Miljøstraum blir svindyr for UiO

60 millionar kroner meir enn budsjettert  vil miljøstraumen frå fjernvarmeanlegget til Fortum truleg kosta Universitetet i Oslo i 2022. Til saman ligg  UiO an til å gå 84 millionar over dei budsjetterte straumkostnadane for i år.

Portrett av ein mann

STRAUMPRISEN SKYT I VERET: Universitetsdirektør Arne Benjaminsen fryktar at straumprisen vil stiga endå meir.  Prognosen hans for 2022 viser at UiO vil bruka 84 millionar kroner meir enn budsjettert i 2022. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Straumen er no blitt dyr også for UiO. Det viste den prognosen universitetsdirektør Arne Benjaminsen la fram for Universitetsstyret i går. Til saman vil UiO truleg bruka 84 milllionar meir på energi enn det som var lagt inn i budsjettet for 2022. 

I desember 2021 uttrykte eigendomsdirektør John Skogen overfor Uniiforum lita uro for straumprisane UiO måtte betala. 

– Fylgjer spotprisen

No er den situasjonen endra. 

Det som er mest overraskande er at det er fjernvarmen frå energiselskapet Fortum Oslo som er dyrast. 

– Grunnen til det er at me har ein avtale med det selskapet,som fylgjer spotprisen,  fortalde Arne Benjaminsen.  

– Eg ser ikkje bort frå at prognosen kan bli endå høgare, la han til. 

Han viste også til at etter at regjeringa har lagt fram forslag til statsbudsjett for 2023, vil han i løpet av året koma tilbake til styret med dette i samband med den endelege fordelinga av UiO-budsjettet for 2023.

– For meirkostnader på dette området i 2022 tar me med oss i 2023, slo  han fast.   

– Det er paradoksalt at me får prisauken på fjernvarme, som me jo nettopp har inngått kontrakt på, fordi me skulle kjøpa billegare og meir klimavennleg energi. Me får då eit prismønster å halda oss til som er krevjande, tykte Arne Benjaminsen.

Når det gjeld auken i dei budsjetterte elektrisitetskostnadane på 24 millionar, har det ei anna forklaring.

– Det handlar om bruk av elektrisitet i leigde lokale der fastprisavtalane våre varierer, sa Arne Benjaminsen. 

– Har redusert energiforbruket med ein fjerdedel

UiO-rektor Svein Stølen meinte det var grunn til å rosa dei folka som hadde sørgja for at UiO inngjekk gunstige straumavtalar.

– Me kan seia takk til dei som har ordna langtidskontraktar for UiO, og som verkeleg har gjort at me har redusert energiforbruket kanskje med ein fjerdedel dei siste fem, seks åra, trekte han fram. 

Svein Stølen kunne også koma med ei gladmelding om prosjektet med å rehabilitera Eilert Sundts hus. 

– Der er det tolv typar brønner som kan henta opp jordvarme. Me kan alltid diskutera inveseringane i dette, men når me ser utviklinga no, så er det mykje fornuft i dette, utan tvil,  sa Svein Stølen. 

Ingen grunn til uro for Livsvitskapsbygget og Nytt vikingtidsmuseum

I Aftenposten har det denne veka vore spekulert i om Livsvitskapssbygget i Gaustadbekkdalen kan bli ramma av eit eventuelt øksehogg i løyvingane til offfentlege bygg i forslaget til statsbudsjett for 2023.

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen gjorde det overfor Universitetsstyret heilt klart at det ikkje var nokon grunn til å uroa seg for dette. 

– Den økonomiske ramma på 12,4 milliardar kroner står fast, og me fekk også ei ekstra løyving på 600 millionar i revidert budsjett. Prosjektet fylgjer planen, og den går ut på at det skal stå ferdig i 2027, opplyste han. 

Arne Benjaminsen orienterte også Universitetsstyret om at entreprenøren er godt i gang med arbeidet med å tetta bygget. 

– Livsvitskapsbygget er inne i ein prosess, og me er ikkje urolege for denne bygningen når det gjeld forslaget til statsbudsjett for 2023, sa Arne Benjaminsen. 

Derimot har UiO og OUS i samråd med Statsbygg gjort eit viktig grep.

– Me ventar med å inngå kontraktar for innreiing av bygget på grunn av dei høge kostnadane. Det ytre skallet blir ferdigstilt, fortalde Benjaminsen. 

Når det gjeld det andre store byggjeprosjektet i regi av Universitetet i Oslo, Nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy, så er det også i rute. I sommar kom regjeringa med ei gladmelding om at den ville løyva 700 millionar kroner ekstra til prosjektet, rett nok 300 millionar mindre enn det UiO og Kulturhistorisk museum hadde bede om. 

– Før sommarferien blei det bestemt at Alternativ 2 skulle leggjast fram for Stortinget. Det blir lagt inn ei startløyving i det ordinære statsbudsjettet, fortalde han. 

Benjaminsen kunne dermed konkludera med at også dette prosjektet går vidare. 

– Byggjeplassen er etablert, og det er aktivitetar på tomta i samsvar med dei avgjerdene som blei tatt i vår, la han til. 

 • Les også i Uniforum:

Håkon Glørstad: – Glad for 700 millionar ekstra til vikingtidsmuseum, men trur det kan kosta dyrt ikkje å gi ein milliard

Byggingen av et nytt vikingtidsmuseum starter i august, men publikumsopplevelsen kan bli betydelig svekket.

No skal byggjekostadane til Vikingtidsmuseet gåast etter i saumane

Emneord: Økonomi, Livsvitenskap, Vikingskipshuset, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. sep. 2022 15:40 - Sist endra 8. sep. 2022 09:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere