Pestforskaren Nils Chr. Stenseth får 5 millionar kroner til å forska på koronaviruset

Nils Chr. Stenseths draumelag av internasjonale forskarar får tildelt 5 millionar kroner frå Forskingsrådet for å finna ut korleis koronaviruset spreier seg blant folk under ulike miljøforhold.

Ein mann med skjegg og briller  ser inn i kameraet

BLIR KORONAFORSKAR: No skal pestforskaren Nils Chr. Stenseth bli koronaforskar.  – Mange av mine bidrag innan ulike fagområde har nettopp hatt grunnlaget sitt i at eg kryssar grensene – eller går mellom siloane, understrekar han.

Foto: Ola Gamst Sæther

– Det er veldig hyggeleg, seier Nils Chr. Stenseth då han først deler nyhendet med Uniforum.

Det var den 20. mars det først blei kjent at biologiprofessor Nils Chr. Stenseth var ein av forskarane som hadde søkt om pengar frå Forskingsrådets samla løyving til koronaforsking på 30 millionar kroner. Den blei seinare auka med 100 millionar kroner ekstra etter bidrag frå både Trond Mohn-stiftinga og Kreftforeininga. I første omgang kom det inn 114 søknader frå forskingsinstitusjonar over heile Noreg. 60 av skissene kom frå universiteta, 20 frå forskingsinstitutta og 30 frå helseføretaka. Næringslivet var også med.

No har Forskingsrådet  kunngjort kven som får tildelt den første tildelinga på 30 millionar kroner. Ein av dei som har vunne fram i denne konkurransen, er altså biologiprofessor Nils Chr. Stenseth på Universitetet i Oslo. Då me intervjuar han på Zoom strålar professoren over at forskarteamet hans har fått denne tildelinga.

– Var svært spent

 – Det gir oss høve til å tilsetja ein postdoktor på heiltid i to år og to andre forskarar  i 50 prosent kvar, konstaterer han. Og sjølv om han ikkje sjølv kan kalla seg for ung lenger, gler han seg som eit barn til å begynna med forskinga på koronaviruset.

– Ja, tidlegare har eg forska mest på  mellom anna pestbakterien og eg har ikkje noko å visa til når det gjeld dette viruset. Derfor var eg svært spent. Så difor følte eg det brått på same måten som ein ung forskar som skal manøvrera seg inn i forskingsverda, og som skal bli vurdert av tungvektarane. Det har tydelegvis gått bra, humrar han.

– Eg går mellom siloane

Likevel ser han likskapar mellom forsking på pest og på korona.

– Ja, metodologisk er det ein stor samanheng mellom korleis ein analyserer pestdataene og koronadataene. Vitskapen er ofte prega av silotenking; Dei som jobbar med pesten jobbar med pesten og dei som arbeider med virus av ulike sortar, arbeider med virus av ulike sortar, peikar han på.  For han har variasjon blitt vanleg.

– Mange av mine bidrag innan ulike fagområde har nettopp hatt grunnlaget sitt i at eg kryssar grensene – eller går mellom siloane, understrekar han.

Og han har heilt klart for seg kva dei tar mål av seg til å finna ut med forskinga på koronaviruset.

– Me prøver å sjå på dynamikken som no skjer og på korleis miljøet og ikkje minst klima og sesongvariasjonar påverkar spreiinga. Her er det mykje me ikkje veit, derfor blir det mykje prøving og feiling. I stor grad vil me bruka den erfaringa me har frå pestarbeida våre. Og me har på mange måtar gjort liknande ting, men under heilt andre forhold, sjølvsagt, seier Stenseth.

Får med forskarar frå USA, Storbritannia og Kina

No varslar han kva hovudsynske han og dei andre i forskarteamet har.

– Me håpar å få analysert data både frå Kina, Noreg, andre delar av verda .Men Noreg og Kina blir hovudbidragsytarane når det gjeld data, opplyser han til Uniforum.

Mellom samarbeidpartnarane er det forskarar frå Pennsylvania State University, Oxford og frå Beijing er det Tsinghua og CDC (Centre for Disease Control). Frå den sistnemnde forskingsinstitusjonen får Stenseth med seg nestleiaren for senteret. Han er også medlem i det amerikanske vitskapsakademiet.

– Eg prøver å byggja på det nettet eg har på datasida både i Noreg og i Kina og så på analysesida opp mot Amerika. Me har fått med oss dei aller beste folka som finst innanfor epidemiologisk modellering, meiner Stenseth.

Førebels har han og dei andre forskarane ikkje heilt klart kva data dei kjem til å bruka.  

– Det veit me enno ikkje i detalj. Men det er noko av det første me no skal klargjera. Her forandrar det seg heile tida, og det blir meir og meir tilgjengeleg av den typen data frå dag til dag, seier han.

Koronaviruset kan ha ein sesongdynamikk

For forskingsprosjektet er det ein stor fordel at det skal gå over to år.

– Det vil seia at me kan forska på den epidemiologiske dynamikken til  viruset under alle sesongar. Vanleg influensa har ein sesongdynamikk. Den dukkar opp om hausten og vinteren og så går den over før sommaren kjem. Det kan tenkjast at det kan vera noko liknande her. Det er det me skal prøva å analysera, fortel han.

Draumeteam med flaggermusdama

– Vil også forskargruppa di sjå på korleis viruset er blitt overført frå dyr til menneske?

– Det blir ikkje noko stor aktivitet der. Men parallelt så har eg etablert ei tankesmie med eit anna draumeteam som nettopp skal sjå på det aspektet der. Og det er både kinesarar og amerikanarar som er med på dette. Shi Zheng-Li , flaggermusdama frå  Wuhan i Kina er ei av dei som eg har fått med på laget. Saman med dei andre forskarane fann me ut at det var lurt å ha henne med. For ho er svært entusiastisk på dette, avslører han overfor Uniforum.

– Då blir det kanskje ein tur på deg til Wuhan?

– Det reknar eg med at det blir, seier han.

Men han understrekar at ein viktig føresetnad helst må vera på plass.

– Med ein gong ein vaksine er på plass, vil heile situasjonen endra seg. Før det skjer, er det vanskeleg å seia kva som hender, er vurderinga hans.

– Veldig fruktbart

Det faktum at pestforskaren Nils Chr. Stenseth no også blir koronaforskar, synest han er heilt naturleg.

– Styrkja mi, trur eg, er nettopp å bruka spørsmålsstillinga frå eit felt på eit nytt felt. Det har vore veldig fruktbart, gjennom mi 50 år lange karriere som forskar der eg har hoppa frå eit biologisk system til eit anna, fortel han. – Dei har likevel svært like grunnleggjande spørsmål, nemleg kva er det som bestemmer dynamikken i tid og rom for bestandar av levande organismar.  Her er virus å betrakta som levande organismar noko eg nettopp har skrive ein artikkel om i tidsskriftet Biolog, fortel han.

Då Stenseth fortalde Uniforum at forskarlaget hans hadde søkt Forskingsrådet om å få pengar til koronaforsking, drista han seg også til peika på likskapar mellom korona og Svartedauden.

– Det som er likt, er at det er meir eller mindre like smittsamt. Men koronaviruset er ikkje så dødeleg som bakterien som forsårsaka Svartedauden, var, understreka han i intervjuet den 20. mars.

• Les i Uniforum: Pestforskaren Nils Chr. Stenseth vil forska på koronaviruset

Etter av tildelinga no er i boks, set dei i gang planlegginga av forskingsprosjektet så fort som mogleg.

– Ja, eg har allereie sendt ut ein epost til alle i forskargruppa og varsla dei om at me må ha eit møte på Zoom så snart som mogleg, seier Nils Chr.Stenseth.

 

Emneord: Koronavirus, Biologi, Internasjonalisering Av Martin Toft
Publisert 7. mai 2020 08:29 - Sist endra 7. mai 2020 08:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere