Dekankandidatane på medisin er ueinige om UiO Campus Sør er etablert på eige initiativ eller på oppdrag utanfrå

– Me meiner at ein må vera mykje meir synleg både som dekanat og som fakultet, seier dekankandidat Hanne Flinstad Harbo. – UiO Campus Sør, trekkjer dekankandidat og sitjande forskingsdekan Jens Petter Berg fram som det han er mest stolt over å ha vore med og gjennomført.

Bilete av ei kvinne og ein mann som har ein verbal duell

VIL BLI MEDISINDEKAN: Hanne Flinstad Harbo og Jens Petter Berg vil begge bli ny dekan på Det medisinske fakultetet. Her møter dei kvarandre i ein valduell i regi av Uniforum. Den 14. september blir valresultatet klart. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Førstkomande måndag er det offisielt valmøte med dei to dekankandidatane Jens Petter Berg og Hanne Flinstad Harbo på Det medisinske fakultetet. For første gong på 12 år er det eit val mellom to kandidatar på fakultetet. 

Dekankandidatar på Det medisinske fakultetet: 

Hanne-Cathrin Flinstad Harbo (fødd i 1963), og blei cand.med. ved UiO i 1988.

Bakgrunn: Avdelingsleiar og professor ved Nevrologisk avdeling ved Oslo universitetssykehus sidan 2018. Der har ho arbeidd som overlege og forskar sidan 2003. Har tidlegare vore nestleiar og stedfortredar for instituttleiar ved Institutt for klinisk medisin.

Ho er medlem i priskomité for UiOs priser for forsking, utdanning, formidling og innovasjon.

Frå 2015-2018 var ho styreleiar for Hjernerådet.  

Team:

Jan G. Bjålie, prodekankandidat for forsking og innovasjon. Har tidlegare vore instituttleiar ved Institutt for basalmedisin

Magnus Løberg, prodekankandidat for undervisning ved Institutt for helse og samfunn. Han er førsteamanuensis og undervisningsleiar ved Det medisinske fakultetet.

Gerd Dyb, visedekan for forsking og forskarutdanning (50 %), professor II ved Institutt for klinisk medisin

Eli Feiring, visedekan for bachelor- og masterstudium, (50 %) professor ved Institutt for helse og samfunn.

Jens Petter Berg: (fødd 1960), cand.med. frå UiO frå 1986

Bakgrunn: Prodekan for forsking ved Det medisinske fakultetet frå 2018, og professor ved Institutt for klinisk medisin sidan 2007. Vore forskingsleiar og avdelingsleiar ved Avdeling for medisinsk biokjemi, og styreleiar for Norsk senter for molekylærmedisin.

Team:

Elin Olaug Rosvold, prodekankandidat for medisinstudiet, professor ved Institutt for helse og samfunn

Tom Hemming Karlsen, prodekandidat for forsking og innovasjon, professor ved Institutt for klinisk medisin

Stine Marie Ulven, visedekankandidat for bachelor- og masterstudia, professor ved Institutt for medisinske basalfag

Eivind Engebretsen, visedekankandidat for forskarutdanning og internasjonalisering, professor ved Institutt for helse og samfunn

Dekanvalet på Det medisinske fakultetet:

Valallmøte 5. september kl. 14.00-16.00 i Store audidorium, Rikshospitalet

Valet blir frå 7. september 2022 kl. 8.00 til 14. september 2022 kl.12.00.

Valresultatet blir kunngjort den same dagen som valet blir avslutta.

Den nyvalde dekanen blir vald for fire år og begynnar 1. januar 2023.

(Kjelder: Valstyret, MED, Uniforum, UiO og Wikipedia)

Uniforum har invitert dei to kandidatane til ein dekankandidatduell for at dei skal få høve til å fortelja kva dei ynskjer å endra om dei blir valde og om kva dei synest går bra på Det medisinske fakultetet. Me møter dei i eit møterom i det nyaste tilbygget til Domus Medica på Gaustad.

– Kvifor stiller du til val som ny dekan, medisinprofessor Hanne Flinstad Harbo?

– Eg vil begynna med å seia at eg tok på meg denne utfordringa med å stilla til val fordi eg synest det er viktig med eit reelt val. Eg har vore professor på Institutt for klinisk medisin i 12 år, og det er 12 år sidan det sist var ein reell dekanvalkamp på fakultetet. Den fekk ikkje eg med meg, men eg tenkjer at det er veldig viktig at fleire team stiller.

– Det andre er at eg har svært mykje erfaring både frå sjukehus- og universitetssystemet, både som forskar, undervisar, eit internasjonalt forskingsnettverkt , verv på UiO, verv nasjonalt og internasjonalt. Eg tenkjer at den breie og heilt ferske erfaringa som medarbeidar på Det medisinske fakultetet, den vil eg ta med meg opp i leiinga av fakultetet, understrekar ho.

Berg: – Me skal etablera tematiske læringsfellesskap

– Og kvifor vil du heller at folk skal stemma på deg, dekankandidat og sitjande forskingsdekan Jens Petter Berg?

– Eg synest me har eit program som tar fakultetet vidare. Me har vore stengde ned i eit par år av denne fireårsperioden eg har vore forskingsdekan. Det har ført til at mange av dei reformene me ville gjennomføra, er blitt sette på vent.

No ynskjer me å bruka dei eksisterande verktøya som me har, pluss at me skal leggja til nokre nye. Me skal etablera tematiske læringsfellesskap. Dei skal fungera som møtearenaer på tvers av institutta og avdelingane, med personar som har interesse for basal forsking, translasjonsforsking og samfunnsmedisin, og som kan møtast der og diskutera felles interesser og oppgåver innanfor til dømes hjartesjukdom. Og me er allereie godt i gang med å etablera eit slikt initiativ, fortel han.

– Med dei verktøya trur eg me vil få til ein større interaksjon mellom medarbeidarar på alle nivå på fakultetet og også mellom ulike institutt, peikar han på.

– Min personlege interesse for å gå inn i ein slik valkamp, går på det at eg ynskjer å utgjera ein skilnad for fakultetet framover, for studentane, for dei tilsette, og ikkje minst for det å kunna jobba i eit team med svært kompetente medarbeidarar i eit dekanat for å utvikla fakultetet, slår han fast.

SATSING: Eg kan også lova at me skal fremja global helse som ei satsing for UiO, seier dekankandidat Jens Petter Berg på Det medisinske fakultetet (Ola Gamst Sæther) 

– Kva er den viktigaste lovnaden du vil koma med til veljarane på fakultetet, Berg?

– Me skal lytta til studentane og involvera dei slik at fakultetet legg best mogleg til rette for læring. Eg kan også lova at me skal fremja global helse som ei satsing for UiO.

– Og kva blir den viktigaste lovnaden frå deg Flinstad Harbo?

– Det at me kjem til å jobba på ein heilt annan måte enn det som har vore tilfellet gjennom dei siste dekanata. Me har gjort ein veldig grundig analyse av dei to valplattformene for å samanlikna dei. Eg har jo ikkje visst kva som stod i Bergs plattform i sin fulle heilskap før inntil for ei veke sidan. Han har publisert ein tidlegare versjon, som eg ser er ganske mykje oppdatert og kanskje retta litt meir inn mot nokre av dei signala som me har sendt, svarar ho, før ho held fram.

– Det viktigaste grepet vårt er at me vil bruka heilt tydelege verktøy når det gjeld korleis me skal jobba. Me meiner at ein må vera mykje meir synleg både som dekanat og som fakultet.  For det andre må me involvera og samarbeida med alle desse veldig flinke folka som me har på Det medisinske fakultetet, for dernest å koma til avgjerder som kan gjennomførast og seinare evaluerast.  

– Når me samanliknar Bergs program med vårt program,  så er me einige om veldig mykje. I Noreg er me som regel einige om mange grunnprinsipp. Slik trur eg det er også inne på Det medisinske fakultetet. Berg vel å bruka fleire detaljar og bruka fleire ord, men eigentleg gir plattformene våre uttrykk for mykje av det same. Til dømes når Berg og teamet hans snakkar om dei kliniske akademiske gruppene (KAG) er det veldig likt det som er poenget vårt, at me bør ha større konvergens, større samhandling, storre samarbeid på tvers av seksjonar, einingar og institutt. Det er sånne tydelege grep som me vil fokusera på, lovar ho.

– Er du einig med henne i dette, Berg?

– Det er mykje me er einige om. Eg meiner teamet vårt  mellom anna har breiare samansett kompetanse, meir erfaring frå arbeid ved fakultetet  og god organisasjonsforståing til å gjennomføra endringar. Personar i teamet har vore sentralt plasserte i dei viktigaste verktøya fakultetet har for å få til dei endringane me vil gjera. Det gjeld senteret vårt for framifrå utdanning (Senter for berekraft i helseutdanninga). Me skal bruka det til å fremja berekraft  i både forskinga og utdanninga på fakultetet, lovar han. Så trekkjer han inn eit anna prosjekt fakultetet er tungt inne i.

– Me held på med å etablera  UiO Campus Sør som er det første desentraliserte campuset som UiO har. Det vil bli ein viktig læringsarena for utviklinga av delar av  medisinstudiet framover. Me kan trekkja mange lærdommar av det som skjer på Sørlandet sjukehus og av samarbeidspartnarane våre der,  og bruka det internt for å finna ut korleis det skal sjå ut på OUS og Ahus. Det vil gi inspirasjon som skal brukast på heile fakultetet. I teamet har me kunnskapen om etableringane og prosessane allereie og er klare til å bruka den. Det er ein stor skilnad mellom teama våre, meiner Berg.

Harbo: – Eg vil sterkt imøtegå at det er mykje meir kompetanse og erfaring i Bergs team enn i mitt

Det vil ikkje Hanne Flinstad Harbo lata stå  uimotsagt.

ANNAN MÅTE: – Me kjem til å jobba på ein heilt annan måte enn det som har vore tilfellet gjennom dei siste dekanata, varslar dekankandidat Hanne Flinstad Harbo. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Eg vil sterkt imøtegå at det er mykje meir kompetanse og erfaring i Bergs team enn i mitt.  Eg har lagt stor vekt på å byggja eit team med masse erfaring frå forskjellige roller. Og me har ei tydeleg forankring i dei tre store institutta; Institutt for klinisk medisin, som både eg  og visedekan for forsking og forskarutdanning Grete Dyb representerer.  Jan G. Bjaalie som er prodekan for forsking og innovasjon, er professor ved  Institutt for basalmedisin, og Magnus Løberg som er prodekan for studiar, er førsteamanuensis, medan Eli Feiring som er visedekan for master- og bachelortudium, er professor ved Instittutt for helse og samfunn, listar ho opp.

– Me meiner at det å koma inn med eit litt friskt blikk på det som er gjort dei siste fire åra, er veldig sunt. Erfaringa mi er i alle fall den at slike leiarskifte kan føra til mykje godt her, og at det kan me bidra med, er Hanne Flinstad Harbo overtydd om.

Jens Petter Berg deler synspunktet om at eit team bør ha med personar frå forskjellige delar av fakultetet.

 – Dei bør reflektera dei ulike utdanningane og forskinga som går føre seg på fakultetet. Då har eg inkludert meg sjølv som er laboratoriemedisinar,  og eg har med meg ein indremedisinar og ein allmennmedisinar i tillegg til ein ernæringsfysiolog og ein med bakgrunn frå humaniora. Fakultetet  har mange problemstillingar som grensar inn mot dei humanistiske faga, For meg er det  viktig og ein tryggleik i å ha den kompetansen i teamet, tykkjer han .

– Berg, du har sete i dekanatet i fire år, og kva av dei avgjerdene de har tatt, er du mest nøgd med?

– Me har etablert UiO campus sør, som har vore ein svær prosess og det første desentraliserte campus for UiO. Senter for berekraft i utdanninga er det første senter for berekraftig utdanning innanfor helsefag. Det blei etablert av dette dekanatet.  Eg vil også peika på veksthuset for livsvitskap som er eit innovasjonsverktøy, og det er første gong ei eining er  blitt etablert som eit direkte samarbeid mellom to fakultet (MatNat og MED)  på UiO, understrekar han.

 

STOLTE: – Me er svært stolte av at me har klart å oppretthalda den kliniske delen av medisinutdanninga utan at nokon pasientar blei smitta av studentar, seier dekankandidat Jens Petter Berg. – Og  me har jobba mykje med å integrera undervisning og forskinga i ein ny  kvardag, seier motkandidaten Hanne Flinstad Harbo. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

Hanne Flinstad Harbo ivrar på å kommentera det Jens Petter Berg seier.

– Eg vil seia at dette er eit veldig bra arbeid.  Me støttar absolutt det. Eit dekanat må absolutt gjennomføra noko i sin periode.  Me kan seia at pandemien trefte fakultetet, men det gjorde den jammen meg i resten av Noreg også. I alle fall i mi verd, har me fått til veldig mykje trass i pandemi. Det synest eg er rimeleg og rett. Og det med Campus sør er jo eit oppdrag som kjem ovanfrå og som er pliktig til å bli gjennomført, og det er veldig bra. 

– Men det kjem ikkje ovanfrå, repliserer Jens Petter Berg.

– Det er i alle fall nasjonale føringar om at ein skal desentralisera undervisninga, og at denne er etablert som ein slags pilot. Det er bra jobba av dette dekanatet,  er skussmålet frå Hanne Flinstad-Harbo. 

Jens Petter Berg vil ikkje avdramatisera påverknaden pandemien har hatt.

– Det er ingen tvil om at den har sett stort preg på jobben vår i dekanatet. Me er svært stolte av at me har klart å oppretthalda den kliniske delen av medisinutdanninga utan at nokon pasientar blei smitta av studentar. Det kravde veldig mange tiltak, enorm innsats frå alt personalet på fakultetet til å snu seg om og vri all undervisning om til digitalt format.  Innanfor forskinga har me hatt 300 digitale disputasar i perioden, mykje meir enn noko anna fakultet i Noreg. Det har vore ein kjempeinnsats blant tilsette og studentar til å leggja om og tilpassa seg ein digital kvardag. Under pandemien kunne me ikkje kjøra  reformer på andre ting for å sikra at me kunne levera på hovudmåla innanfor utdanning og forsking, trekkjer han fram.

Harbo: – Me vil prøva å  forhindra desse laga som studentar og tilsette ofte kan oppleva mellom dei forskjellige administrative nivåa

Det er heller ikkje Hanne Flinstad Harbo ueinig med han i.

– Eg har opplevd dette frå min posisjon som avdelingsleiar og  professor på Nevrologisk avdeling ved Oslo universitetssykehus. Og  me har jobba mykje med å integrera undervisning og forskinga i ein ny  kvardag.  Dette var ein svær jobb frå alle tilsette på fakultetet, det er det ingen tvil om og ære vera dei for det.  Samtidig må ein også arbeida med strategiar,  slår ho fast.

Så  insisterer Hanne Flinstad Harbo på å få koma nærare inn på korleis hennar team skal jobba, om dei vinn dekanvalet.  

– Me ynskjer å utvikla nye møteplassar, nettopp for å koma i mykje tettare dialog med tilsette og studentar. Me vil prøva å  forhindra desse laga som studentar og tilsette ofte kan oppleva mellom dei forskjellige administrative nivåa.  Folk skal vita kven dekanen og forskings- og undervisningsdekanane er. 

Eit anna punkt er få til eit endå tettare samarbeid internt mellom fakultetet og institutta. Og så er det det som handlar om stadig å forbetre organisatoriske og administrative løysingar som er kjempeviktig for alle som jobbar ved fakultetet,  meiner ho.

Flinstad Harbo vil også ta med nokre tankar om undervisning.

– Me vil styrkja insentiv til god undervisning ved å gi tydelege tilbakemeldingar både til undervisarane og til studentane våre. Me ynskjer at undervisninga skal vera fagnær. Det vil seia at dei som driv med undervisninga, skal vera mykje meir sentrale i å utvikla den nye, gode  undervisninga slik at me oppfyller både faglege krav og samfunnet sine krav. Studentane skal ha eit trygt og godt læringsmiljø og at dei føler seg vel ivaretatt om dei til dømes har psykiske utfordringar. Derfor ynskjer me å ha ei endå tydelegare oppfylging av lærarar og rettleiarar på eit individuelt plan, lovar ho.

Berg: –  I tillegg vil me satsa på global helse. Me har ambisjonar om å lyfta det opp til eit  satsingsområde for Universitetet i Oslo

– Kva tykkjer du om desse vallovnadene, Berg?

– Det er noko eg sjølvsagt ikkje kan vera ueinig i. I tillegg vil me satsa på global helse. Me har ambisjonar om å lyfta det opp til eit  satsingsområde for Universitetet i Oslo. Det er på tide no, spesielt gjennom det engasjementet UiO viser gjennom Circle U, der helse er ein av dei fire pilarane i samarbeidet. Det vil føra både til studentutveksling og til lærarutveksling slik at kan læra av miljøa til kvarandre.  

Å få til studenthospitering med land i sør, er også eit viktig mål. Det  vil skapa nyfikne og viktig lærdom om korleis helsevesenet er bygd opp og fungerer på stader der dei har mindre ressursar enn hos oss. 

– Berg, du sit i dekanatet no som forskingsdekan, og det gjorde du også i 2020 då 300 studentar skreiv under på eit krav om betre tilbakemeldingar frå undervisarane til studentane og om å få større påverknad på eiga utdanning og om at de måtte gjera noko med einsemd blant studentar. Har de fått ordna opp i dette no?

– Det blei etablert eit prosjekt, Kvalitetsløftet Oslo 2014, for å gå gjennom studieplanen for medisin. I prosjektet var det fem arbeidsgrupper som har kome med tilrådingar. No skal me gjennomføra  tilrådingane som mellom anna er å gi betre og meir systematiske tilbakemeldingar, bruk av formative vurderingar, vidareutvikling av  e-læringsressursar, betre koordinering av undervisninga og utvikling av teamarbeid og samarbeidskompetanse, seier han.

Harbo: – Derfor vil me utvikla eit vegkart for å finna fram til finansiørar utanfor dei tradisjonelle  linjene

For Hanne Flinstad Harbo er det også viktig å sjå på vidare utvikling av forskinga på fakultetet.

– Me vil gjerne gjera noko med forskarutdanninga gjennom at den eine visedekanen vår Grethe Dyb, har ansvaret for dette. Me vil effektivisera sakshandsaminga, forbetra kurstilboda og sikra betre individuell oppfylging og ikkje minst karriererettleiing frå dei kjem inn i programma våre til dei er ferdige og skal ut i arbeidslivet. Med den situasjonen Forskingsrådet er i no, må me også jobba knallhardt for å finna nye måtar å finansiera forskinga på. Derfor vil me utvikla eit vegkart for å finna fram til finansiørar utanfor dei tradisjonelle  linjene.

– Alle desse elementa er med i eit kvalitetssystem som me allereie har,  opplyser Berg til Flinstad Harbo.

Berg: – Eg vil hevda at det er formålstenleg at lokale saker i stor grad vert handsama lokalt av institutta og avdelingane

– Mange på fakultetet meiner at nokre instituttstyre tar seg til rette og tar avgjerder som er i strid med synspunkta til dei tilsette. Kva ynskjer de å gjera me dette, Berg?

– I programmet vårt står det klart at me vil vidareføra ansvarsfordelinga mellom fakultetet og institutta. Institutta ved Det medisinske fakultetet har ganske stor grad av autonomi.  Det heng også saman med at me har valde instituttleiarar som også skal ha fridom til å  gjennomføra eigne program. Eg vil hevda at det er formålstenleg at lokale saker i stor grad vert handsama lokalt av institutta og avdelingane. Ved eventuelle konfliktar skal fakultetet fylgja med på og involverast i samsvar med retningslinjene til UiO. Legitime lokale avgjerder skal respekterast, sjølv om det kan vera usemje om dei, seier Berg. 

HÅPAR PÅ INTERESSE: Både dekankandidat Hanne Flinstad Harbo og dekankandidat Jens Petter Berg håpar på at veljarane er interesserte i dekanvalet og stiller opp på valmøtet måndag 5. september.  (Foto: Ola Gamst Sæther) 

 

Motkandidat Flinstad Harbo er einig i denne politikken. 

– Det er ikkje tida for å gjera store omorganiseringar på det feltet. Men me høyrer at det er behov for eit tettare leiarsamarbeid mellom fakultetet og instituttleiingane, poengterer ho.

– De har hatt nokre informasjonsmøte der det har vore liten oppslutnad. Kva vil de gjera for at auditoriet blir heilt fullt under det offisielle valmøtet på måndag?

– Me nyttar oss av sosiale media og eigne appellar til studentane. Elles har kommunikasjonsavdelinga ved fakultetet hand om det offisielle valmøtet. Me håpar på at det er interesse for at valet har noko å seia,  seier Jens Petter Berg.

– Det har ikkje vore så dårleg deltaking, heller litt varierande, meiner Flinstad Harbo.

– Det er eit engasjement rundt valet, men alle veljarane er svært travle av seg. Det er vanskeleg for dei å finna plass. Eg lurer litt på om dei klarer å koma seg frå sjukehusa til Rikshospitalet midt i arbeidstida, seier Hanne Flinstad Harbo.

• Les meir om dekanvalet på Det medisinske fakultetet i Uniforum: 

Dekankandidat Hanne Flinstad Harbo  skal få fart på Det medisinske fakultet

Jens Petter Berg ønsker på bli dekan på Det medisinske fakultet

Emneord: Dekanvalg, Medisin Av Martin Toft
Publisert 2. sep. 2022 17:19 - Sist endra 12. sep. 2022 10:59
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere