Universitetsstyret vil ha lik behandling av nytt vikingtidsmuseum og Nasjonalmuseet

Universitetsstyret vil ha kompensasjon på lik linje med Nasjonalmuseet for bortfallet av billettinntekter under bygginga av nytt vikingtidsmuseum. Statsråd Henrik Asheim har derimot ingen planar om ei krisepakke for universitetsmusea.

To menn og ei kvinne ler inne i ein museumsbygning

BEGEISTRA: Både museumsdirektør Håkon Glørstad, forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og UiO-rektor Svein Stølen var svært begeistra for at den utvida Solberg-regjeringa i januar 2019 lova at dei ville setja i gang bygging av nytt vikingtidsmuseum. Året etter låg det ei startløyving i statsbudsjettet. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Det var under diskusjonen om kva prioriteringar UiO bør gjera i budsjettet for 2022 på møtet tysdag 4. mai, det kom fram at fleire i Universitetsstyret meinte at bygginga av eit nasjonalt viktig museum som eit nytt vikingtidsmuseum, ikkje burde gå utover den daglege drifta til moderinstitusjonen, altså Universitetet i Oslo.

Vil tapa 220 millionar i billettinntekter over 5 år

I styredokumentet går det fram at UiO må ut med 64 millionar kroner i 2022 på grunn av bortfallet av billettinntekter frå vikingskipshuset og finansiering av utstillingar. I løpet av dei fem åra byggjearbeidet vil gå føre seg, vil UiO tapa til saman 220 millionar kroner på manglande billettinntekter, samtidig som UiO må leggja ut for 77 millionar kroner til utstillingar.

– Dette er ikkje ei god løysing, og det vil gå utover studentane, peika styremedlem Olav Gjelsvik på. Han representerer dei faste vitskaplege tilsette i Universitetsstyret.

– Auka billettinntekter vil tilfalla oss

Ekstern styremedlem Idar Kreutzer påpeika at UiO tar vare på ei nasjonal forvaltningsoppgåve og at det belastar budsjetta til UiO.  

– Eg aksepterer presiseringa frå universitetsdirektøren og rektor som påpeikar at bortfall av inntekter som fylgje av bygginga, vil kunna kompenserast av auka billettinntekter framover. Slike auka billettinntekter vil tilfalla oss, sa Idar Kreutzer.

– Skal ikkje gå utover studentane og anna drift

Universitetsdirektør Arne Benjaminsen viste til at heile museumsbygget er fullfinansiert av staten.

– Ein stor del av både Vikingskipshuset og Historisk museum ved Kulturhistorisk museum har vore stengt under heile koronapandemien. Museumsdrifta skal ikkje gå utover studentane og anna drift, sa Arne Benjaminsen. 

Både Vikingskipshuset og dei andre musea til UiO har vore stengde under nesten heile koronapandemien.  

– Ynskjer den same ordninga som Nasjonalmuseet

Og rektor Svein Stølen sa at dei har jobba hardt for å få til ei løysing.

– Me må få den same kompensasjonen og dei same vilkåra for tapte inntekter frå Vikingskipshuset som for andre statlege museum, som til dømes Nasjonalmuseet har fått. Me har ikkje fått noka forståing i Kunnskapsdepartementet for det, konstaterte han.

Olav Gjelsvik meinte det var viktig å jobba lojalt med Kunnskapsdepartementet, men samtidig kanskje også setja i verk ei politisk mobilisering som får fram at vikingtidsmuseet er eit like nasjonalt prosjekt som Nasjonalmuseet.

– Eg er klar over at Svein Stølen gjer og vil gjera ein stor innsats. Det er viktig å få dette fram i lyset, sa han. Og Svein Stølen kom med ein klar bodskap til styresmaktene:

- Me ynskjer den same ordninga som Nasjonalmuseet har fått, sa Svein Stølen.

Lovar inga krisepakke for universitetsmusea

Men det ynsket får han ikkje oppfylt med det første, skal me tru forskings- og høgare forskingsminister Henrik Asheim. 

–Vi har ingen planar om å komme med ei eiga krisepakke for universitetsmusea. Universiteta og høgskulane er rammefinansierte. Det betyr at dei sjølve prioriterer kva pengane skal gå til og må sørgje for at dei kan gjere nødvendige justeringar i den situasjonen vi no står i. Skilnaden på universitetsmusea og andre er dermed at dei blir drivne av universitet som allereie får store overføringar, understrekar Henrik Asheim i ein epost til Uniforum.

– UiO har fått  87 millionar kroner over Utdanningsløftet  i 2021

Statsråden peikar på at universiteta og høgskulane allereie har fått ekstra pengar dette semesteret.

– Universiteta og høgskulane har fått betydeleg med pengar denne våren som kjem på toppen av den ordinære overføringa. Totalt kom det 1,6 milliardar kroner i det vi kalla for Utdanningsløftet 2020. I 2021 er satsinga på Utdanningsløftet vidareført og auka til nærare 2,8 milliardar kroner, av desse har UiO fått over 87 millionar kroner, slår han fast.

Så  trekkjer Henrik Asheim fram andre tildeliingar frå regjeringa.

– Vi har sett av pengar til oppgradering og tilpassing av forskings- og undervisingslokale og til stipendiatar og postdoktorar som blei forseinka i løpa sine, for å nemne noko, poengterer han i eposten til Uniforum.

Vil ikkje avsløra noko frå revidert

–Vil regjeringa leggja inn øyremerka midlar til dette i forslaget til statsbudsjett for 2022 eller i revidert budsjett førstkomande tysdag?

– Kva som kjem, og ikkje kjem, i revidert nasjonalbudsjett blir kjent på tysdag. Statsbudsjettet for 2022 jobbast det med no og det kjem i oktober, fortel Henrik Asheim til Uniforum.

 

Emneord: Vikingskipshuset, Vikingskipene, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. mai 2021 10:56 - Sist endra 7. mai 2021 12:16
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere