Det var Oslo Academy of Global Governance og Senter for utvikling og miljø ved UiO som hadde invitert Francis Fukuyama til Universitetet i Oslo. Fukuyama er mest kjent for boka The End of History and the Last Man, som kom ut i 1992. I bestseljaren The Origins of Political Order: From Prehuman Times to the French Revolution (2011) fylgjer han historia frå dei første stammesamfunna til den første statsdanninga i Kina og byrjinga på dei første lovstyrte statane i India og Midtausten og heilt fram til Den franske revolusjonen.
I den siste boka Political Order and Political Decay: From the Industrial Revolution to the Globalization of Democracy (2014) fylgjer han opp historia frå Den franske revolusjonen og til den arabiske våren og fram til det han kallar dagens dysfunksjonelle system i amerikansk politikk. Fukuyama har også sett på korleis korrupsjon har påverka styresettet i nokre statar, medan andre statar har klart å fjerna det totalt. Politisk har han blitt rekna som både liberal og konservativ.
Ifylgje Wikipedia kan han karakteriserast som utviklingsoptimist, samtidig som han åtvarar mot transhumanismen. Han er fødd i Chicago, medan farfaren hans flykta frå den russisk-japanske krigen til Los Angeles i 1905. Etter det japanske åtaket på Pearl Harbor blei farfaren sett i ein interneringsleir. Faren til Francis Fukuyama hadde doktorgrad i sosiologi, men underviste i teologi ved University of Chicago. Mora hans var dotter av grunnleggjaren av Det økonomiske fakultetet ved Kyoto-universitetet i Japan.
Det er professor Dan Banik ved Senter for utvikling og miljø som har samarbeidt nærast med Francis Fukuyama under fleire forskingsopphald på Stanford-universitetet. Det er også han som har fått Fukuyama med som bidragsytar på Universitetet i Oslos aller første MOOC-kurs.
Møtet med Francis Fukuyama blei også direktesendt på Aftenpostens nett-TV onsdag 7. oktober.
Les meir om Francis Fukuyama på UiOs nettsider.
(Kjelder: UiOs nettsider, Senter for utvikling og miljø, Uniforum og Wikipedia)
Logg inn for å kommentere