Brukte Munchs Aula-måleri for å finna den beste reinsemetoden

Ein reinsemetode basert på nano-gelar er den mest skånsame for  oljemåleri. Det fann Lena Porsmo Stoveland ut då ho brukte Munchs Aula-måleri som forskingsobjekt i doktoravhandlinga si på UiO.

NANO REINSA BEST: Nano-gelar var den reinsemetoden som verka best på ufernissete oljemåleri som Edvard Munchs oljemåleri i Aulaen. Dei var utgangspunktet for Lena Porsmo Stovelands doktoravhandling i konservering. Her står ho framfor det originale monumentalmåleriet  Solen i Universitetets aula. 

Foto: Ola Gamst Sæther

I dag opnar Munch, det nye Munchmuseet i Bjørvika i Oslo. Ei som gler seg ekstra mykje er Lena Porsmo Stoveland som for kort tid sidan disputerte med ei doktoravhandling på UiO om å finna betre metodar for å reinsa oljemåleri for støv, sot og anna forureining. Det fann ho ut gjennom undersøkingar av Edvard Munchs måleri i Universitetets aula. 

Edvard Munch 1863-1944)

Fødd i Løten, Hedmark

Vaks opp i Oslo.

Studerte kunst i Paris og budde fleire år i Berlin

Vart Noregs mest berømte kunstnar.

Mest kjente verk: Skrik, Madonna, Det syke barn, Solen, Livsfrisen og  Kyss.

Har laga veggmåleria i Universitetets aula.

Budde både i Kragerø og på Ekely i Oslo.

1 1943 testamenterte han kunsten sin til Oslo kommune.

1944: 12. januar døydde Edvard Munch.

I 1963 opna Munchmuseet på Tøyen.

2021: Det nye museet Munch opnar i Bjørvika.

(Kjelder: Munchmuseet og Store norske leksikon)

I 2017/18 deltok ho sjølv i arbeidet med å fjerna støv frå måleria. Vurdering av tre ulike reinsemetodar for oljemåleri var også tema for doktoravhandlinga hennar i konservering på Universitetet i Oslo. Og det er framleis verdas einaste doktoravhandling som har konservering av Munch-måleria som tema.

Lena Porsmo Stoveland:

Har nyleg avslutta doktoravhandling  i konservering ved Insittutt for arkeologi, konservering og historie  på UiO om kva  som skjer når forureining festar seg på sårbare, moderne oljefargar – og kan den fjernast? Utgangspunktet for studiet er Munchs måleri i Universitetets aula. 

Doktoravhandlinga er den første som handlar om bevaring av Munchs kunst. 

(Kjelder: UiO og Lena Porsmo Stoveland) 

 • Les også: Reddar Munch-skatttar i Aulaen

Me møter Lena Porsmo Stoveland  i kafeen i  første etasje i det nye Munch-museet. Der fortel ho kva som er så unikt med Aula-måleria til Edvard Munch.

– Aula-måleria er moderne og store, monumentale oljemaleri på lerret. Dei har alle ein bestemt konserveringsproblematikk, både fordi dei er ufernisserte og på grunn av storleiken. Sidan dei er ufernisserte vil forureining leggja seg direkte på materiala i måleria, og det kan føra til både visuelle og kjemiske konsekvensar for måleria, seier ho til Uniforum.

At måleria er ufernisserte vil, ifylgje Wikipedia seia at dei ikkje er smurte inn med eit lakkaktig stoff som skal liggja som ei hinne mellom målefargane og lufta og verna dei mot støv og anna forureining. 

Har brukt brød og svampar til reinsing av måleri

Stoveland peikar på at Aula-måleria også er blitt behandla mange gonger opp gjennom åra med forskjellige metodar.

– Dei har blant anna brukt brød på 1900-tallet og seinast svampar før 200-årsjubileet for universitetet i 2011. Dei fjerna mykje sot og støv og måleria er blitt reinare. Hovudrettleiaren min, professor Tine Frøysaker ved konserveringsstudiet på UiO framhevar gjerne det at dei metodane dei har brukt fram til no hadde sine avgrensingar. Dei fjerna kanskje ikkje så mykje som dei ville, og dei var kanskje heller ikkje skånsame nok, for svampar kan nokre gonger ripa sårbare overflater, fortel Lena Porsmo Stoveland.

 • Les ogsåMunch-måleri tilbake i Aulaen

Ville testa tre metodar

Det var bakgrunnen for at ho sjølv gjekk laus på oppgåva med å testa ut tre nye metodar som ikkje var blitt testa så mykje på moderne oljemåleri tidlegare. Men dei har blitt brukt på andre materiale, som til dømes papir og på overflater som er sensitive mot å få riper. Dei tre metodane ho sette i gang med å teste ut var CO2-snø, mjukpartikkel-blåsing og nano-gelar.

Stoveland forklarar at gjennom eit munnstykke kan ein blåsa CO2-snøen på overflata av eit måleri.

– Fordelen med desse snøpartiklane er at dei blir til gass på overflata, og dei etterlet ingen restar av partiklane etter reinsinga. Det kan vera ein ulempe ved andre reinsemetodar. CO2-snøen dyttar med fysisk kraft vekk smuss- og sotpartiklar, seier ho til Uniforum.

– Brukar kveitestivelse og cellulosefiber

Ho har også gått gjennom reinsemetoden som ho kalla for mjukpartikkel-blåsing (soft-particle blasting).

– Den er også sett saman av mjuke partiklar, men dei forsvinn ikkje frå overflata av seg sjølve, slik CO2-snøen gjer. Ein brukar eit skånsamt lufttrykk og så matar ein mjuke partiklar inn i denne luftstraumen og sender dei mot overflata.  Då brukar ein mjuke partiklar som til dømes kveitestivelse og spesialproduserte cellulosefiber. Dei siste kjem i ulike lengder og er meir skånsame enn kveitestivelse. Også desse partiklane blir blåsne mot overflata der dei dyttar bort smuss og sot. Det er ein teknikk som er utvikla i Tyskland spesielt for konservering, Det er ikkje tilfellet med  CO2-snø. Mjukpartikkel-blåsing er blitt testa på papir, men også på målerilerret, men utan at det er publisert noko om å reinsa støv og forureining frå oljefargar, seier ho. 

Nano-gelar var best

Det var likevel den tredje metoden ho prøvde  ut som viste dei mest lovande resultata.

– Ja det var nano-gelar. Då forskinga mi starta, hadde eg så vidt høyrt ordet nano-gelar. I  samtale med rettleiaren min Tine Frøysaker fann me ut at me ville bruka tørrreinsemetodar først og fremst, det vil seia CO2-snø og mjukpartikkelblåsing. Og me ville halda oss lengst mogleg unna vatn og andre løysemiddel,  fortel ho.

Men den haldninga måtte dei endra i løpet av forskingstida.

– For det hadde blitt meir og meir forsking på  desse nano-gelane på måleri med moderne malingstypar i Europa. Det hadde vore mange testar med nano-gelar og mange positive resultat. Då fann eg ut at det kunne vera interessant å testa det på sårbare, ufernisserte oljemåleriflater slik som Aula-måleria. Dermed har eg gjennomført systematiske testar med nano-gelar. Dei løyser dilemmaet som konservatorar ofte har; me vil gjerne reinsa eit måleri på ein effektiv måte, men utan å etterlata restar av det me tilfører dei på overflata.  Elles må ein ofte driva med etterreinsing, seier ho.

Fordelen med nano-gelane er at dei fjernar mykje forureining samtidig som dei er skånsame mot overflata. 

– Det er ein komplisert kjemi i dette, men det eg kan seia er at dei er designa heilt ned til nanonivå. Dei er designa spesielt for påføring på kulturarv med sårbare overflater. Det blei utvikla i Italia og har blitt meir og meir forsking på dei og dei siste åra har desse metodane skote ordentleg fart. Eg har hoppa på det toget og funne ut at dei har stort potensial for ufernisserte moderne oljefargar, fortel ho, før ho vender tilbake til sitt eige arbeid.

PÅ NÆRT HALD:  Slik ser utkastet til måleriet Forskerne ut på nært hald i salen Monumentalt i Munch. (Foto: Ola Gamst Sæther)

Først ute med å testa ny metode på Munch-måleri

– Min studie konsentrerer seg då spesifikt om materiale som liknar på dei som me finn i Aula-måleria. Der er det ikkje berre oljefargar, men også eksponerte vassoppløyselege grunderingar som ofte består av kritt og eit limbindemiddel og ikkje, eller i mindre grad eit oljebindemiddel. 

– Og akkurat det er det ingen som har gjort før?

– Så vidt eg veit er det ingen som har testa nano-gelar på slike eksponerte grunderingar eller på  oljefarger som liknar dei me finn i Munch-måleri før. Så der trur eg at eg var først ute, smiler ho nøgd.

– Det er i alle fall ikkje noko som er publisert. Ei utfordring for konserveringsfaget er at det ofte vert gjort praktiske testar, og så blir det ikkje publisert. Det er veldig synd for no er det også sånn at når noko blir publisert kan andre læra noko av det og av andre sine erfaringar.

– Stjerneteam

– Korleis fann du fram til om metoden virka eller ikkje virka?

– I samtale med mitt stjerneteam av rettleiarar, Tine Frøysaker, Francesco Caruso, tidlegare UiO, Oslo, Bronwyn Ormsby, Tate, London, Maartje Stols-Witlox, UvA, Amsterdam og Terje Grøntoft, NILU, Kjeller kom me fram til at ingen av desse tre nye metodane var blitt testa systematisk på slike sårbare malerioverflater før, seier ho. 

Så går ho vidare med å forklara framgangsmåten. 

– Aula-måleria er i ein offentleg bygning og det er ikkje så lett å få tilgang til Munch-måleria. For å kunne undersøkja dei systematisk og repetera resultatet fleire gonger, så valde me å bruka «mock-ups» som er testmålar, i staden for å testa dei direkte på måleria. Forskinga mi er på mange måtar eit forprosjekt, som vonleg kan bli utvikla til noko større på sikt, trur ho.

Men Stoveland fekk tilgang til tidlegare prøvar frå Universitetets aula.

– Det eg gjorde var å bruka data som eg allereie hadde frå Aulaen, i tillegg til at eg gjorde nokre nye analysar av enkelte av materiala der. Då fokuserte eg på ei kritt/limgrundering som me blant anna finn i måleriet Alma Mater. Dessutan undersøkte eg ein blåfarge i Solen. Det var ein koboltblå oljefarge. Felles for begge dei to materiala var at dei  var sensitive mot vatn. Nano-gelar er ein vassbasert reinsemetode, så det er ikkje gitt at det vil fungera bra når overflata er sensitiv mot vatn. I tillegg er dei sensitive mot riper, forklarar ho.

– Eg laga tre mock-ups-typar med kritt/limgrunderingar, og så var det to andre typar som eg påførte den koboltblå malinga. Den andre hadde koboltblåmaling som det ikkje var gjort noko med, som var utynna. Den tredje typen var koboltblåmaling som var tynna ut med naturleg terpentin. Det skaper eit tynt og skjørt malingslag som ein finn mange stader på Aula-måleria. Desse mock-upsane hadde liknande materiale-samansetjng og var sårbare mot vatn og riper som me fann i Aula-måleria, trekkjer Lena Porsmo Stoveland fram.

UTKAST TIL FORSKERNE: Slik ser utkastet til Aula-måleriet Forskerne ut i utstillingssalen Monumentalt i Munch. Det er 50 kvadratmeter stort og det største måleriet i det nye museet. No har Lena Porsmo Stoveland brukt Munch-måleria i Aulaen som forskingsobjekt for å finna fram til den beste metoden å reinsa ufernisserte oljemåleri på. (Foto: Ola Gamst Sæther)  

Gjekk gjennom kunstig aldring i laboratorium

Den ferske doktoren viser til at det ikkje er mogleg å gjenskapa  heilt nøyaktig den tilstanden som dei måleria var i. Men ho fann likevel eit godt alternativ.

– For å koma nærare tilstanden til Aula-måleria gjekk desse mock-upsane også gjennom kunstig aldring i laboratoriet til SINTEF i Forskingsparken. Det var svært spennande for der har dei eit miljøkammer, der ein kan få eksponert prøvane sine temmeleg jamt gjennom å heva graden av fukt i lufta, regulera graden av stråling og temperaturen ved å påføra dei ytre påverknad for å bryta materiala raskare ned enn ved naturleg aldring, fortel ho.

Likevel vil det ikkje bli heilt likt.

– Kunstig aldring kan heller aldri erstatta naturleg aldring. Det finst ingen knapp der me kan seia at alle materiala mine skal bli 100 år. Me må heile tida observera tilstanden til desse prøvane, og så må me finna ut om tilstanden er nokså lik tilstanden i Aulaen, og så avsluttar me eksperimentet. Det kan me gjera ved å føra ein fukta bomullspinne over dei for å finna ut når dei er blitt sensitive mot vatn. Oljemaling er i utgangspunktet lite sensitivt mot vatn. Olje og vatn støyter kvarandre frå seg. Men med tida, dersom ein påfører mykje fukt i lufta på desse måleria, kan dei utvikla sensitivitet for vatn. Det var noko av det eg ville gjenskapa i aldringseksperimenta, seier Stoveland.

–  Kan bli ein ekstrem skånsam metode

– Så neste gong dei skal reinsa Munch-måleri i Aulaen, då kan dei bruka din metode?

– Nei, det er ikkje min metode. Det er ikkje eg som har utvikla den, poengterer ho.

– Men eg trur spesielt nano-gelane viser at det er stort potensial for desse kritt/limgrundering-mock-upsane. Dei er veldig sensitive mot vatn, men der fungerte desse gelane veldig bra. Dei fjerna mykje meir støv og smuss enn det dei tradisjonelle svampane gjorde. I tillegg var dei utruleg skånsame mot overflata.  Det kom svært optimistiske resultat ut av det, synest ho.

Stoveland ser ikkje bort frå at teknologien kan bli endå betre.

– Det kan vera at om eitt år eller to år finst det endå betre gelar som er endå meir skånsame og effektive.  Før tenkte ein at tørreinsemiddel var vegen å gå, men no har testane med nano-gelar vist at ein kan kontrollera påføringa av vatn og kontrollera den slik at den hovudsakleg reagerer mot det øvste smusslaget og ikkje med fargen under. Då kan det bli ein ekstrem skånsam metode.

 Kan brukast andre stader

Og ho ser også moglegheiter for å kunna bruka metoden på andre delar av den norske kulturarven.

– Dette er ei god løysing for ufernisserte oljemåleri. Det som eg no også har oppdaga i jobben min på Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) er at det finst mykje maling som er sensitiv mot vatn som ikkje er oljemaling. I norske kyrkjer er det veldig mykje dekor og kunst med limfargar. Eg har ikkje sett den parallellen før no at limfargar har mykje av den same problematikken som me finn i Aula-måleria. Så der trur eg også nanogelar har eit sterkt potensial. Det kan bli spennande om nokon vil forska på det, trur ho.

UTKAST TIL SOLEN:  Utkastet til Solen og utkasta til dei andre Aula-måleria har alle fått plass i  utstillingssalen "Monumentalt" i Munch, det nye Munch-museet i Bjørvika.  Dei er utganspunktet for doktoravhanldinga til Lena Porsmo Stoveland. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– Skal arbeida med norske steinkyrkjer

Sjølv fekk ho jobb i NIKU rett etter at ho hadde avslutta disputasen. Og der skal ho jobba med eit heilt anna ,men vel så viktig tema som Munch-måleria.

– Der skal eg arbeida med norske steinkyrkjer som skal rustast opp fram til 2030. Til saman er det 160 av dei som det skal setjast i gang arbeid på. Då treng dei kunnskap om inneklima og metodar for å sikra kulturarven som er inne i dei. Det er veldig mykje flott mellomalderkunst inne i desse kyrkjene som er mindre kjende enn trekyrkjene i Noreg.

– Men interessa for Munch har du ikkje lagt på hylla?

– Absolutt ikkje.No kjem fokuset mitt til å vera på korleis mellomalderkunst i steinkyrkjer blir påverka av klimaendringane. Men også Aula-måleria kan bli påverka av klimaendringane, og det kan også Munch-måleria i kantina til Freia-fabrikken, og maleria i begge dei nye musea, seier ho.

Og så snart Munch med nesten all kunsten til Noregs mest berømte kunstmålar opnar, vil ho ta turen inn.

– Ja, så fort eg får høve til det. Eg gler meg til å sjå den nye bygningen og Munchs kunst og kanskje spesielt skissene og utkasta til Aula-måleria. Eg vil bruka masse tid i rommet der skissene til Aula-måleria er stilte ut, lovar ho.

Neste år skal Munch-ekspertar frå heile verda samlast til ein forskingskonferanse i det nye Munch-museet. 

– Der planlegg eg også å delta, og det gler eg meg verkeleg til, avsluttar ho.

 

 • Les meir om Edvard Munch i Uniforum:

– Munch og biografen Rolf Stenersen skapte myten om geniet Edvard Munch

Reddar Munch-skattar i Aulaen

Ny musikk til 100 år gamle Munch-bilete

Alma mater - maleriet Edvard Munch tvilte på

Munch-måleri tilbake i Aulaen

Tok Munch ned frå Aulaveggen

Emneord: Kunst, Universitetets aula, Forskning Av Martin Toft
Publisert 22. okt. 2021 15:15 - Sist endra 22. okt. 2021 15:15
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere