Koronaen inspirerte Dan Banik til å laga podkast

Folk i 160 land har lytta på podkasten til  UiO-professor Dan Banik.

– Koronapandemien gav meg ideen, fortel han.

Ein mann med headset set framfor eit bord med to PC-ar

MEKKAR PODKASTEN HEIME: SUM-professor Dan Banik lagar kvar episode av podkasten sin heime i kjellarstova. – Det tar mellom sju og åtte timar å laga ein episode, fortel han.

Foto: Ola Gamst Sæther

Det er heime i si eiga kjellarstove professor Dan Banik på Senter for utvikling og miljø (SUM) ved UiO held seg når han skal laga nye episodar til podkasten sin «In Pursuit of Development». Der har han to svære PC-ar, høgtalarar og headset. Frå dette vesle kontrollrommet intervjuar han forskarar, journalistar, aktivistar, leiarar av internasjonale organisasjonar og politikarar frå heile verda som forskar på eller er interesserte i global utvikling. Han har allereie produsert to sesongar av podkastserien sin og er godt i gang med den tredje. 

Tidlegare har utviklingsforskaren Dan Banik vore ein pionér på UiO ved å utvikla nettbaserte kurs gratis tilgjengelege for heile verda, også kalla MOOC. Han har også utvikla fleire populære kurs for sine eigne studentar på SUM og på Institutt for statsvitskap.

 • Les også: Noregs første internasjonale MOOC-kurs i gang på UiO

Han oppdaterer Noregs første internasjonale nettkurs om utvikling

– Deadline kvar onsdag klokka 08.00

Men han avviser at podkasten er ein fusjon mellom dei tidlegare verktøya han har brukt. 

– På ingen måte. Dette er meir samtalar om viktige globale spørsmål mellom meg og forskarvenner som Francis Fukuyama, Emma Mawdsley  og James Scott. Nokre gonger blir det også samtalar med tidlegare politikarar og venner som Gro Harlem Brundtland. Så langt har eg publisert ein episode i veka som alltid skal vera klar for publisering onsdag kl. 08.00, fortel han. 

Og tilbakemeldingane får han på ulike podkastplattformer som Apple og Google og til Twitterkontoen sin.

– Den viser at eg har lyttarar i 160 land på alle kontinent, ja, både i Kina, USA, Mexico, Kenya og i Australia lyttar dei til podkasten min, fortel han stolt.  

Tar opp utvinningsindustri før klimatoppmøtet

– For meg er det viktig at mine samtalepartnarar kjem frå alle verdsdelar, slik at  får sett fokus på ulike aspekt av global utviking, inkludert kva som fungerer, kvar og kvifor. Han fylgjer ikkje pensumslista til studentane, men heller det som skjer av aktuelle debatter i verda når han finn på tema til podkastepisodane.

– Derfor handlar  den siste podkasten om utvinningsindustri i forkant av klimatoppmøtet i Glasgow, medan den som kjem ut 10. desember vil handla om Nobels fredspris, fortel han til Uniforum.

– Universitet tilrår podkasten

Dan Banik gir koronapandemien skulda for at han sette i gang med å laga podkastar.  

– Den 12. mars 2020 kom eg tilbake til Noreg etter eit forskingsopphald i Malawi. Der hadde eg undervist studentar i global utvikling gjennom fleire uker. Så blei alt stengt ned i Noreg. Då kom eg på at eg kunne laga ein podkast for alle som er interesserte i miljø- og utviklingsspørsmål. Eigentleg skulle den ikkje vera undervisingsrelatert, men eg har likevel opplevd at mange universitet rundt i verda tilrår podkasten som supplement til studentane sine, seier han godt nøgd.

Solheim og Solhjell besøkte kjellarstova

Gjennom dei åra han har halde på, har han hatt samtalar med både   Francis Fukuyama frå Stanford. Paul Collier frå Oxford, Atul Kohli frå Princeton og Branko Milanovic frå City University i New York..

– Eg drar fordel av vennskap og kjennskap, vedgår han. 

Det er likevel berre to av dei han har intervjua som har vore på besøk i studioet i kjellarstova på Ullevål.  

– Det er tidlegare utviklingsminister Erik Solheim og tidlegare miljøvernminister Bård Vegar Solhjell, avslører han. 

 

GLAD:  – Land som Sør-Afrika, Nigeria, Malawi, Etiopia og Kenya er alle blant dei femten landa der flest personar lyttar på podkasten min, seier SUM-professor Dan Banik glad. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

Mange lyttarar i Afrika

Tilbakemeldingane viser at podkasten har flest lyttarar i Noreg, USA, Storbritannia, Tyskland og India. 

Men det som gler han aller mest er den store lyttarskaren podkasten har fått i Afrika.  

– Land som Sør-Afrika, Nigeria, Malawi, Etiopia og Kenya er alle blant dei femten landa der flest personar lyttar på podkasten min, fortel han stolt. 

Dan Banik har også kartlagt lyttarane.

– Dei er ei salig blanding av professorkollegaer, studentar, journalistar, FN-tilsette, politikarar, folk frå bistandsorganisasjonar og tenketankar, pensjonistar og aktivistar. Det dei har til felles er interessa for global utvikling, og ikkje minst berekraftig utvikling og fattigdomsreduksjon fortel han.

– Brukar helga til å produsera podkasten

Dan Banik synest ein podkast har store fordelar samanlikna med andre kommunikasjonsverktøy.  

– Du kan lasta den ned på mobilen og lytta på den medan du går, spring, støvsugar eller gjer heilt andre ting. Og fila tar liten plass samanlikna med ein video, trekkjer han fram.

Den einaste ulempa han ser, er at arbeidet med podkasten i perioder går hardt utover familielivet og fritida hans.

– Medan sesongen står på brukar eg mest store deler av helga på å redigere ferdig ein ny episode av podkasten. Og det kan ta mellom sju og åtte timar å redigere lydfila i tillegg til sjølve opptaket og forarbeidet, slår han fast. 

– Fordel med indiske røter

Dei første gongene fekk han hjelp frå ein kommunikasjonsrådgiveren ved SUM.  

– No gjer eg nesten alt sjølv, men får hjelp av studentassistentar med transkripsjon slår han fast. 

SUM-professoren har også eit klart mål for podkasten. 

– Meininga er at podkasten skal vera ein møteplass for gode idear og løysingar sjølv om me også er opptatt av å visa fram utfordringar.  Sjølv ser eg det som ein fordel at eg er ein person med indiske røter med 30 år lang butid i Noreg. På den måten ser lyttarane mine på meg som ein som kan visa fram saker frå ulike vinklingar.

Dei neste personane han skal snakka med inkluderer den berømte statsviteran Joseph Nye frå Harvard og økonomen Daron Acemoglu frå MiT (Massachusetts Institute of Technology). Han håpar også å kunna snart laga ein episode med nyleg utnemnt utviklingsminister, Anne Beathe Kristiansen Tvinnerreim.

– Den sistnemnde var eg rettleiar for då ho var masterstudent i statsvitskap, fortel han til Uniforum.

Dan Banik ser også arbeidet med podkasten som eit viktig døme på den type formidling som skjer på universiteta. 

– Det viser at forskarar er opptekne av å formidla både eiga og andre si forsking til eit stort publikum. Derfor trur eg podkasten eg lagar er bra både for omdømet til  UiO og Noreg. Slik kan norske perspektiv på global utvikling bli formidla vidare til eit stort publikum, slår han fast.

Gladast for tilbakemelding frå tenåring

Dan Banik er glad for alle dei hyggelege tilbakemeldingane han får frå lyttarar. Det er likevel ein annan reaksjon som gler han mest.  

– Det var då vennen til den 15 år gamle sonen min hadde fortalt han at det var skikkeleg gode greier faren hans heldt på med, fortel han. 

For Dan Banik er ikkje dette berre formidling av fag.

– Det er også ei demokratisering av kunnskap som gjer det mogleg for alle å høyra på dei fremste forskarane innan global utvikling, synest han. 

Dan Banik set også stor pris på at Senter for utvikling og miljø nominerte han til UiOs formidlingspris for mellom anna arbeidet med podkasten.  

– Det er fint å vera på ein arbeidsplass der dei tillét medarbeidarane sine å gjera slike ting.

– Er blitt hekta

Sjølv ser han likevel eit ankepunkt med denne typen formidling.

– Eg er blitt hekta og får eit adrenalinkick kvar gong det går ein ny episode på lufta, smiler han.

Den førebels siste episoden i sesong 3 av podkasten til Dan Banik blei publisert onsdag 27. oktober kl. 08.00. Og den handlar altså om relevante tema i forkant av klimatoppmøtet i Glasgow.

Og podkasten finn du her og på alle store podkastplattformer.

 

 • Les meir om Dan Banik i Uniforum: 

Han oppdaterer Noregs første internasjonale nettkurs om utvikling

Dan Banik - toppforskeren som hater avskjeder

Akademisk superstjerne samla fullt hus i Aulaen

SUM-forsker: Ironisk at denne regjeringa kutter i bistandsforskning

Noregs første internasjonale MOOC-kurs i gang på UiO

Politisk frihet hindrer hungersnød

 

Emneord: Globalisering, Internasjonalisering, Forskningsformidling Av Martin Toft
Publisert 28. okt. 2021 11:17 - Sist endra 28. okt. 2021 11:17
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere