Dei tok ein high five for nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy

I 2025 kan ein nytt vikingtidsmuseum opna dørene på Bygdøy. Det er klart etter at  den utvida Solberg-regjeringa  i går lova å starta bygginga av museet. Både UiO, Kulturhistorisk museum og Kristeleg Folkeparti gir Venstre æra for at dette er blitt realisert.

BEGEISTRA: Både museumsdirektør Håkon Glørstad, forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og UiO-rektor Svein Stølen var svært begeistra for at den utvida Solberg-regjeringa vil setja i gang bygging av nytt vikingtidsmuseum. Derfor tok dei ein high five på Vikingskipshuset.

Foto: Ola Sæther

Nyhendet om at den nye firepartiregjeringa til Erna Solberg vil setja i gang bygging av nytt vikingtidsmuseum, kom som ei overrasking både for UiO-leiinga og leiinga ved Kulturhistorisk museum.  På kort varsel klarte dei likevel å stilla opp med kaker og brus i Vikingskipshuset  på Bygdøy for å markera gladsaka. 

Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø gjorde entré ved å ta ein high five med museumsdirektør Håkon Glørstad medan UiO-rektor Svein Stølen var eit einaste stort smil.

I mål etter 100 år

Som vert var det museumsdirektør Håkon Glørstad som først tok ordet. 

– Velkommen til ein gledesdag. No er me endeleg komen i mål etter ein 100 år lang floke om korleis me best skal ta vare på vikingskipa. Me har hatt nokre fantastiske støttespelarar i rektoratet for å få realisert dette museet, sa Håkon Glørstad.

– Viktig å ta vare på vikinghistoria vår

Så gav han mikrofonen vidare til forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø:  

– Gratulerer med dagen! Dette er ein stor dag for  alle venner av vikingtidsmuseet, slo ho fast. 

Iselin Nybø ville gjerne også avsløra korleis ho fekk vita om  det store nyhendet.

– Då regjeringsforhandlingane var over, kom Venstre-leiar Trine Skei Grande til landsstyret og så blei med låste inne i eit rom.  Så fortalde Trine Skei Grande oss at det var klart at det skulle byggjast eit nytt vikingtidsmuseum, og då  braut jubelen laus, fortalde Iselin Nybø. 

– Det er ikkje mange byggjeprosjekt som er så viktig som dette. De einaste måten med kan redda denne kulturarven på, er å byggja eit nytt bygg. Det er viktig å ta vare på den stolte og til tider brutale vikinghistoria vår. Og det er fint at det blei så godt tydeleggjort i regjeringsplattforma, sa Iselin Nybø.

– UiO skal ta vare på denne kulturarven

UiO-rektor Svein Stølen var allereie i går kveld ute og fortalde kor glad og begeistra han var for at regjeringa har gitt klarsignal for bygging av nytt vikingtidsmuseum. Han var ikkje mindre glad 14 timar seinare. – Eg veit at me har hatt god støtte av Iselin Nybø heile tida. UiO skal ta vare på denne kulturarven for heile Europa og for heile verda.  Eg vil også takka dei i Kunnskapsdepartementet som har jobba for å få dette til. Me skal ta ansvaret vårt for å få dette realisert. Det er fantastisk at me er her i dag. For dette er ein viktig dag. Tusen, tusen takk, sa UiO-rektor Svein Stølen. 

"Vil koma inn  på seinare statsbudsjett"

Under markeringa av at regjeringa har bestemt seg for setja i gang bygginga av eit nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy, fekk Venstres statsråd Iselin Nybø mykje skryt for å ha vore ein ivrig støttespelar for at nytt vikingtidsmuseum skulle bli realisert.  Då forslaget til statsbudsjett for 2019 blei lagt fram 8. oktober i fjor, var det likevel ikkje kome pengar til nytt vikingtidsmuseum.

– Det vil koma inn på seinare statsbudsjett, var det faste svaret Iselin Nybø gav då. 

Indignert

I  formiddag spurte Uniforum henne om ikkje det eigentleg var Kristeleg Folkeparti og nestleiar Olaug Bollestads forteneste at nytt vikingtidsmuseum kom inn i regjeringsplattforma. Det avviste ho å svara på og gjekk lettare indignert vidare saman med UiO-rektor Svein Stølen og museumsdirektør Håkon Glørstad. 

100 ÅR LANG FLOKE:- – Etter ein  100 år lang floke har me endeleg funne ut korleis me kan ta best vare på vikingskipa. Det sa museumdirektør Håkon Glørstad under markeringa av nyhendet om at den utvida Solberg-regjeringa vil setja i gang bygging av vikingtidsmuseum på Bygdøy. (Foto: Ola Sæther)

KrF gir Venstre honnør

Uniforum har vore i kontakt med nestleiar og fungerande leiar Olaug Bollestad i Kristeleg Folkeparti for å finna ut om det er nokon i det partiet som vil ta på seg æra for at nytt vikingtidsmuseum kom med i regjeringsplattforma. Men også Olaug Bollestad gir  Venstre honnør for at vikingtidsmuseet kom  med i samtalane. 

“KrF har tidligere prioritert dette i vårt alternative budsjett, men Venstre skal ha honnør for å ha løftet temaet i forhandlingene denne gang, heiter det i ei tekstmelding Uniforum har fått  frå Olaug Bollestad.

Der skriv ho vidare at «Krf er glad for at vikingtidsmuseet kommer på plass og at en del av vår viktigste og stolteste kulturarv med dette tas vare på», understrekar Olaug Bollestad i tekstmeldinga til Uniforum.

Konklusjonen blir dermed  at også Krf og fungerande leiar Olaug Bollestad meiner at Venstre og statsråd Iselin Nybø har fått  fortent ros både frå UiO og Kulturhistorisk museum  for å ha landa nytt vikingtidsmuseum og fått regjeringa til å gi klarsignal for straks å setja i gang bygging av museet. 

 

 

 

 

Emneord: Vikingskipene, Vikingskipshuset, Kulturhistorisk museum Av Martin Toft
Publisert 18. jan. 2019 16:12 - Sist endra 18. jan. 2019 16:12
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere