Museumsdirektøren trur ho får sjå eit nytt veksthus i Botanisk hage

Heilt sidan 1930-talet har det vore planar om eit nytt utstillingsveksthus på Tøyen. For nokre år sidan kom det også inn på statsbudsjettet, men på årets statsbudsjett var det ute igjen. – At det skal bli realisert, er museumsdirektør Brit Lisa Skjelkvåle heilt sikker på.

KUTTA KOSTNADER: – Akkurat no er me i ei tid der ein heller ser på korleis ein skal kutta kostnader og heller dempa bygginga i sektoren og prioritera endå hardare kva me skal byggja og ikkje byggja, konstaterer museumsdirektør Brita Lisa Skjelkvåle. Ho er skuffa over at nytt utstillingsvekshus ikkje kom med på statsbudsjettet for 2022.

Foto: Ola Gamst Sæther

Rett før påske publiserte Uniforum eit lesarinnlegg frå tidlegare styreleiar for Naturhistorisk museum, Kristin Halvorsen. Der bad ho forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe svara på om planane om eit nytt veksthus på Naturhistorisk museum er endeleg skrinlagde. Samtidig ville ho ha svar frå rektor Svein Stølen om prosjektet framleis er viktig for universitetet og om  styret sine prioriteringar frå juni 2021 framleis gjeld.

Andre påskedag fekk ho svar frå UiO-rektor Svein Stølen i eit innlegg i Uniforum. Han viste til at UiO prioriterer å byggja nytt utstillingsveksthus på Tøyen, så lenge ikkje andre vedtak blir gjort. Samtidig viste han til at problemet med nytt utstillingsveksthus er at prosjektet ligg i kryssingspunktet mellom ansvaret til Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet.

– Det er eit engasjement for eit veksthus

Museumsdirektør Brit Lisa Skjelkvåle på Naturhistorisk museum har med stor interesse lese begge dei to debattinnlegga i Uniforum.

–Dette viser Svein Stølens engasjement for musea ved Universitetet i Oslo og for Botanisk hage og veksthuset.

– Du trur ikkje håpet er ute for eit nytt utstillingsveksthus i Botanisk hage?

– Nei, det trur eg verkeleg ikkje. Det håpet er ikkje ute. Det er eit engasjement for eit veksthus, og det er ingen som ikkje vil ha det. Det vesle problemet er berre korleis me skal få det finansiert, vedgår ho. 

– Og korleis skal de få den biten på plass?

– Rektor skriv jo litt om det. Veksthuset har stått på agendaen i ti år og det er blitt brukt mykje pengar på å planleggja det, og det har også stått på statsbudsjettet. Det er tatt ut av statsbudsjettet for 2022, og det var ei overrasking for oss. Og korleis skal me få det inn på statsbudsjettet igjen? Det er viktig å ha merksemd rundt det, å spørja statsråden om kva som skjedde og å ha masse venner slik som Botanisk hage og Naturhistorisk museum har rundt omkring i Oslo, som også vil ha eit nytt veksthus. Som museumsdirektør må eg bruka formelle kanalar, medan andre kan bruka dei uformelle. Det er viktig å halda saka varm og snakka om det og ikkje sleppa det. For ynsket om eit nytt veksthus er veldig sterkt, er ho heilt viss på.

– Vanskeleg for meg å meina noko om

Det var SV, partiet som Kristin Halvorsen tidlegare var leiar for, som lova å kjempa hardt for at bygging av nytt veksthus skulle koma med i avtalen partiet ville inngå med den raudgrøne regjeringa til Jonas Gahr Støre etter stortingsvalet i fjor. Då avtalen blei kjent, var ikkje den lovnaden tatt med i avtalen.

Brit Lisa Skjelkvåle synest det er vanskeleg å vita om SV vil klara å få det inn på statsbudsjettet for 2023.

– Kva diskusjonar partia har, og kva dei skal prioritera, er det frykteleg vanskeleg for meg å meina noko om, konstaterer ho.  

Skjelkvåle peikar på at det i mange år har vore oppgangstider i heile Universitets- og høgskulesektoren, og at det er starta veldig mange byggjeprosjekt over heile landet.

– Så har me fått ei ny regjering med ein statsråd som reiser rundt og møter opp på byggjeplassane og lurer på korleis me kan kutta kostnader. Akkurat no er me i ei tid der ein heller ser på korleis ein skal kutta kostnader og heller dempa bygginga i sektoren og prioritera endå hardare kva me skal byggja og ikkje byggja, seier ho.

– Passar ikkje heilt inn i hovudoppgåva

Skjelkvåle viser også til at UiO-rektor Svein Stølen er inne på noko av det same i innlegget sitt.

– KD har eit ansvar for høgare utdanning, og i det blir eit veksthus noko som ikkje passar heilt inn i hovudoppgåva. I mellom alle dei prosjekta som me må ha, blir eit veksthus noko som det kunne vera “kjekt å ha”.  Alle er einige om at det hadde vore utruleg fint med eit nytt veksthus på Naturhistorisk museum, Det er  til dømes veldig vanskeleg å driva ei tannlegeutdanning utan å ha ordentlege lokale, men me kan framleis ha Botanisk hage utan eit nytt veksthus. Det er litt urettferdig når saker som er heilt forskjellige vert sette opp mot kvarandre.  Og det gir Brit Lisa Skjelkvåle opp som ei forklaring på kvifor det er så vanskeleg å få realisert dette byggjeprosjektet.

– Noreg eit av få land utan moderne utstillingsveksthus

Samtidig ser ho at Århus Universitet i Danmark fekk bygd eit nytt og moderne veksthus i 2014, medan Storbritannia har Kew Gardens med 1000 tilsette i storbyen London.  I Cornwall ligg også det svære anlegget Eden Project, som er verdas største utstillingsveksthus. Noreg ligg dårleg an samanlikna med andre land.

BRA OG INNOVATIVT:  – Håpet mitt er at me er i gang før perioden min som museumsdirektør er over. Prosjektet ligg jo der og er bra og innovativt. Og så lenge det er folk på Naturhistorisk museum, vil det bli jobba for eit veksthus, garanterer museumsdirektør Brit Lisa Skjelkvåle. Her står ho inne i Victoriahuset der det veks tropiske plantar. (Foto: Ola Gamst Sæther)

– Noreg er eit av få land som ikkje har eit moderne utstillingsveksthus.I Noreg er det ingen stader du kan få læra og oppleva korleis naturmangfald ser ut andre stader i verda. Samfunnsoppdraget vårt er jo å undervisa om mangfaldet i naturen, både om biologisk og geologisk mangfald. I dagens situasjon med ei klimakrise og ei biodiversitetskrise, så er eit utstillingsveksthus som de me har planlagt her på Tøyen eit viktig verktøy for å læra folk om biodiversitetskrisa som går føre seg i verda. Med alle dei avskuggingane som til dømes matmangel og folkevandring, så er dette kjernen i dei store utfordringane verda står overfor i dag, slår ho fast.

Skjelkvåle trekkjer også fram Klimahuset i Botanisk hage som opna midt under pandemien.

–Sist laurdag var det 800 besøkjande der, og det var den første normale helga sidan Klimahuset opna dørene for to år sidan, legg ho til.

Og ho trur eit utstillingsveksthus kunne gitt både unge menneske og alle som kjem til Naturhistorisk museum endå meir utfyllande kunnskap om klima og naturmangfald og den krisa me står i.

Blir gjerne med på møte med statsråden

Så langt har ikkje ho planlagt noko møte med forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe om nytt veksthus.

 – Eg håpar at  Svein Stølen vil ha eit møte med Borten Moe, og då blir eg gjerne med.

– Når trur du at det vil stå eit utstillingsveksthus på sirkustomta ved Botanisk hage?

 – Det tar nokre år å byggja det når me først får klarsignalet. Det viktigaste for oss er å få det klarsignalet. Då er det berre tida og vegen før det er ferdig. Akkurat no er det i limbo fordi det er tatt ut av statsbudsjettet og me veit ikkje når det blir tatt inn igjen. Men me gjer alt me kan for at det kjem inn igjen, så fort som mogleg. Og me kan gjera det som Svein Stølen gjer no. Ha det på agendaen og syrgja for at det ikkje blir gløymd, håpar museumsdirektør Brit Lisa Skjelkvåle.

 – Håpet mitt er at me er i gang før perioden min som museumsdirektør er over. Prosjektet ligg jo der og er bra og innovativt. Og så lenge det er folk på Naturhistorisk museum, vil det bli jobba for eit veksthus, garanterer ho.

KD meiner det ikkje er rom for nye byggjeprosjekt no

Uniforum har også tatt kontakt med Kunnskapsdepartementet for å få ein kommentar frå forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe til spørsmålet frå tidlegare styreleiar for Naturhistorisk museum om planane for nytt veksthus er endeleg skrinlagde.

Me har ikkje fått svar frå statsråden, men ein generell kommentar frå Kunnskapsdepartementet via kommunikasjonsavdelinga:

Det blei  ikkje sett av midlar til bygging av utstillingsveksthus for Naturhistorisk museum ved UiO i tilleggsproposisjonen til 2022-budsjettet. Det er mange store og viktige byggeprosjekt under arbeid i universitets- og høgskulesektoren, og det er ikkje budsjettmessig rom for å setja i gang yttelegare nybyggprosjekt r i sektoren no”, opplyser Kunnskapsdepartementet til Uniforum.

• Les meir om nytt vekshus i Uniforum: 

Svein Stølen svarer Kristin Halvorsen om veksthuset

Hva er status for Veksthusprosjektet? 

LEIAR: UiO-leiinga må vera ærleg om Veksthuset

Narrespill om Veksthuset gjennom snart hundre år

SV tar tilbake Veksthuset i sitt alternative budsjett: – Lar ikke saken bli glemt

Regjeringen droppet Veksthuset: – Nå må vi tenke oss om

Marianne Borgen håper de rødgrønne berger Veksthuset

Museumsdirektør: – Det blir ikke veksthus hvis ikke UiO stiller seg tungt bak det

13,8 millioner til Veksthuset

Gir klarsignal for nytt forprosjekt for veksthus på Tøyen

Oslo kommune krev at UiO og Statsbygg betaler for miljøgate på Tøyen

Gler seg over grønt lys for nytt forprosjekt for veksthus på Tøyen

Vil skape en følelse av ekte regnskog i nytt veksthus på Tøyen

 

 

 

 

 

 

Emneord: Veksthus på Tøyen, Universitetspolitikk, byggeprosjekter Av Martin Toft
Publisert 22. apr. 2022 04:30 - Sist endra 11. mai 2022 15:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere