– Munch og biografen Rolf Stenersen skapte myten om geniet Edvard Munch

– Biografien er ein innertiar når det gjeld å byggja opp eit mytisk bilete av Edvard Munch. Det synest Lars Toft-Eriksen om Rolf Stenersens bok "Edvard Munch - Nærbilde av et geni "(1944).

Ein mann sit i ein stol ute med Munchmuseet i bakgrunnen

ETTERMÆLE: – Munch var også veldig opptatt av sitt eige ettermæle og si  eiga mytebygging, fortel Lars Toft-Eriksen. Han har skrive ei doktoravhandling det han ser på korleis biografen Rolf Stenersen og Edvard Munch skapte myten om geniet.  

Foto: Ola Gamst Sæther

Denne seinsommaren har Lars Toft-Eriksen prøvd å endra oppfatninga vår av nasjonalklenodiet og Noregs mest internasjonalt kjende kunstmålar Edvard Munch. Det har han gjort gjennom doktoravhandlinga si der han tar forsøkjer å ta livet av myten om Edvard Munch som eit geni.  Utgangspunktet hans er Rolf Stenersens biografi «Edvard Munch Nærbilde av et geni» frå 1944.

Edvard Munch 1863-1944)

Fødd i Løten, Hedmark

Vaks opp i Oslo.

Studerte kunst i Paris og budde fleire år i Berlin

Vart Noregs mest berømte kunstnar.

Mest kjente verk: Skrik, Madonna, Det syke barn, Solen, Livsfrisen og  Kyss.

Har laga veggmåleria i Universitetets aula.

Budde både i Kragerø og på Ekely i Oslo.

1 1943 testamenterte han kunsten sin til Oslo kommune.

1944: 12. januar døydde Edvard Munch.

I 1963 opna Munchmuseet på Tøyen.

2021: Det nye museet Munch opnar i Bjørvika.

(Kjelder: Munchmuseet og Store norske leksikon)

Uniforum møter den nyslåtte doktoren Lars Toft-Eriksen utanfor Munchmuseet på Tøyen der han til dagleg er konservator og kunsthistorikar.  På ytterveggen heng plakatar som reklamerer for den digitale utstillinga om Edvard Munch som fotograf;  «Det eksperimentelle selvet».

Lars Toft-Eriksen står fast på at Edvard Munch ikkje nødvendigvis var noko geni, men at Rolf Stenersens biografi har vore eit viktig verktøy for å danna den myten. Og han meiner at Rolf Stenersen har treft midt i blinken.

 – Han har ikkje bomma på noko som helst. Eg har sett på korleis boka fungerer som tekst. Og den er ei anekdotesamling og ingen vitskapleg biografi slik som me ofte tenkjer at biografiar skal vera.  Det mytologiske står sentralt i den bok , og den er ein innertiar når det gjeld å teikna opp eit mytisk bilete av Munch.  No veit eg ikkje kva som var intensjonen til Stenersen, men det kan tenkjast at han var fortruleg med ei slik tilnærming, trur Toft-Eriksen.

Veldig opptatt av sitt ettermæle

Og Lars Toft-Eriksen er viss på at Edvard Munch sjølv ikkje hadde noko imot det.

– Munch var veldig opptatt av sitt eige ettermæle og si eiga mytebygging Det blir ein også ganske bevisst på når ein filologisk les tekstane hans og ser korleis dei same forholda endrar seg gjennom livet hans, der han skriv historier om igjen og fortel dei om att. Det er ikkje eit spørsmål om fakta, men eit spørsmål om å skapa ein røyndom, konstaterer Lars Toft-Eriksen. 

– Så på den måten blir han kunsten sitt svar på mytebygginga rundt verdas beste fotballspelar Lionel Messi?

– Ja, smiler han og flirer godt.

– Biografien på den tida var litt annleis i sjangeren og hadde andre rammer enn den har i dag. No har biografien i stor grad blitt vitskapleggjort. Det er gjerne historikarar og humanistar som skriv biografiar, men også ein del andre sjølvsagt. 

Dei moderne biografane har tatt til seg metodane til dei humanistiske faga, ein historisk metode, medan mange av biografane frå modernismen frå tidleg 1900-tal og eit godt stykke ut på det hundreåret hadde ein idé om at det fiktive skulle spela ei sentral rolle i biografien, fortel han.

Rolf Stenersen (1899-1978)

Norsk finansmann, idrettsmann og kunstsamlar.

21 år gammal tente han ein formue på kjøp og sal av skipsaksjar.

Rett før krigutbrotet i 1940 arbeidde han med kodeknekking i Forsvarsdepartementets opplysningskontor.

Bygde opp ei eiga kunstsamling med mange bilete av vennen Edvard Munch.

I 1936 gav han kunstsamlinga si til Aker kommune som seinare blei med i Oslo.

Skreiv biografien «Edvard Munch Nærbilde av et geni»  i 1944.

I 1971 gav han ei ny stor samling til Bergen kommune.

Døydde i Bergen i 1978.

Myten treng ikkje vera usann

Toft-Eriksen trekkjer fram den britiske forfattaren Virgina Woolf som ein sentral referanse.

– Ho skreiv ein god del tekstar om biografi, og mannen hennar var også ein prominent britisk biograf.

Virgina Woolf skriv at det fiktive er viktig for biografien for å kunna skapa eit heilskapleg bilete av eit menneske. Men dette måtte ikkje vera ein usannferdig, men ein sannferdig fiksjon.

Det er kanskje der Rolf Stenersen er for å kunna skapa det biletet han ynskjer av Munch. Då held det ikkje med fakta og kronologi og hendingar. Ein må ty til verda til fiksjonen. Slik skapte han ein myte, og den treng ikkje nødvendigvis vera usann, presiserer Toft-Eriksen.

Munch var ein original kunstnar

Og kva var myten Rolf Stenersen skapte om Edvard Munch?

Det kjem Lars Toft-Eriksen gjerne inn på.

– Eg har vore opptatt av myten om kunstnargeniet.  Det er ei sekkenemning,  ein floskel på ein måte, men det er jo eit forsøk på å  innpensla  eit særskilt bilete av kunstnaren og eigenskapar knytte til kunstnaren.

Eit element eg brukar mykje plass på, er ideen om originalitet og korleis Munch vert karikert som original gjennom veremåten, psykologien og kunsten. Sjølv om det blir brukt ei mytisk forteljing for å laga det biletet, vil ikkje det nødvendigvis seia at det er usant. Me kan godt seia at Munch var ein original kunstnar.

Lars Toft-Eriksen

Ferdig doktor frå UiO etter å ha skrive ei avhandling om Rolf Stenersens biografi: «Edvard Munch: Nærbilde av et geni» (1944), ved IFIKK på UiO.

Meiner at myten om geniet Edvard Munch blei skapt av Munch og Stenersen i fellesskap.

Arbeider til dagleg som kunsthistorikar og konservator på Munchmuseet.

(Kjelde: UiO og Lars Toft-Eriksen)

– Var det same tilfellet med andre kunstnarar som Munch såg opp til, som til dømes Vincent van Gogh eller hans litt yngre samtidige Pablo Picasso? 

– Biografien viser jo at han synest at andre kunstnarar enn han sjølv  ikkje er så interessante, bortsett frå Michelangelo og Leonardo da Vinci og Rembrandt, som han var svært opptatt av. Då samanliknar han seg  verkeleg  med dei  store, konstaterer  Lars Toft-Eriksen. 

Geniet er ein ideologisk konstruksjon

Lars Toft-Eriksen sjølv har ikkje konkludert med om han skal sjå på Edvard Munch som ein god kunstnar som var god til å utvikla kunsten sin og til å gjera den kjent, eller som ein genial kunstnar.

– Der skal eg vera forsiktig med å seia noko.  Men det ligg jo litt i korta i avhandlinga at eg meiner at geniet er ein ideologisk konstruksjon. Det er ei førestelling. På den måten var han nok eit geni både i biografisk forstand og i korleis han iscenesette seg sjølv som eit geni. Det eg var opptatt av i avhandlinga, var ikkje å sjå på det geniale som personlegdomstrekk eller ein psykologisk faktor, men å sjå på det som ein ideologisk faktor. Det grip inn i estetikken til kunstnaren, men også i psykologi, medisin og i politiske forhold, fortel han.

Men Rolf Stenersen var ikkje den første som prøvde å byggja opp ein myte om at ein person er eit geni. Lars Toft-Eriksen minner om at det var endå vanlegare over hundre år tidlegare.

– Geniet er størst på 1800-talet, men ut på 1900-talet får geniet ein litt meir problematisk klangbotn. Allereie rundt hundreårsskiftet ser dei på at dyrkinga av einaren lett kan takast til inntekt for politiske ideologiar som går utover fellesskapet.  Det skjer jo med nazismen og dyrkinga deira av det forkrøpla nietschianske overmennesket.

ORIGINAL: – Eit element eg brukar mykje plass på, er ideen om originalitet og korleis Munch vert karikert som original gjennom veremåten, psykologien og kunsten, fortel Lars Toft-Eriksen. Han fekk eit Munch-stipend som gjorde det mogleg for han å ta doktorgrad på UiO medan han jobba 50 prosent for Munchmuseet. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– Paradoksalt

Kunstsamlaren Rolf Stenersen var under den andre verdskrigen også ein kjent motstandsmann i kampen mot den tyske okkupasjonen av Noreg. Ideologisk stod han svært langt frå ideologien om dyrkinga av einaren. Også den biten av historia har Lars Toft-Eriksen tatt opp i avhandlinga si.

– Det er litt paradoksalt. For Stenersen var ein motstandsmann og kjente blant andre den tysk-austerrikske psykoanalytikaren Wilhelm Reich veldig godt.

Han måtte flykta frå Tyskland fordi han skreiv ei bok om Fascismens massepsykologi.  Der er han inne på geniomgrepet.  Boka kjem ut i 1933, blir forboden i Tyskland, og så flyktar han til Danmark og seinare til  Noreg.  I boka viser han korleis føraren, altså Adolf Hitler, er ein  slags genifigur, ikkje ein politisk figur, men altså den ideologiske førestellinga som Hitler fremjar. Hitler blir ei personifisering av det ariske geniet. Det var Reich opptatt av, forklarar han.

Toft-Eriksen viser også til at Rolf Stenersen både gjekk til analyse hos Reich og var med på å finansiera arbeidet hans.  Derfor undrar det han at nettopp Stenersen skulle skriva om geniet.

Nordens geni

– Derfor er det litt paradoksalt at Stenersen brukar det omgrepet i 1944. Vel å merka er det berre ein stad i boka han brukar det, og det er i tittelen. Det synest eg også er interessant å tenkja på. Stenersen flyktar til Sverige og skriv boka ferdig der. Han er litt tvetydig i det nasjonale og det nasjonalistiske, har Toft-Eriksen notert seg. 

– Før Stenersen kom ut med biografien sin, skreiv mellom andre Jens Thiis bøker om Munch. Mange av desse bøkene er opptekne av det nordiske faktoren hos Munch som gjer han original. Då snakkar dei om Nordens geni og det nordiske geniet. Dei knyter det opp til det nasjonalromantiske landskapet som me eigentleg ikkje finn hos Munch, men likevel prøver dei å lesa han inn i det.  På den måten er Rolf Stenersen ganske på kant med dei andre forfattarane, som til dømes Jens Thiis, som på den tida var direktør på Nasjonalgalleriet, seier Toft-Eriksen.  

Fekk eit ekstra Munch-stipend frå UiO

Det var litt tilfeldig at utstillingsansvarleg Lars Toft-Eriksen på Munch-museet begynte å skriva ei doktoravhandling om Rolf Stenersens biografi om Edvard Munch. Sjansen fekk han gjennom forskingssamarbeidet mellom  Munchmuseet og Universitetet i Oslo.  

– I 2013 tok dåverande UiO-rektor Ole Petter Ottersen initiativ til eit Munch-stipend. Det blei utlyst, og eg søkte på det, men fekk det ikkje. Eigentleg var eg glad for det, for då  måtte eg ha sagt opp stillinga mi her. I 2014 tok instituttleiar Mathilde Skoie ved Institutt for filosofi, idé- og kunsthistorie og klassiske språk (IFIKK) initiativ til å finansiera endå ein doktorgrad, for dei meinte at eg var ein god kandidat til å kunna gjera det, fortel han.

Lars Toft-Eriksen trur det var viktig at han også hadde bakgrunn frå Stenersen-museet.  

– Eg kjenner godt til norsk 1930-tal. Det er mitt spesialområde. Så har eg også jobba mykje med samtidskunst og møtt ein del kunstnarar som framleis lever og  spinner rundt denne genimyten. Refleksjonen rundt kunstnaren som kulturell figur har interessert meg. På den måten blei boka til Rolf Stenersen ein fin inngang til det, synest han.  

Møtte sjølverklært geni

Og myten om geniet er framleis levande.

– Eg møtte ein svært berømt norsk kunstnar i Basel ein gong. Då fortalde eg henne at eg skreiv ei avhandling om kunstnaren som geni. «Ja, då kan du skriva om meg!", var kommentaren hennar, ler Lars Toft-Eriksen.

Når han sjølv no vender tilbake til arbeidsgjevaren sin på fulltid, blir arbeidsplassen etter nyttår Munchmuseet i Bjørvika.

– I den første utstillinga eg får ansvaret for, vil også ein del av funna i doktoravhandlinga mi om bygginga av Munch som geni, vera med. Seinare kan det kanskje bli ei bok, håpar han.  

 

Emneord: Kunst, IFIkK, Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 16. sep. 2020 04:30 - Sist endra 16. sep. 2020 11:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere