UiO-leiinga markerte gjenopninga etter pandemien

– Dette er ein gledens dag i Lucy Smiths hus, sjølv om det er gråvêr ute. Det sa fungerande prorektor Åse Gornitzka ved UiO då ho tok imot tilsette første arbeidsdag etter gjenopninga.  

MARKERER GJENOPNINGA: Prorektor Åse Gornitzka delte ut kaffi og twist til seniorrådgjevar Lars Øen og andre UiO-tilsette i dag tidleg.  I bakgrunnen seksjonsleiar Ingunn Wiig og kommunikasjonsdirektør Berit Kolberg Rossiné (delvis skjult)

Foto: Martin Toft

Dei som kom tidleg på jobb i Lucy Smiths hus i dag blei møtt av  prorektor Åse Gornitzka og universitetsdirektør Arne Benjaminsen. Begge stod for utdeling av kafffi og twist til alle som ville ha, godt sekunderte av seksjonsleiar Ingunn Wiig og kommunikasjonsdirektør Berit Kolberg Rossiné. 

– Dette har me venta lenge på, heile 18 månader, hadde Arne Benjaminsen rekna ut.

Både han og Åse Gornitzka synest dette var ein fin måte å markera avslutninga av koronapandemien på. Begge synest UiO hadde takla det bra. 

– Eg tykkjer me har klart å motbevisa påstanden om at kyrkjegardane og universiteta har ein ting til felles: Dei klarer ikkje å bevega seg, kommenterte Åse Gornitzka.

– Dei tilsette har vore flinke til å handtera situasjonen

Og Arne Benjaminsen kvitterte med statistikk.

– Den viser at talet på uteksaminerte studentar har auka, og det har også talet på vitskaplege artiklar skrivne av forskarar på UiO, slo han fast. 

– Dei tilsette har vore veldig flinke til å handtera den situasjonen som oppstod frå den 12. mars 2020, tykkjer Åse Gornitzka og Arne Benjaminsen.  

No blir alle restriksjonane også på UiO oppheva.  Det stadfestar Arne Benjaminsen. 

– Men oppfordringa til hyppig handvask, bruk av anti-bac, hosting og nysing i armhola og å halda seg heime om ein er forkjøla eller føler seg dårleg, står fast, understrekar han overfor Uniforum.  

Også den permanente ordninga med heimekontor vil falla vekk.

– Dei tilsette må avtala med næraste leiar om dei skal ha heimekontor på fast basis, medan det sjølvsagt er mogleg å jobba heime når det er mest praktisk. Hovudregelen er at folk skal koma på jobb på Universitetet i Oslo, poengterer han.

Ideen kom frå leiinga

Då Uniforum var på plass kom morgonfuglane i Lucy Smiths hus, og dei fleste takka ja til både kaffi og twist før dei hasta forbi. 

Kommunikasjondirektør Berit Kolberg Rossiné avslører kven som kom med forslaget om ei markering av gjenopninga.

– Det var leiinga som kom med den ideen, fortel ho.  

I dag var det prorektor Åse Gornitzka som  stilte opp som kaffi - og twistutdelar. For rektor Svein Stølen var reist på sin første utanlandstur etter pandemien. Og den reisa gjekk til Beograd, får Uniforum opplyst. 

 

• Les meir om koronapandemien i Uniforum: 

Fysiske førelesingar utan einmeteren er i gang på UiO

Viserektor Bjørn Stensaker gler seg over at avstandskravet for studentane er borte

Har brukt millioner på korona-ombygging- endelig åpnet igjen

UiO-forskere med sensasjonelt funn: Blodtype 0 beskytter deg mot korona

Korona : Alle universitet, høgskular, skular og barnehagar i Noreg må  stengjast i to veker

 

Emneord: Koronavirus, Koronaviruset Av Martin Toft
Publisert 27. sep. 2021 10:07 - Sist endra 28. sep. 2021 11:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere