Dekanduell utan store smell på Det medisinske fakultetet

Dekankandidatane Hanne Flinstad Harbo og Jens Petter Berg var einige om mykje då dei møtte kvarandre i den offisielle valduellen på Rikshospitalet måndag ettermiddag.  Men når det gjeld faren for at bygginga av livsvitskapsbygget kan gå utover andre faglege aktivetar på fakultetet, viste dei teikn til usemje. 

Tre menn og to kvinner i eit auditorium

REKKJEFYLGJE: Møteleiar og leiar for valkomiteen på Det medisinske fakultetet, Terje P. Hagen ber dekankandidatane Hanne Flinstad Harbo og Jens Petter Berg trekkja for å avgjera kven som får sleppa først til med presentasjonen av valprogrammet sitt. I bakgrunnen står visedekankandidatane Magnus Løberg og Grete Dyb på Harbos dekanlag. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Rundt  50 personar dukka opp fysisk og 110 digitalt då valkomiteen ved Det medisinske fakultetet inviterte til allmøte med dei to dekankandidatane Hanne Flinstad Harbo og Jens Petter Berg måndag ettermiddag.  Medan Jens Petter Berg i dag er forskingsdekan for avtroppande dekan Ivar Prydz Gladhaug, er Hanne Flinstad Harbo i dag avdelingsleiar og professor på Nevrologisk avdeling ved Oslo universitetssykehus.

Det vart tidlegare i år klart at det ville bli eit reelt val mellom to kandidatar under dekanvalet på Det medisinske fakultetet, for første gong på tolv år.

Dekankandidatar på Det medisinske fakultetet: 

Hanne-Cathrin Flinstad Harbo (fødd i 1963), og blei cand.med. ved UiO i 1988.

Bakgrunn: Avdelingsleiar og professor ved Nevrologisk avdeling ved Oslo universitetssykehus sidan 2018. Der har ho arbeidd som overlege og forskar sidan 2003. Har tidlegare vore nestleiar og stedfortredar for instituttleiar ved Institutt for klinisk medisin.

Ho er medlem i priskomité for UiOs priser for forsking, utdanning, formidling og innovasjon.

Frå 2015-2018 var ho styreleiar for Hjernerådet.  

Team:

Jan G. Bjålie, prodekankandidat for forsking og innovasjon. Har tidlegare vore instituttleiar ved Institutt for basalmedisin

Magnus Løberg, prodekankandidat for undervisning ved Institutt for helse og samfunn. Han er førsteamanuensis og undervisningsleiar ved Det medisinske fakultetet.

Grete Dyb, visedekan for forsking og forskarutdanning (50 %), professor II ved Institutt for klinisk medisin

Eli Feiring, visedekan for bachelor- og masterstudium, (50 %) professor ved Institutt for helse og samfunn.

Jens Petter Berg: (fødd 1960), cand.med. frå UiO frå 1986

Bakgrunn: Prodekan for forsking ved Det medisinske fakultetet frå 2018, og professor ved Institutt for klinisk medisin sidan 2007. Vore forskingsleiar og avdelingsleiar ved Avdeling for medisinsk biokjemi, og styreleiar for Norsk senter for molekylærmedisin.

Team:

Elin Olaug Rosvold, prodekankandidat for medisinstudiet, professor ved Institutt for helse og samfunn

Tom Hemming Karlsen, prodekandidat for forsking og innovasjon, professor ved Institutt for klinisk medisin

Stine Marie Ulven, visedekankandidat for bachelor- og masterstudia, professor ved Institutt for medisinske basalfag

Eivind Engebretsen, visedekankandidat for forskarutdanning og internasjonalisering, professor ved Institutt for helse og samfunn

Dekanvalet på Det medisinske fakultetet:

Valet blir frå 7. september 2022 kl. 8.00 til 14. september 2022 kl.12.00.

Valresultatet blir kunngjort den same dagen som valet blir avslutta.

Den nyvalde dekanen blir vald for fire år og begynnar 1. januar 2023.

(Kjelder: Valstyret, MED, Uniforum, UiO og Wikipedia)

• Les meir i Uniforum:

Dekankandidat Hanne Flinstad Harbo  skal få fart på Det medisinske fakultet

Jens Petter Berg ønsker på bli dekan på Det medisinske fakultet

Etter ein lang runde med presentasjon av kandidatane og alle i teama deira, skulle dei  to dekankandidatane svara på innsende spørsmål og spørsmål frå salen.  Dei handla om alt frå karrierebygging til festekulturen på medisinstudiet og arbeidsmiljøet på institutta, Og dei kom også inn på korleis livsvitskapsbygget eventuelt kunne verka inn på økonomien til Det medisinske fakultetet. 

Leiaren for valkomiteen på Det medisinske fakultetet Terje P. Hagen leia møtet, og sørgde for at begge teama måtte svara på innsende spørsmål og spørsmål frå salen.

– Superviktig med tett rettleiing

Først måtte dei svara på kva planar dei har for doktorstipendiatar, postdoktorar og andre forskarar. 

Dekankandidat Hanne Flinstad Harbo var raskt ute med å svara.

– Her må eg seia at eg har førstehandserfaring. Det eg opplever er at det er god rekruttering til ph.d., postdoktorar og andre forskarar på Det medisinske fakultetet. Der det er litt uttynning, er for dei som siktar seg inn mot å bli toppforskarar.

Eg trur det er superviktig med tett rettleiing og karriererettleiing spesielt overfor kvinner på det punktet der det er eit slags knekkpunkt i karrieren om ein går vidare på forsking eller ikkje. Så er det viktig for leiarar på alle nivå å lyfta fram desse. Sjølv om me har ein offisiell kjønnsbalansepolitikk, er det ikkje alltid den har så stor effekt. Det ser me tala sin tale gjennom dei seinare åra. Der trur eg også me har ein jobb å gjera, svara Hanne Flinstad Harbo.

– Me vil oppretta intergenerasjonelle mentorordningar

På dette spørsmålet hadde motkandidat Jens Petter Berg delegert visdekankandidat for forskarutdanning og internasjonalisering, Eivind Engebretsen til å svara.

– Eg er einig i at dette er eit viktig område. Og det er også sentralt for oss gjennom satsinga vår på karriereutviklingsprogrammet. Det er framleis unikt i nasjonal samanheng. Fokus på kjønn og kjønnsbalanse har vore eit element som har lege til grunn for mentorordninga vår. Me ynskjer å gjera meir, varsla Engebretsen.

– Derfor ynskjer me å organisera spesielle grupper for kvinnelege førsteamanuensar i opprykksfasen. Eg trur dei har behov for å diskutera, samla seg og jobba med søknadane til kvarandre. Me ynskjer å supplera eksisterande ordningar som me har, med karriereplanar og karrieresamtalar for kvinner i opprykksfasen. Det er forferdeleg viktig å bli sett av leiarane sine og bli fylgde opp når tida nærmar seg, understreka han, før han kom inn på eit nytt forslag. 

– Me vil oppretta intergenerasjonelle mentorordningar der postdoktorar mentorerar ph.d.-studentar medan eldre forskarar mentorerar postdoktorar. På den måten kan ein få overføring av erfaring på tvers av nivå. Og så har me også ein plan om å etablera eit likestillings- og mangfaldsutval, svara Eivind Engebretsen på vegner av dekanteamet til Jens Petter Berg.

– Me vil kjempa for medisinsk forsking

Dei to dekankandidatane måtte også svara på korleis dei ville handtera moglege innstrammingar i budsjettet til Det medisinske fakultetet, som ein konsekvens av regjeringa sine signal om kutt i offentlege budsjett, noko som Forskingsrådet har merka. 

Tom Hemming Karslen er prodekankandidat for forsking og innovasjon for Jens Petter Berg, og blei tildelt oppdraget med å svara. 

– Ein har eit ansvar som politisk aktør både oppover i universitetssystemet og utanfor. Me vil kjempa for medisinsk forsking og for plassen til medisinsk forsking, og fakultetet kan vera ein samfunnsaktør på dette området. Og så er me gode på EU. Men også der blir forskinga utfordra. No får me også veksthuset (for livsvitskap/red.merknad) som blir ein viktig reiskap for samarbeid mellom offentlege og private aktørar,  trudde Tom Hemming Karlsen.

– Det overordna er å jobba knallhardt

Dekankandidat Hanne Flinstad Harbo valde å svara på dette spørsmålet sjølv.

HANNE FLINSTAD HARBOS TEAM: Frå venstre visedekankandidatane Eli Feiring og Magnus Løberg, prodekankandidat for studiar, Grete  Dyb, prodekankandidat for forsking og innovasjon, Jan G. Bjåie og dekankandidat Hanne Flinstad Harbo. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Dette er eit av dei punkta me heilt openbert er einige om. Det overordna er nettopp å jobba knallhardt i den situasjonen me er i no, til dømes med Forskingsrådet, at me må prøva å gjera det tydeleg for forskarane kva som er alternative finansieringsmoglegheiter og gi dei tett rettleiing om det, sa ho, før ho overlet resten av svaret til prodekankandidaten for forsking og innovasjon, Jan G. Bjålie.

– Det gjeld å fylgja med på kva Forskingsrådet no gjer og kva regjeringa gjer. Me må finna ut om dette er ei mellombels investering som jamnar seg ut, eller om det er noko meir på gang. Om ein lyttar til kva statssekretæren seier på arenaer der eg har vore i det siste, så er det absolutt mogleg å stikka kilar inn.

Eg tenkjer at Det medisinske fakultetet ved UiO har openbert ein plass i å påverka dette, også på den europeiske sida. Me vil koma på bana og jobba saman med dei som vil koma og allereie er på bana for å påverka dette biletet, lova Bjålie.

– Me skal bruka veksthuset

Og dekankandidat Jens Petter Berg kunne også garantera at dei ville jobba for dette, om dei får sjansen til det.

JENS PETTER BERGS TEAM: F.v. visedekankandidatane Eivind Engebretsen og Stine Marie Ulven, prodekandidat for medisinutdanninga, Elin Olaug Roksvold, prodekankandidat for forsking og innovasjon Tom Hemming Berger og dekankandidat Jens Petter Berg. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Me skal jobba saman for å påverka gjennom universitetsalliansar som til dømes The Guild, som har ei svært aktiv helsedekangruppe som eg har deltatt i heile tida. Den jobbar aktivt opp mot politikarane og påverkar med tanke på pengar til helseforsking. Me har nettopp fått eit svært prosjekt leia av Anne Moen, og det er eit resultat av eit langsiktig arbeid for å få meir innovasjon til fakultetet gjennom Innovative Medicine Initiative. Me skal bruka veksthuset for å styrkja forskarane våre sin moglegheit til å få pengar gjennom prosjekt som også har innovasjonsaspektet i seg, slo han fast.

– Det trengst nye bygg

I Oslo har det vore tøffe diskusjonar om planane til framtidig utbygging av Oslo universitetssykehus, med planlagde nybygg på Rikshospitalet og på Aker, og mogleg nedlegging av Ullevål sjukehus, og sal  av arealet for å kunna finansiera dei nye sjukehusbygga. Og under måndagens debatt måtte dekankandidatane også svara på kva planar dei har for Nye OUS.

Hanne Flinstad Harbo kom først på bana med å svara på det spørsmålet.

– Det som er heilt klart, og som eg trur både universitetet og sjukehuset er einige om, er at det trengst nye bygg. Når det gjeld kva me som fakultet skal meina om det, så tenkjer eg at me må halda oss til det som er rolla vår, og det er å passa på at det er utmerka, innovative og gode forhold for forsking og undervisning i det nye sjukehuset.

Det har vore litt av eit arbeid for våre folk ved å leia forskjellige arbeidsgrupper for å få dette veldig tydeleg inn der prosessane går. Det tenkjer eg er eit stort og viktig arbeid som me verkeleg må heia på vidare, og der har dekanatet ei rolle i å støtta våre tilsette i dette arbeidet. I tillegg, på eit overordna nivå, må både dekanat og institutt vera veldig tydelege i at her gjeld det forsking og undervisning i framtidas sjukehus, var haldninga til dekankandidat Hanne Flinstad Harbo.

– Spennande

Jens Petter Bergs forskingsdekankandidat Tom Hemming Karlsen gjorde det klart at dei delte synspunktet hennar.

– Me begynner med å seia at me er einige. Dekanatet si rolle er i første omgang å ta vare på universitetsareala og universitetsfunksjonane som kjem her og i andre bygg, ikkje berre her på Gaustad, men også på Aker, og på det som skjer på Radiumhospitalet, og det som finst av planar for Ahus, understreka han.

Så viste han korleis sjukehusstrukturen i Noreg gjorde at dei medisinske fakulteta var knytte til sjukehusa gjennom ei dobbeltlinje.

– For MedFak gjeld det tilknytinga UiO og til OUS. Når det gjeld forskingsdimensjonen, så blir det spennande uansett kvar dei nye bygga kjem, her frå Gaustad via IMB vidare til Livsvitskapsbygget og vidare austover mot Blindern. Og når me snakkar om livsvitskap, er det viktig at me får med oss at det er mykje spennande livsvitskap som ikkje skal gå føre seg i bygget, sa Tom Hemming Karlsen.

– Livsvitskapsbygget vil vera ein enorm verdi

Uniforum tok opp hansken om livsvitskap og lurte på om dekankandidatane frykta at den stadig auka prisen på Livsvitskapsbygget ville kunne gå utover andre forskingsaktivitetar på Det medisinske fakultetet?

Dekankandidat Jens Petter Berg var først ute med å koma med eit svar.

– Som Tom Hemming Karlsen har sagt, vil det meste av livsvitskapsforskinga gå føre seg utanfor Livsvitskapsbygget. Eg meiner at Livsvitskapsbygget vil vera ein enorm verdi for forskinga ved UiO, og hovudgrunnen til det er at det vil gi oss høve til å kunna fokusera på ein del område. Det blir ein fagleg nærleik mellom miljøa på Mat.nat. med grensesprengjande forsking og med Norsk senter for molekylærmedisin. I tillegg vil våre tilsette som er anten i OUS-stilling eller i UiO-stilling, vera der hos Klinikk for laboratoriemedisin. Så her ser me mange moglegheiter frå det kjemiske miljøet til det translasjonelle medisinske miljøet. Eg fryktar ikkje at det vil gå utover anna forsking på fakultetet, sa han.

– Det er forklarleg om folk er engstelege

Dekankandidat Hanne Flinstad Harbo delte i hovudsak synspunktet til Jens Petter Berg.

NYE BYGG: – Det som er heilt klart og som eg trur både universitetet og sjukehuset er einige om, er at det trengst nye bygg, sa dekankandidat Hanne Flinstad Harbo. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Det er eg også veldig einig med Berg i. No svarte du kanskje ikkje heilt direkte på spørsmålet om kva det vil ha å seia for økonomien. Når me har vore rundt hos einingane, så høyrer me denne uroa om at det skal koma eit kutt. Det er forklarleg om folk er engstelege for det. Då er det eit dekanats jobb for det første å framsnakka og jobba hardt for at Det medisinske fakultetet har dei ressursane som me meiner me treng. Det andre er at om pengesekken er i ferd med å bli tom, så er det to måtar å gjera det på, å få inn meir pengar i kassen eller å redusera kostnadane. I verste fall kjem me i den situasjonen at me må gjera den avveginga.  Eg er veldig glad for at eg har Jan G. Bjaalie med på laget som er veldig opptatt av å finna andre former for forskingsfinansiering som blir veldig viktig, viss me kjem i den situasjonen, svarte  Harbo.

– Me skal jobba for å ha eit godt arbeidsmiljø

Det kom også spørsmål om dekankandidatane ville setja i gang med gransking av dei konfliktane som ei Arbeidsmiljøundersøking (ARK) hadde avdekt på Institutt for medisinske basalfag, avdeling for molekylærmedisin.

Dekankandidat Jens Petter Berg kunne ikkje lova det.

ARBEIDSMILJØ: – Det eg kan seia, er at me i alle fall skal jobba for at me skal ha eit godt arbeidsmiljø, lova dekankandidat, Jens Petter Berg. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Det er vanskeleg å gå inn ei slik konkret sak, og om ein skal setja i verk ei gransking her. Det er nokre føresetnader her som eg ikkje har detaljkunnskapar om, og som det er vanskeleg å uttala seg om, opna han med å seia. Men han lova å høyra og lytta til alle som har innspel.

– Det eg kan seia, er at me i alle fall skal jobba for at me skal ha eit godt arbeidsmiljø. Me skal vera systematiske og ta signala som kjem frå dei tilsette og handtera dei vidare. Me skal sjølvsagt høyra på og lytta til alle som har innspel og som har noko å meina om saka. Det er viktig at me først gjer oss opp ei meining etter at me har gjort dei nødvendige føreundersøkingane og er i stand til å få eit detaljert bilete av sakskomplekset, tykte Berg og heldt fram.

– Det er første gang det er gjort ei arbeidsmiljøundersøking som ARK ved Institutt for medisinske basalfag. Det er vanskeleg å seia om det er spesielt godt eller spesielt dårleg. Uansett må dei som jobbar med ARK no få høve til å jobba med resultata og få høvet til å diskutera kva som er eit godt arbeidsmiljø, slik at dei kan finna dei lokale løysingane før me set i gang fakultetsdrivne granskingar. understreka han.

– Einingane har ansvaret for å gripa tak

Dekankandidat Hanne Flinstad Harbo støtta motkandidat Jens Petter Bergs svar på det spørsmålet.

– Det må eg seia meg heilt einig med Jens Petter Berg i. Eg kjenner ikkje detaljane i denne saka av naturlege grunnar.  ARK er jo ein arbeidsmetode for å jobba med arbeidsmiljøet. Og då er det slik som Berg seier, det er einingane sitt ansvar i første omgang å gripa tak i det som kjem der. Dekanen si rolle er, slik eg ser det, å sjå til at dette blir tatt på alvor, at det blir jobba med det som blir meldt. Og eventuelt, dersom det er behov for det, bistå den eininga som det gjeld. Utover det trur eg ikkje me skal diskutera den saka, var hennar kommentar.

Ynskjer diskusjon om festekultur med studentorganisasjonane

Eit spørsmål som vekte uro og medkjensle hos begge dekanlaga var kva dei ville gjera med festekulturen blant medisinstudentane.

PRESENTASJON: Begge dekanlaga blir viste fram under presentasjonen på valmøtet i Rikshospitalet måndag 5. september. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Prodekankandidat for medisinstudiet for Jens Petter Berg og sitjande studiedekan Eli Olaug Rosvold peika på at dei hadde gjort ein stor innsats for å passa på at det også var faddergrupper  som hadde meir fokus på andre ting enn alkohol ved studiestart.

– Om det er ein festekultur eller alkoholkultur på studiet som gjer at studentar føler seg ekskluderte, så er det noko me synest ikkje er riktig. Det me er opptatt av, er at me fylgjer reglande for alkoholbruk på universitetet som går ut på at det ikkje er mogleg å nyta alkohol i universitetets regi før etter klokka 15.00.  Det eg gjerne vil, er å invitera studentane i dei frivillige organisasjonane med på ein diskusjon om dette.  For dersom dette skjer i eit studiemiljø der mange ikkje nyt alkohol, er det eit problem, syntest ho. 

– Det er ulike kulturar for å festa, og viss det viser seg at viktige, byggjande universitetsforeiningar vert opplevde som ekskluderande for ein del av  studentane våre, er det noko me må ta innover oss. Mi rolle som diktator går ikkje til leiarane for studentforeiningane. Dette er vaksne folk som har tatt eit ansvar for å laga ein organisasjon, men då må dei også visa ansvar for at dei kan gjera denne organiseringa på ein god måte, meinte  Eli Olaug Roksvold.

– De er vaksne menneske

Dekankandidat Hanne Flinstad Harbo var einig.

– Me er heilt einige i det, Elin. De som har kome inn på medisinstudiet på Universitetet i Oslo, de er vaksne menneske, og me kan ikkje bestemma over dykkar fritid. Men me kan veldig tidleg signalisera at korleis ein oppfører seg i fritida også på ein måte vil kasta skyggar over arbeidsliv og privatliv. Me må vera med og oppfordra til at ein verkeleg oppfører seg ordentleg, Så kan ein diskutera når det er arrangement i regi av fakultetet, om ein kan vera litt strengare. Eg trur det er ved Mat.nat. at dei har innført ei ordning utan alkohol ved store arrangement.  Og når det gjeld bruk av andre rusmiddel, er det ein heilt klar politikk for det, peika ho på.

– Det vil vera avgjerder der det vil vera usemje

Frå salen ville medisinprofessor Johan F. Storm gjerne vita kva eit nytt dekanat ville gjera med det han meinte var ei avgjerd om omorganisering som gjekk imot viljen til fleirtalet av dei tilsette ved Institutt for medisinske basalfag i 2014.

Dekankandidat Jens Petter Berg vedgjekk at han ikkje kjente alle sider ved saka.

– Dette skjedde for nokre år sidan, og eg kjenner ikkje alle detaljane i saka. Det eg kan seia er at du ikkje skal stola på konklusjonen før du har sett materialet og metodane. Det eg kan oppfordra deg til Johan, er å lesa programmet og sjå om du finn konkrete saker som skal takast opp, og så kan du sjå og bedømma i kva grad det er konkretisert det som vert gjort og om det vert handla deretter. Det er klart at me skal ha ein organisasjon med god involvering, det må me få til, trudde Berg, og viste til at mange vil vera ueinige i ting som blir bestemt. 

– Og så er det nødvendigvis sånn at ikkje alle avgjerder vil vera unisone og samrøystes. Det vil vera avgjerder der det kan vera usemje. Det me må sørgja for då, er at me har grunngitt godt kvifor me har gjort som me har gjort.  At me har vist kva prioriteringane våre byggjer på, og det skal me gjera, lova han. 

 

TYNT I SETERADANE: Det var heller tynt i seteradane under dekanvalmøtet på Det medisinske fakultetet 5. september. Til saman var det rundt 50 personar til stades, medan det var 110 personar som deltok digitalt. (Foto: Ola Gamst Sæther) 
 

– Viktig å ha kontakt med miljøa

Dåverande instituttleiar på det instituttet, Jan G. Bjålie er noverande prodekankandidat for forsking og innovasjon for Hanne Flinstad Harbo. Han valde sjølv å svara på spørsmålet.

– Sidan eg var i ei sentral rolle ved det instituttet, er det naturleg at eg svarar. Det ville nok ha vore veldig vanskeleg for instituttet å gå vidare med den organiseringa det hadde. Det har skjedd veldig mykje seinare som har bevist det, og som eg har oppfatta at mange av dei tilsette har sett pris på. Så var det viktig å ha kontakt med miljøa og snu alle steinar og passa på alt. Det skjedde. Det kom eit samrøystes fakultetsvedtak, og seinare har det gått vidare til ny instituttleiing som har bygd vidare på dette systemet. Så sluttar eg meg til Bergs oppsummering av det. Og identiteten til fagmiljøa meiner eg er den same i dag som det var den gongen, konstaterte prodekankandidat for forsking og innovasjon, Jan G. Bjålie.

Dekanvalet på Det medisinske fakultetet tar til onsdag 7. september klokka 8.00, og det vert avslutta torsdag 14. september klokka 12.00. Seinare same dag blir det klart kven av dei to kandidatane som får flest stemmer, og kan flytta inn på dekankontoret  frå 1. januar 2023 og vera der fram til 2027.

• Les meir om dekanvalet på Det medisinske fakultetet i Uniforum: 

Dekankandidatane på medisin er ueinige om UIO Campus Sør er etablert på eige initiativ eller på oppdrag utanfrå

Dekankandidat Hanne Flinstad Harbo  skal få fart på Det medisinske fakultet

Jens Petter Berg ønsker på bli dekan på Det medisinske fakultet

 

 

 

Emneord: Dekanvalg, Medisin Av Martin Toft
Publisert 7. sep. 2022 01:00 - Sist endra 12. sep. 2022 14:14

Det medisinske fakultet: Grunner til alvorlige bekymringer

Dekanvalget illustrerer problemer ved Det medisinske fakultet (Med.fak.), selv om lederne prøver å glatte over og skjule pinlighetene. Sett utenfra, og for nykommere, er problemene lite synlige; selv oppdaget jeg først etter mange år hva som foregår. Det er dessverre nødvendig å belyse disse skadelige forholdene, selv om det er ubehagelig. Som leder i Akademisk forum (Professorforeningen) (se lenke 1, nedenfor) føler jeg et spesielt ansvar (men jeg står alene ansvarlig for dette innlegget, som foreningen ikke har diskutert).

        Vi står overfor et konglomerat av sammensatte problemer som er vokst frem gjennom flere tiår; her kan jeg bare nevne noen. Jeg skriver for å sette søkelys på sentrale systemsvakheter, ikke for å angripe enkeltpersoner, men det er dessverre nødvendig å vise til noen konkrete eksempler for å illustrere viktige prinsipper og trender.

 

1) Ledernes fine ord og løfter blir ofte ikke fulgt i praksis. (En forenklet oppsummering)

Erfaring gjennom flere tiår har dessverre vist at det ofte er stor avstand mellom de flotte løftene som lederne gir før valg, og det de faktisk gjør når de får makt (selv om ledere trolig også mener mye av det de sier). Men brudd på løfter og forventninger får som regel ingen konsekvenser for lederne – de stilles nesten aldri til ansvar. Dette gir et usunt klima, med ensidig, ukorrigert makt, stor avstand mellom lederne og ansatte, og ofte en utbredt følelse av maktesløshet og resignasjon. (NB! Det er selvsagt komplekse årsaker, men fenomenet er uansett skadelig.) Vi trenger et bedre system, for å skape en rimelig maktbalanse (som er en selvfølge i alle velfungerende demokratier), og effektive metoder for saklig, konstruktiv tilbakemelding og kritikk, for å evaluere og korrigere beslutninger og ledere. Dette synes å mangle i dag.  

 

2) Maktesløshet, resignasjon, svakt engasjement.

Til tross for at forskere flest er hardtarbeidende entusiaster og optimister med stort faglig engasjement, synes det å råde en merkelig allmenn resignasjon og passivitet når det gjelder styre og stell i akademia. Det merkes godt på kolleger; de fleste orker ikke å bruke tid på å prøve å endre misforhold med ledelse, maktbruk osv. Det virker ikke bare nytteløst, men også ubehagelig og risikabelt. Det er trolig flere årsaker til passiviteten, inkludert tidspress, svak interesse, osv. (Se nednfor.)  Men vi vet at forskere flest er sårbare - i høy grad prisgitt mektige lederes velvilje; det virker tryggest og mest lønnsomt (såkalt «klokt») å tilpasse seg og pleie et godt forhold til ledelsen. Mange har erfart at det i beste fall er bortkastet tid, og kan være farlig, å prøve å forbedre systemet og ledelsen, uansett hvor sterke saklige grunner og argumenter man har. Dette er et kjent fenomen blant fagfolk som studerer organisasjoner og ledelse. Bl.a. har NTNU-sosiologen Aksel Tjora (medlem av Kierulf-utvalget for akademisk ytringsfrihet) beskrevet (bl.a. her: Lenke 2)  den avmakten og resignasjonen som inntrer når universitetsansatte oppdager at gode argumenter ikke nytter uansett.     

       Det er oppsiktsvekkende og skremmende at det er oppstått slike tilstander i akademia, som er helt avhengig av åpen, saklig debatt, engasjement, og reell ytringsfrihet.

 

3) Hvorfor så svakt oppmøte ved valgmøtene?

Til tross for at vi nå for første gang på 12 år kan velge mellom to lag ved årets dekanvalg, er det påfallende svakt oppmøte på valgmøtene. I Uniforum 7/9 ser vi at «Det var heller tynt i seteradane under dekanvalmøtet på Det medisinske fakultetet 5. september.»; og bildet viser at ca. 90% av setene var tomme. Til tross for at dette var fakultetets eneste valgduell, den første på 12 år, og at fakultet lenge har annonsert møtet flittig. Jeg har også fulgt 5 andre åpne valgmøter i august (for å se hvordan demokratiet virker) og fant at det kom bare ca. fem tilhørere per møte (på et møte på IMB 25/8 kom ingen, så det ble avlyst). Altså var oppmøtet bare ca. 5 promille av de over tusen personene som jobber og studerer her på IMB (enda mindre hvis vi regner med KlinMed). Uniforum har publisert flere kronikker og intervjuer av og med dekan-kandidatene, men det er ikke kommet en eneste kommentar eller leserinnlegg (før min kommentar her nå), så vidt jeg kan se.  Men Harbo er visst ganske fornøyd med dette magre oppmøtet: «Det har ikkje vore så dårleg deltaking, heller litt varierande, meiner Flinstad Harbo» (Uniforum 2. sep. 2022). Dette tyder på ganske lave ambisjoner for demokratisk engasjement, til tross for mye snakk om «demokrati» og «engasjement».

     Hvorfor er deltakelsen blant ansatte så påfallende svak? En viktig grunn er trolig at de fleste har lært at det lønner seg og er tryggest å «ligge lavt» og tilpasse seg forholdene som best man kan, og at saklige argumenter nytter lite. (Men igjen: Det er trolig flere årsaker.)

 

4) Hva skjedde ved Institutt for medisinske basalfag (IMB) i 2014?

Uniforum 7/9: «Frå salen ville medisinprofessor Johan F. Storm gjerne vita kva eit nytt dekanat ville gjera med det han meinte var ei avgjerd om omorganisering som gjekk imot viljen til fleirtalet av dei tilsette ved Institutt for medisinske basalfag i 2014.»  Her viste jeg til et klart eksempel på at ledere ofte faktisk *ikke* gjør det de sier, men nærmest det motsatte. Og jeg spurte kandidatene om hva de mener om dette. Det er viktig å vise til konkrete eksempler på kontrast mellom liv og lære, som motvekt mot de mange uforpliktende honnørordene og valgløftene som ledere ofte kommer med. 

       Begge kandidatene, Berg og Harboe, sier så fint at de vil «lytte» til forskere og ansatte, at de ønsker «demokrati», at det meste av kunnskapen i akademia ikke finnes blant ledere, men hos de ansatte selv, som «kjenner problemene» og «vet best» hva som bør gjøres, og at «avgjørelser helst bør tas lokalt» av dem som kjenner forholdene best, osv. Men hva gjør de i praksis?  (Jeg mener oppriktig at dette høres fint ut: Jeg er helt enig, og vil gjerne tro at lederne vil følge dette. -Men jeg kan ikke glemme erfaringene gjennom mange år som dessverre ofte har vist det motsatte.)

Vår erfaring fra IMB og Med.Fak, er dessverre: Ledere bruker ofte sin makt stort sett som de vil, uten forpliktende hensyn til hva de har sagt og lovet. Og de vet trolig av erfaring at de slipper unna med dette, uten å bli stilt til ansvar.

 

I 2013-2014 drev IMB-leder Jan Bjålie (i samråd med dekan Frode Vartdal) en årelang, intens og svært tidkrevende prosess blant ansatte her på IMB, for å slå sammen de tre største avdelingene til bare en avdeling (mens mye mindre avdelinger som Statistikk og Atferd skulle fortsette som før, merkelig nok).  Vi hadde mange tidskrevende møter i måned etter måned, der ledelsen prøvde å overbevise oss om dette. Likevel konkluderte fagmiljøet med stort flertall at de *ikke* ville ha den endringen som ledelsen gikk inn for. I sin «Høringsuttsalelse», skrev Avdeling for anatomi (23.04.2014): «Etter en grundig prosess der alle gruppeledere har deltatt, og laboratorieingeniører har blitt konsultert, finner Avdeling for anatomi *ikke* å kunne gi sin tilslutning til Instituttleders rapport». Også Avdeling for fysiologi konkluderte slik: «Vi ønsker .. at opprettelse av ny, felles avdelingsleder for de tre avdelingene *ikke* gjennomføres» (Høringsuttalelse 22.4.2014; mine uthevninger). Men til tross for dette, fikk Bjålie og Vartdal på merkelig vis vedtatt den omstridte sammenslåingen (på Fakultetstyremøte i St.Petersburg (!) 20.05.2014), - altså stikk i strid med fagmiljøets ønske og anbefaling.

     Dette viser at vi dessverre ikke kan stole på ledere når de sier at de vil «lytte» til ansatte, respektere «demokrati», at ansatte som kjenner problemene vet best hva som bør gjøres, osv. 

 

5) Bjålies lite overbevisende forklaring.

Bjålie ga følgende forklaring på den omstridte reformen i 2014, mot fagmiljøets vilje: «Det ville nok ha vore veldig vanskeleg for instituttet å gå vidare med den organiseringa det hadde. Det har skjedd veldig mykje seinare som har bevist det…».  Dette virker dessverre lite overbevisende. Hvis det hadde vært så «vanskeleg for instituttet å gå vidare», hvorfor klarte ikke Bjålie å overbevise fagmiljøene om dette i løpet av den årelange debatten før vedtaket? Han hadde rikelig anledning. Hvis Bjålie og Vartdal hadde så gode argumenter, hvorfor lot de ikke representanter for fagmiljøene selv fremme sitt syn i Fakultetstyremøtet? I stedet ble saken present bare av dekan Vartdal, som gikk imot flertallet i fagmiljøet. Og hvorfor ble de klare høringsuttalelsene fra det store flertall i fagmiljøene nærmest gjemt bort og «druknet» i en massiv uttalelse fra et knøttlite mindretall (dvs. fra Bjålie selv) da saken ble forelagt Fakultetstyret. Hvis det er sant at det er «veldig mykje seinare som har bevist» at dette var et godt tiltak, hvorfor viser den grundige Arbeidsmiljøundersøkelsen nå i år (ARK) dårlige utslag på Institutt for medisinske basalfag (IMB), og særlig på MolMed-avdelingen som han opprettet i 2014?  ARK viser her særlig dårlige utslag for konflikter, stress og maktesløshet (skårer lavt på «Influence and participation»).  Og hvorfor er det ikke foretatt noen åpen evaluering av vedtaket i ettertid?

((KOMMENTAREN FORSETTER NEDENFOR; den er delt i to deler pga. plassbegrensning))

Johan Frederik Storm - 12. sep. 2022 10:27

((KOMMENTAREN FORTSETTER HER; den er delt i to deler pga. plassbegrensning))

((FORTSATT: Det medisinske fakultet: Grunner til alvorlige bekymringer  (-Del2)  ))

6) Jens Petter Bergs merkelige oppfordring.  

Da jeg nevnte denne saken på møtet 15/9, svarte dekankandidat Jens Petter Berg: "Det eg kan oppfordra deg til Johan, er å lesa programmet og sjå om du finn konkrete saker som skal takast opp, og så kan du sjå og bedømma i kva grad det er konkretisert det som vert gjort og om det vert handla deretter." (Uniforum 07.09.2022).  Men dette er jo en merkelig oppfordring.  For det er jo nettopp dette jeg har forsøkt å gjøre: Jeg sammenligner det lederne sier og har sagt med det de faktisk har gjort, og finner klare *motsetninger*. Men når jeg kan dokumentere nettopp dette, virker kandidatene Berg og Harboe helt uinteresserte; de vil ikke høre om eller kommentere dette.  (Jeg har tilbudt dem begge dokumentasjon i lang tid før og etter møtet, men de vil ikke ha det eller snakke om det.)  Dette virker merkelig. Hvorfor? Kan dere vennligst forklare hvorfor dere ikke har vært interessert, Jens Petter og Hanne?

 

7) Harbos sier at hun vil ha «evaluering» av vedtak, men ønsker visst ikke det likevel?

Dekankandidat Hanne Harboe har i flere valgmøter (bl.a. 2/9) sagt at hun er svært opptatt av beslutningsprosesser, og vil ha «evaluering» av vedtak, og eventuelt reversere vedtak som viser seg å være mislykket. Men når jeg påpeker at det svært omstridte vedtaket i 2014 om sammenslåing av avdelinger på IMB (ledet av Jan Bjålie, som nå er med i hennes team) aldri er blitt evaluert, vil hun ikke snakke om dette. Hvorfor er du ikke interessert i dette, Hanne?   

 

8) Arbeidsmiljø: Ikke så viktig likevel?

Dekankandidat Berg sa: «– Det eg kan seia, er at me i alle fall skal jobba for at me skal ha eit godt arbeidsmiljø.»  Men når vi nå endelig har fått en grundig Arbeidsmiljøundersøkelse (ARK), og den viser særlig dårlige utslag på Institutt for medisinske basalfag (IMB), for konflikter, stress og maktesløshet (skårer lavt også på «Influence and participation»), er ledernes interesse påfallende laber. Hverken Berg eller Harboe vil granske årsakene. De vil visst overlate det hele bare til lederne på IMB, til tross for at mye tyder på at lederne selv er en hovedårsak til problemene der.

Ser dere ingen problemer med dette standpunktet, Jens Petter og Hanne?

 

9) Unngå overforenkling og polarisering. Åpen dialog er viktig.

Det er jo viktig å diskutere disse forholdene saklig og med åpent sinn, og unngå unødig polarisering. En relativt kort kommentar som dette blir jo nødvendigvis forenklet; det er dessverre ikke plass til å beskrive så komplekse forhold fyllestgjørende og nyansert. Det beklager jeg. (Det som beskrives her er bare «toppen av et isfjell» av mange mer alvorlige problemer.) Men jeg vil komme tilbake til dette ved andre anledninger.

      Blant annet vil jeg gjerne invitere dekankandidatene til en åpen dialog for å belyse disse temaene bedre, gjerne i Akademisk forum. Er dere interessert i dette, Jens Petter og Hanne?

      Det er sikkert ikke alltid lett å være leder; og det er viktig å få belyst sakene også fra ledernes perspektiv. Jeg har i mange år hatt en aktiv dialog med ledere på ulike nivåer, og forsøker å forstå og bidra positivt. Før Jan Bjålie ble leder på IMB, møttes vi og han viste meg sitt program til meg, og jeg prøvde å bidra med råd. Rektor Svein Stølen kom på eget initiativ til mitt kontor før han ble valgt, og vi hadde en timelang samtale. Jens Petter Berg og jeg har i flere år hatt aktiv dialog, som det virker som vi begge har satt pris på, og jeg har også nylig (22/8) snakket lenge på tomannshånd med Hanne Harboe.

      Jeg ser at problemene som vårt miljø lider under, også plager lederne selv, og er til stor skade også for dem, medfører pinlige situasjoner, osv. En god, saklig dialog, opprydning, og løsning av problemene vil derfor tjene alle i det lange løp, både ansatte og ledere, selv om det kan virke brysomt og ubehagelig å ta fatt på prosessen.

 

10) Ikke bare negativt: Et stort potensial for forbeding.

Å bruke tid på slike problemer som jeg tar opp her, er jo ikke noe man ønsker seg som naturvitenskapelig forsker.  Jeg vil jo mye heller fordype meg i egen forskning og veilede våre ivrige stipendiater og studenter. Det er derfor lett å forstå at mange holder seg langt unna ledelses- og organisasjonsproblemer. Men mangelen på engasjement bidrar dessverre til at problemene ikke korrigeres, men forsterkes, i en ond sirkel. Dette er skadelig både for forskere og andre ansatte, og også for lederne selv. Det et kommet så langt at det haster å belyse disse misforholdene, selv om det virker brysomt og ubehagelig.

     Men selv om jeg først var motvillig til å bruke tid på slike ubehagelige problemer, langt fra mine faglige interesser, har jeg etter hvert oppdaget at dette egentlig også er meget interessante spørsmål å utforske. Og det finnes gode forskningsmiljøer både i Norge og utenlands som man kan lære mye av. Dessuten innebærer de mange åpenbare svakhetene i vårt nåværende system, med store negative følger, et stort, uutnyttet potensial for forbedring. Ved nokså enkle endringer, kan det være mulig å oppnå store forbedringer både i produksjon (forskning, undervisning, formidling), trivsel og fair play, og dermed unngå unødige konflikter, sløsing, og mistrivsel. Det gjelder å tenke positivt og offensivt. 

 

11) Hva kan gjøres?   - En annen type ledelse.

Først er det viktig å undersøke og anerkjenne problemene, med hjelp utenfra, fra uhildete eksperter på organisasjonspsykologi og -sosiologi osv. Slike fenomener finnes jo i mange organisasjoner, og studeres av forskere. Vi bør dra nytte av denne kunnskapen.  Jeg vil oppfordre ledere og ansatte til å ta dette på oppriktig alvor, selv om det kan virke mest bekvemt og lettvint på kort sikt å overse disse ubehagelighetene.   Jens-Petter og Hanne: Støtter dere denne ideen?

        Dernest tror jeg at det er helt nødvendig å minske det dype skillet som er oppstått mellom ledere og ansatte. Tidligere ble institutt- og avdelingslederne hos oss valgt blant vanlige forskere (PIs), ofte til dels motvillig, for en kort tid, og ledervervet gikk på omgang, slik at det ikke oppsto så stor avstand til de andre. Dette hadde den store fordel at lederne hadde nært kjennskap til sine kollegers kår, uten sterke ambisjoner om å søke makt. Det motvirket en «opphøyet» status og overføring av makt fra ansatte til lederne (dette ville jo ramme dem selv når de sluttet som ledere).

         Men nå har det over lang tid vokst frem en annen type ledere, som selv søker maktposisjoner, og som «profesjonaliseres», kan konsolidere sin makt over lengre perioder, uten en rimelig maktbalanse, og som ofte praktiserer en mer gammeldags, ovenfra-ned (top-down) ledelse. Dette skaper lett en uheldig ubalanse og økt avstand til «undersåttene», og utnytter ikke det store potensial av kunnskap, ideer, entusiasme og kreativitet som finnes blant de ansatte.  Det oppstår lett et eget stivnet sjikt av mektige ledere, som i praksis er nærmest hevet over kritikk, med egne særinteresser, og som gjerne støtter hverandres makt og hindrer nødvendig kritisk innsyn, revurdering og fornyelse.  

          Etter å ha studert disse problemene på nært hold i mer enn 20 år, tror jeg at vi behøver en type ledelse som er mer moderne og balansert, mindre ensidig og autoritær, mer basert på moderne, tillits-baserte ledelsesprinsipper, med likeverdig toveis dialog og gjensidig forståelse. Paradoksalt nok, vil dette trolig være nærmere det vi hadde i tidligere år, da lederverv ikke var en egen karrierevei til makt, men et forbigående verv som gikk på omgang blant likeverdige forskerne, slik at lederne forble nærere og mer på like fot med sine «undersåtter». Behovet for en slik reform er overmodent, særlig av hensyn til de unge, som rammes spesielt hardt av dagens misforhold.

 

-Johan F. Storm,

Professor emeritus i fysiologi (nevrofysiologi)

Avd. for molekylærmedisin (MolMed), Seksjon for fysiologi

Institutt for medisinske basalfag (IMB), Det medisinske fakultet, UiO.

 

Hjemmesider:

https://www.med.uio.no/imb/english/people/aca/jstorm/

https://www.med.uio.no/imb/english/research/projects/brain-signalling/index.html

 

Lenke 1: https://www.forskerforbundet.no/om-oss/organisasjon/foreninger/akademisk-forum-ved-uio/

Lenke 2: https://khrono.no/klart-for-den-store-debatten-om-ytringsfrihet-i-akademia/673674)

 

Johan Frederik Storm - 12. sep. 2022 10:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere