Han oppdaterer Noregs første internasjonale nettkurs om utvikling

Over 12 000 studentar over heile verda har tatt nettkurset What Works sidan det blei lansert for fem år sidan. No har initiativtakaren, Dan Banik ved SUM oppdatert kurset med nye førelesingar om internasjonal utvikling.

Ein førelesar står framfor ei gruppe med sitjande studentar

NETTKURS I UTVIKLING:  – No er dette rett kurs til rett tid, og det er fint å kunna revidera det med eit optimistisk blikk, seierprofessor Dan Banik ved Senter for utvikling og miljø, UiO.  Her har han førelesing for studentar ved University of Malawi.

Foto: Dan Banik

Det var i 2015 professor Dan Banik på Senter for utvikling og miljø på UiO lanserte Noregs første internasjonale nettbaserte førelesingsserie (MOOC) for første gong. No er kurset What Works. Promising Practices in International Development både revidert og oppdatert med nye videoar, førelesingar og anna innhald.

• Les i Uniforum: Noregs første internasjonale MOOC-kurs i gang på UiO

Kva er MOOC?

Massive Open Online Courses (MOOC) er kurs tilbydde over internett. Blir tilbydde gratis til svært mange personar. Brukaren loggar seg inn på ei nettside og melder seg på.

MOOC skil seg frå tradisjonelle universitetsstudium gjennom at kursa er opne for absolutt alle. I utgangspunktet krev deltaking berre at den som vil delta har tilgang til nettet.

 UiOs første MOOC-kurs heiter What works? og blir leidd av professor  Dan Banik ved Senter for utvikling og miljø (SUM).

(Kjelder: MOOC-utvalets første delrapport, desember 2013 og professor Dan Banik ved SUM)

 

– Den gongen såg verda litt annleis ut. Det har kome nye utviklingsagendaer som berekraftsmål. Mange land i Afrika som Etiopia, Tanzania og Rwanda har oppnådd vekst. No er me i ei global krise, der alle er deprimerte og alt verkar ganske håplaust. No er dette rett kurs til rett tid, og det er fint å kunna revidera det med eit optimistisk blikk, seier Dan Banik til Uniforum.  

– Har tatt opp førelesingar i hagen og i stova

Det var i 2013 at han fekk ein førespurnad frå dåverande UiO-rektor Ole Petter Ottersen og Universitetets senter for informasjonsteknologi (USIT) om å setja i gang det som blei det aller første MOOC-kurset på UiO.  Den første månaden melde over 6500 studentar seg på, og sidan den gongen har til saman 12 000 studentar i 150 land tatt kurset, opplyser Dan Banik.  No håpar han at endå fleire vil ta kurset etter at det er blitt meir aktualisert.

– Det som er nytt er mange nye førelesingar som er tatt opp i hagen min eller i stova og i ulike andre lokale. Dessutan så har me gjort det mogleg å lasta kurset direkte ned frå UiOs nettsider. Tidlegare var me avhengige av å bruka internasjonale MOOC-plattformer, dei hadde sine avgrensingar, nokre av dei tar seg betalt for diplom. No har me gjort det mykje enklare med hjelp frå USIT og UiOs kommunikasjonsavdeling. Det har gjort det mogleg å lenkja frå YouTube-kanalen vår, og så kan du ta kurset når du vil. Me eig alt. No er det oppdatert med innhald og så kan folk ta det direkte ned frå UiOs nettside. Det er dei store nyhenda med MOOC-en vår, seier Dan Banik.

Alle kan fylgja kurset uansett alder

 – Korleis har interessa for det oppdaterte kurset vore så langt?

–  Det blei først publisert sist torsdag. Det er også gjort kjent via UiOs twitterkonto og i ulike sosiale media.  Derfor har me fått ei viss merksemd. Eg har dessutan forsøkt å marknadsføra den YouTube-kanalen som MOOC-en vår står bak. No treng me masse blest om det oppdaterte kurset vårt, seier han.

 For han er det viktig å understreka at dette er eit kurs som alle kan fylgja uansett alder og profesjon. – Ja, både skulebarn, studentar, unge og gamle kan fylgja kurset. Og no håpar eg at me får opp sjåartala våre på YouTube-kanalen vår, seier han. 

Er det mange som tar kurset for å skaffa seg ekstra studiepoeng?

– Nei. Nettopp på grunn av koronasituasjonen, er det ikkje lagt ut som eit vanleg kurs.  Det er eit emne som eg tidlegare har gitt ved SUM som fører til studiepoeng. Det eg kan tenkja meg er at til hausten kan me tilby dette til studentane der dei kan sjå ferdige førelesingar. Etterpå kan me ha intensive diskusjonstimar anten på nettet eller ein stad der det går an å møta dei fysisk. Målet vårt er å laga ein MOOC som heile verda ser på, fortel han.

Møter også nettkursstudentane

Men Dan Banik treffer også studentane på studiestaden.

 – Samtidig har me samla 20-25 studentar tre-fire gonger, som har sett førelesingane mine på førehand og treft meg på intensive diskusjonar. Det kunne eg absolutt ha tenkt meg å tilby dei neste månadene. Me er ikkje sikker på kor lenge UiO vil vera stengt, så derfor tilbyr med det kurset no.  Då kan det henda at me tilbyr studiepoeng for kurset i næraste framtid, seier han.

– Francis Fukuyama og Gro Harlem Brundtland er med

Det første kurset hadde med ein god del kjendisar frå forsking og politikken. Og Dan Banik fortel at den nye versjonen inneheld både intervju med dei same kjendisane som sist, men dei har også inkludert nye.

– Ja, mange av dei same kjendisane er med som Francis Fukuyama og Larry Diamond frå Stanford University, Alice Evans frå King`s College London, fleire kjende afrikanske kollegaer og Erik Solheim har også lovt å laga ein ny video. No har me fem delar i kurset, men det finst ikkje noka avgrensing i kva eg kan gjera. Eg kan byggja det vidare. Neste plan er å spørja framifrå økonomar, andre samfunnsvitarar og politikarar om å bidra med meir til innhaldet. Mange sit jo koronafaste heime, så om dei har eit webkamera, kan dei ta opp noko no, som me kan leggja ut. Akkurat som eg har lagt ut intervjuet som eg gjorde med Gro Harlem Brundtland.

Brukar nye verktøy

Arbeidet med MOOC-en har også gjort at Dan Banik har tatt i bruk nye verktøy for å laga videoar.  Han har mellom anna tatt i bruk drone for å ta bilete. 

 – Tidlegare har eg berre brukt vanleg mobiltelefonkamera for å gjera opptak. No har eg brukt ¨Screencast-omatic, der eg kan bruka både bilete og PowerPoint ved sida av førelesinga. Eg har tatt opp i Afrika, både i Malawi og Rwanda og laga førelesingar med bilete. Sånn sett blir det ikkje berre video, slik som før. No prøver me ut ei fin blanding av video, powerpoint og bilete.  Dessutan har me oppdatert litteraturlista med mange nye artiklar, med fokus på gratis tilgjengeleg lesestoff. Om du har tusen sider stort pensum, så er det litt annleis om du får det gratis enn om du må betala for det, understrekar han. 

Dan Banik meiner derfor det er viktig med forskingsartiklar som blir tilbydd gjennom open tilgang.

–  Sjølv har eg publisert fleire bøker og artiklar som er ope tilgjengelege for alle på nett. Dei blir alle lenka opp. Dei som vil kommunisera me oss på sosiale media eller på Facebook kan koma i kontakt med oss på ein spesiell hashtag #whatworksuio, og samtidig kan dei reflektera over nokre av dei spørsmåla som me har formulert.

Ebola-førelesing

Dan Banik nemner spesielt ei bestemt førelesing.

– Det er ei førelesing om ebola. Kva var det som fungerte med ebola? Korleis vil det påverka arbeidet med koronasmitte. Det kan bli dagsaktuelt, tykkjer han.

Nettkurset er gratis for alle.

– Det er midt i blinken for alle som er interessert i å få inn eit optimistisk blikk på utvikling og om du har lyst til å fordjupa deg i desse perspektiva relatert til fattigdom, økonomisk vekst, demokrati, berekraftsmål, ja alt dette, er oppfordringa han kjem med. 

No lovar Dan Banik at det kan koma fleire kurs som MOOC.

– I januar gav me eit fem studiepoengskurs i berekraftsmål. Det har me tatt opp. Og det skal bli det neste gratis nettkurset som me kan tilby om kort tid. Meininga var at det var den modulen som skulle leggjast ut først, men sidan me hadde ein del videoar igjen frå nettkurset What Works, kom me til at det var best å leggja den ut først og oppdatera innhaldet. Eg håpar at ikkje berre studentar, men også forskarar vil vera interesserte i nokre av desse videoane, seier han.

Les meir om nettkurset What Works

Emneord: SUM, Internasjonalisering, Utviklingshjelp Av Martin Toft
Publisert 2. apr. 2020 04:30 - Sist endra 2. apr. 2020 08:36
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere