– Det er viktig at flyktningar frå Ukraina, som ønsker å ta høgare utdanning medan dei er her, får moglegheit til det. Samtidig ønsker vi ikkje at nålauget for å kome inn på studiar for norske søkarar blir mindre. Derfor aukar vi utdanningskapasiteten ved universiteta og høgskulane med 1 000 plassar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.
• Les også: Ukrainske, russiske og kviterussiske studentar i Noreg får økonomisk støtte
Det beste anslaget vi har er at Noreg vil ta imot 35 000 flyktningar i år, dei aller fleste frå Ukraina. Ein del av desse er i ein alder der dei vil ønske å starte eller halde fram på eit høgare utdanningsløp. Kor stor del det vil utgjere er for tidleg å seie, heiter det i pressemeldinga.
– Det er stor vilje blant universiteta og høgskulane for å stille opp med studietilbod. No følger vi opp med pengar raskt slik at dei kan halde fram planlegginga. Samtidig jobbar vi med å avklare problemstillingar når det gjeld godkjenning av utdanning frå Ukraina og korleis vi kan gjennomføre opptaket til høgare utdanning for flyktningane, seier Borten Moe. Pengane til studieplassar blir tildelt statlege og private universitet og høgskular. Midlane vil bli tildelte som fireårige plassar i kategori D, som gir institusjonane fleksibilitet til å tilpasse tilbod etter faktisk etterspurnad. Fordelinga av studieplassar vil skje så raskt som mogleg etter behandling i Stortinget.
• Les meir om Ukraina og Russland i Uniforum:
Ukrainske, russiske og kviterussiske studentar i Noreg får økonomisk støtte
Stølen sendte brev til Russland: – Tydelig i vår fordømmelse
UiO-forskar spår ein langvarig krig i Ukraina
Rektor om Ukraina: – Nå må vi legge et løp som gjør at vi kan bidra i relativt stort omfang
Regjeringen fryser det akademiske samarbeidet med Russland
– Den internasjonale domstolen i Haag kan erklæra Russlands invasjon som illegitim
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere