, Medisin Av Martin Toft
Publisert 14. sep. 2022 17:25 - Sist endra 15. sep. 2022 10:47

Gratulerer til Hanne Harbo og hennes lag. Det er fint at vi endelig får en kvinnelig dekan. Det aller viktigste er om fakultetet nå endelig klarer å gjøre noe vesentlig for å løse de langvarige og alvorlige problemene som vi har diskutert nylig.

Jeg vil fortsatt gjøre mitt beste for å bidra positivt, kritisk og konstruktivt (som jo egentlig er ulike sider av det samme; det vet vi jo godt fra vitenskaplig forskning). Og jeg ser frem til å fortsette dialogen med både Hanne og Jens Petter; og gode folk i begge lag, og de mange gode krefter som finnes. Alt i alt er det jo mange gode krefter i vårt fakultet, og også god hjelp å få utenfra, og svært store muligheter for forbedring.

Hilsen Johan

jstorm@uio.no - 14. sep. 2022 18:51
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere