Budsjettmodellen fekk både kritikk og forståing i Universitetsstyret

Styremedlem Idar Kreutzer i Universitetsstyret åtvarar mot å endra budsjettmodellen. – Det ville vera å opna ei Pandoras øskje, sa han på sist møte.

Fleire personar sit rundt eit bord i ein svær sal

PÅ TVERS: – Me håpar å jobba for tverrfaglege forskingsprosjekt på tvers av fakulteta. Dessutan ynskjer me fleire tverrfaglege studie- og forskingsprogram, minna Idar Kreutzer om, då Universitetsstyret diskuterte prioriteringane på budsjettet for 2022. (Arkivfoto) 

Foto: Ola Gamst Sæther

I diskusjonen i Universitetsstyret 4.mai om prioriteringane på budsjettet for 2022, trekte fleire fram at dagens budsjettmodell fører til at fakulteta som regel alltid får overført den same ramme dei har hatt tidlegare. Styremedlem Olav Gjelsvik gjorde det etter møtet heilt klart overfor Uniforum at han helst ikkje ville ha sentrale satsingar.

– Styret bruker ikkje pengar på ein tilstrekkelig kvalitetssikra måte. Eg ser helst at UiO ikkje har sentrale satsingar i det heile - men det er ei tapt sak. Eg vil heller sende pengar, om ein skal sende pengar frå styret, rett til dei miljø som er vurdert til å halde svært høg kvalitet av uavhengige ekspertar, sa Olav Gjelsvik.

– Vil ha prinsipp som kan tene og fremje dei akademiske verdiane

Han føreslo også at styret burde vedta nye prinsipp for fordelinga mellom grunneiningane.

– Men styret bør etter mitt syn vedta nye prinsipp for fordelinga mellom grunneiningane - prinsipp som kan tene og fremje dei akademiske verdiane, og ikkje arbeide mot eller på tvers av desse verdiane slik økonomisystemet i stor grad gjer i dag. Dette er viktig for meg - er det ein samanheng med kvar vi vil at UiO går og økonomi- og budsjettsystemet slik at desse kreftene trekkjer i lag, spurte Olav Gjelsvik. Han fekk svar frå rektor Svein Stølen.

– Det blir no jobba med ein ny finansieringsmodell, opplyste han.

– Ville vera å opna ei Pandoras øskje

Ekstern representant Idar Kreutzer var opptatt av det han ikkje fann i forslaget til prioriteringar.

– Eg saknar noko meir om Livsvitskapssenteret og Innovasjonssenteret, sa han. Når det gjeld dei generelle punkta om budsjettet for 2022, tykte han det var viktig å sjå det i samanheng med den vedtatte strategien. – Me har vedtatt strategi 2030. Og me vidarefører rammene for fordelinga. Det er viktig at det blir samsvar mellom strategien og fordelinga, understreka han. Likevel ville han rå frå ei endring av budsjettmodellen.

– Det ville vera å opna ei Pandoras øskje, åtvara han.

Idar Kreutzer var klar på kva Universitetsstyret har og bør halda fram med å jobba for.

– Me håpar å jobba for tverrfaglege forskingsprosjekt på tvers av fakulteta. Dessutan ynskjer me fleire tverrfaglege studie- og forskingsprogram, minna han om.

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen forklarte at budsjettmodellen som blir brukt, er den som Kunnskapsdepartementet brukar. Den kan justerast ved bruk av open eller lukka ramme. Mesteparten av utgiftene til UiO er knytte til lønn og bygningar.

– Me kan gjera endringar over tid, fortalde han.

– Hestane bit kvarandre på undervisningssida

Representant for dei vitskaplege Dag Harald Claes viste til kor gode røynsler han hadde hatt med eksternfinansiert tverrfagleg forsking under etableringa av Senter for ekstremismeforsking på Det samfunnsvitskaplege fakultetet. Overfor Uniforum utdjupar han kvifor han ikkje har like gode erfaring når det gjeld tverrfaglege studium.

– På undervisningssida bit hestane kvarandre, i motsetning til den eksternfinansierte forskinga. Dei aller fleste einingane, i alle fall på HUMSAM-området, har knappe ressursar i høve til talet på studentar kombinert med alle sine ønske om betre oppfylging av studentane, seier Claes.

Og han viser til kva som då kan skje.

– Når eit institutt har ansvaret for eit tverrfagleg bachelorprogram som krev undervisningsressursar frå andre eingar, oppstår dilemma for desse knytte til kvifor dei skal gi frå seg knappe undervisningsressursar til tverrfaglege program når dei har behov for desse på eigne disiplinære studieprogram, poengterer han.

– Fagleg gøy og stimulerande

Dag Harald Claes meiner likevel at det har blitt betre dei siste åra samanlikna med korleis situasjonen var, då “Internasjonale studier” blei oppretta i 2003.

– Eg vil påstå at det er først dei siste åra at me har fått innarbeidd Interprogrammet som ein ordinær og integrert del av de ulike einingane si undervisningsverksemd. Derav konklusjonen om at det er tungt å driva tverrfaglege studieprogram ved UiO. Eg kunne føya på at det er fagleg gøy og stimulerande, sjølv gjennom eit bachelorprogram, tykkjer han.

– God og riktig

Etter hans meining gjer ikkje budsjettmodellen dette arbeidet noko lettare, men i det store og det heile synest han den fungerer bra.

– Eg synest faktisk budsjettmodellen er god og riktig, mest mogleg pengar bør fordelast ned til einingane som er dei som utfører forskinga og undervisninga. Men, som eg antyda, dersom universitetsstyret ynskjer meir tverrfagleg forsking og undervisning, så bidrar ikkje dagens budsjettmodell til det. Då må styret vurdera om dei skal halde tilbake nokre midlar til stimulering av slik aktivitet, seier Dag Harald Claes til Uniforum.

– Universitetet sitt bidrag til å løysa store samfunns-utfordringar

Olav Gjelsvik slo fast fylgjande: – Intern budsjettfordeling stikk kjeppar i hjula for tverrfaglege studie- og forskingsprogram.

Ekstern representant Anne Marie Engel forklarte også kvifor det er så viktig med tverrfaglege forskingsprosjekt. – Eg synes dei tverrfaglege forskingsprosjekta er svært viktige som ein del av universitetet sitt bidrag til å løysa store samfunnsutfordringar, var grunngjevinga hennar.

Marianne Midthus Østby er representant for dei teknisk-administrative tilsette. Ho stilte spørsmål ved om dei langsiktige økonomiske konsekvensane for framtidig budsjett sett i lys av kostnadene knytte til nytt vikingtidsmuseum og reduksjon i billettinntekter for musea og reduserte pasientinntekter frå klinikkane på Det odontologiske fakultet.

– Eg stussar over at det ikkje synest å vera politisk vilje til å kompensere for noko av dette anten ved auka løyving over statsbudsjettet eller i form av ei krisepakke, sa Marianne Midthus Øsby. Ho ynskte også ein analyse om forskingskomponenten i budsjettet.

– Eg ber om om ei vurdering/analyse om potensielle risiko knytte til forskingskomponenten i budsjettet, gitt at mange vitskapelege under pandemien har brukt svært mykje av tida si på undervisning, eventuelt at dei ikkje har fått gjennomført forskinga si av andre grunnar, sa Midthus Østby.

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen trekte fram to tverrfaglege prosjekt som gode døme på UiO. – Lektorprogrammet og Honours-programmet Filosofi, politikk og økonomi (FPØ) har vore suksessar. Når det gjeld budsjettmodellen, må me sjå den i samanheng med styringsmodellen. Noko er øyremerkt, anna ikkje. Me må ta konsekvensen av dette, avslutta han.

Til slutt kom styret i målet med eit felles vedtak: Universitetsstyret sluttar seg til opplegget for fordeling for 2022.

Emneord: Økonomi, Universitetsstyret Av Martin Toft
Publisert 7. mai 2021 13:00
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere