Millionløyving gjer det mogleg å realisera pandemisenter på UiO

Eit nytt pandemisenter blir med i Eining for berekraftig helse på Det medisinske fakultetet ved UiO. Senteret har nyleg fått tildelt 5,4 millionar kroner frå UiO:Livsvitskap.

Tre menn står framfor ein vegg med tapet av bøker.

GLADE: Dei er glade for at dei har fått ei tildeling på 5,4 millionar kroner til pandemisenteret ved Eining for berekraftig helse ved Det medisinske fakultetet. F.v. Jason D. Whittington, Jens Petter Berg og Nils Chr. Stenseth. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var rett før jul fakultetsstyret på Det medisinske fakultetet vedtok å oppretta Eining for berekraftig helse (SUSTAINIT) sett saman av Senter for global helse og Senter for berekraft i helseutdanningane. Då var planen at også eit nytt pandemisenter skulle inn i eininga.

– Tanken var at fakultetet skulle samla senter med komplementære oppgåver i ei felles eining, seier mellombels leiar for  Senter for pandemi og én-helse-forsking (P1H) Jens Petter Berg til Uniforum. Han har jobben fram til leiar vert tilsett i stillinga etter ordinær utlysing. 

MN-fakultetet og MED samarbeider om pandemisenteret

Realisering av pandemisenteret fekk også eit ekstra dytt framover då UiO:Livsvitskap for kort tid sidan tildelte senteret 5,4. millionar kroner. Ytterlegare finansiering må dei henta frå andre kjelder, står det i vedtaket frå styret i UiO: Livsvitskap.

Jens Petter Berg er konstituert leiar for Senter for pandemi- og én-helse-forsking, medan biologiprofessor Nils Chr. Stenseth har fått i oppgåve å vera nestleiar for pandemisenteret. I første omgang har dei tilsett Jason D. Whittington som koordinator. Han skal  koordinera dei mange oppgåvene i senteret og leggja til rette søknader om forskingsmidlar  til Forskingsrådet, EU og andre som kan vera med på å finansiera prosjektet. i senteret. Etableringa av pandemisenteret skal fremja samarbeid mellom alle fakulteta på UiO, sjølv om det no har hovudpilarane sine på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet og Det medisinske fakultetet.

– Det er Nils Chr. Stenseth som har gått i bresjen for å få etablert eit pandemisenter ved UiO, fortel Jens Petter Berg.

– Ja, eg leidde det praktiske og faglege arbeidet, stadfestar Stenseth overfor Uniforum.

Fekk god respons frå fakultetsleiinga og rektoratet

I 2020 tok koronapandemien av og spreidde seg til heile verda etter utbrotet i Kina rett før årsskiftet 2019/2020. Slik kom Nils Chr. Stenseth på tanken om å etablera eit pandemisenter.

– Eg tok initiativet til å etablera eit slikt pandemisenter i 2020, og tok det opp med MN-dekan Morten Dæhlen. Han tykte det var ein veldig god idé. I eit møte med dekanen og prodekanen på Det medisinske fakultetet, tykte også dei det var ein god idé. Også rektoratet var einig i det. Etter kvart etablerte me då ei arbeidsgruppe leia av meg og ei styringsgruppe leia av viserektor Per Morten Sandset. Me jobba fram planane og er veldig nøgde med at Det medisinske fakultetet kuppa det slik at det blei bestemt at det skulle leggjast til denne eininga på medisin, seier Stenseth.

– Eg vil heller seia at me stilte oss til disposisjon, repliserer Berg, som gir honnør til førebuingane.

– Det gav oss eit veldig godt utgangspunkt det arbeidet som Jason D. Whittington og Nils Chr. Stenseth hadde gjort i arbeidsgruppa. Det gav oss eit godt grunnlag for å senda inn søknad til UiO: Livsvitskap om pengar til oppstart og finansiering av senteret, fortel han.

Berg opplyser at dei fekk positivt svar på søknaden i slutten av januar, og desse pengane kunne dei dermed bruka til mellom anna å tilsetja Jason D. Whittington som koordinator for senteret og gi støtte til etablering av tverrfakultære forskingsgrupper og til å etablera ei studentgruppe innanfor pandemi- og én-helsespørsmål.

– Kan få finansiert tre forskarar og ein postdoktor i tre år

Stenseth er også godt nøgd med at dei også fekk tildelt pengar frå UiO:Livsvitskap i ein tidlegare søknadsrunde, noko som gjorde det mogleg for Jason D. Whittington å få lønn for å skriva ein prosjektomtale.

– Det skal prøva å vera ei koordinerande eining for pandemi- og eining for én-helserelaterte prosjekt ved UiO. Det ligg fysisk ved Det medisinske fakultetet, men det skal femna heile breidda til universitetet, konstaterer han.

– Eg opplever at det fine med det me har føreslått og fått pengar til, er etableringa av forskingsgrupper der fast tilsette på minst to fakultet kjem saman. Dei får frikjøpt tid frå undervisning og administrasjon. Så viss tre fakultet er involverte, så får dei med seg tre faste forskarar, kvar med ein postdoktor i ein periode på tre år. Dermed har dei høve til å bruka lang tid på å læra kvarandre sin måte å tenkja og jobba på, peikar han på.

Stenseth synest også det er positivt at det skal leggjast opp til at dei skal vera saman kanskje halvparten av arbeidstida, medan den andre delen av arbeidstida skal dei vera på dei institutta dei høyrer til.

– Me startar opp ei gruppe tidleg i 2024, og det er veldig viktig at det blir ei vellykka gruppe, understrekar han.

Jason D. Whittington blei rekruttert for å utforma planane om eit pandemisenter i 2021.

– Då hadde me møte med fagmiljø frå alle delar av universitetet. Me sette oss saman for at me skulle utveksla ynske om kva me ville ha med i eit pandemisenter. Det var stor interesse, og eg trur me hadde over 100 deltakarar på tvers av fakulteta. Det resulterte i ein rapport som Det medisinske fakultetet fekk ansvaret for å fylgja opp. Det var altså starten på den søknaden som enda med ei finansiering frå UiO:Livsvitskap, fortel han.

– Det blir i veldig liten grad korona

Koronaepidemien gav altså Nils Chr. Stenseth inspirasjon til å føreslå eit pandemisenter på UiO. Men dette senteret skal omfatta mykje meir enn korona.

– Det blir i veldig liten grad korona. Men det blir å førebu oss på nye pandemiar, det vere seg sjukdomar som er forårsaka av mellom anna flåttbit eller heilt nye sjukdomar. Det er mange slike sjukdomar som er godt kjente, anten det er delvis bakteriar eller delvis virus som blussar opp rundt omkring frå tid til annan. Og stort sett blir dei ikkje til pandemiar, men nokre av dei blir det, forklarar Stenseth.

– Me må finna ut korleis me kan førebu oss på å unngå at lokale epidemiar blir til globale pandemiar. Det har ikkje berre med mednat.fag å gjera. Dette handlar om menneske og derfor er det viktig å å finna ut korleis dei reagerer på forslag frå styresmaktene, legg han til.

Skal sjå på antimikrobiell resistens i India

Senteret omfattar både pandemiar og én-helse (One-Health) og skal også jobba med andre helsekriser.

– Der ligg også tema som antibiotikaresistens. Også sjukdomar som går frå dyr til menneske. Me har sendt inn søknader som går på graden av antibiotika-resistens gjennom utslepp i jord og vatn. Om me får pengar til prosjektet, blir det eit prosjekt i India i nærleiken av Himalaya, fortel han. Antimikrobiell  resistens blir også eit  område. Berg forklarar også årsakene til at dette skjer. 

– Når slike sjukdomar dukkar opp er det eit resultat av både befolkningstettleik og tap av biodiversitet. Då kan du få auka kontakt mellom ville dyr og menneske. Endringa i klimaet kan påverka kva sjukdomar som kan overførast frå dyr til menneske. Og i dette området i India skal dei også byggja ut stor kjemisk industri som går på produksjon av antibiotika. Utslepp av antibiotika kan også påverka bakteriefloraen og utvkla resistens mot den antibiotikaen som blir produsert, fortel Jens Petter Berg.

Inviterer alle interesserte til workshop

Han fortel at det er stor interesse for pandemisenteret.

–Ja, det er det. Førebels har me diskutert det med dekanata og forskingsleiarane på UiO. Men det som blir viktig for oss no er å engasjera forskarane, dei som sit med prosjekta og gjer det praktiske arbeidet og produserer resultata. For å få det til har me planlagt ein workshop i midten av juni, og då ynskjer med å få kontakt med forskarar frå alle fakultet som kan tenkja seg å vera saman med oss for å finna ut kvar kunnskapshola er, og kva me kan gjera for å fylla dei opp så¨godt me kan, fortel han.

– Entusiasmen er veldig stor på golvet også, har Stenseth registrert.

Og Jason D. Whittington oppdaga at det var mange ulike fagmiljø som dreiv me ulike prosjekt relatert til covid-19.

– Ingen visste om kvarandre. Derfor har me registrert ein kjempestor interesse over heile UiO for dette senteret, seier han.

– Og dei andre  sentra i Eining for berekraftig helse som Senter for global helse har masse kompetanse innanfor nettverksbygging internasjonalt og forskarutdanning som også er eit aspekt som kan vera til nytte for dette pandemisenteret. Senter for berekrafti i helseutdanningane har kompetanse innan studentmedvirkning og -engasjement,  seier Berg.

Den offisielle opninga av Senter for pandemi og én-helse-forskning skjer i Domus Bibliotheca den 30. mai klokka 18:00.

• Les meir om pandemi og medisin i Uniforum: 

– Forsking og innovasjon er ein god beredskap mot den neste pandemien

Pestforskaren Nils Chr. Stenseth vil forska på koronaviruset

Pestforskaren Nils Chr. Stenseth får  5 millionar til å forska på koronaviruset

30 millioner til forskning på helseinnovasjon tilknyttet korona

 

 

Emneord: pandemier, Det medisinske fakultet, Medisin, Biologi Av Martin Toft
Publisert 28. apr. 2023 06:09 - Sist endra 28. apr. 2023 14:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere