Den dagen Uniforum får vera fluge på veggen under mentorprogrammet for postdoktorane på medisin, er det visedekan og professor Eivind Engebretsen som kjem med tips om korleis dei kan byggja seg opp til å bli seniorforskarar og til slutt professorar gjennom systematisk skriving av vitskaplege artiklar om resultata av forskingsprosjekta dei held på med.
Mentorgruppeprogrammet på medisin skal:
- utforska ulike karrierevegar
- utveksla og diskutera erfaringar med medstudentar
- diskutera ulike dilemma personen kjem bort i som postdoktor
- ta i mot og dela erfaringar med seniorar på det feltet postdoktoren forskar på
- 45 deltar på kurset
- kjem frå Med og sjukehusa (Kjelde: Det medisinske fakultetet
– Mange måtar å bli professor på
– Å bli professor er å byggja noko og å skapa noko. Det å koma med eit bidrag. Men det som du bestemmer deg for å byggja opp og innhaldet i det akademiske bidraget du kjem med, vil vera av svært ulik art, varsla han dei om.
– Uansett finst det mange måtar å bli professor på. Me tenkjer oss ofte at du skal vera leiar for eit forskingsprosjekt og at du skal søkja om ekstern finansiering, men det er viktig at du ser lenger enn det når det gjeld kva ein professor er og korleis du kan bli professor, sa han til postdoktorane på medisin.
– Du kan sjølvsagt bli leiar for eit forskingsprosjekt, men du kan også bli professor ved primært å satsa på ein akademisk karriere som undervisar. Han understreka at før hadde forsking høgare status enn undervisning, men at dette no er dette i ferd med å endra seg.
– For du kan også bli professor gjennom at du har grunnlagt akademiske studieprogram. Og det er også mogleg å bli professor gjennom å utvikla nye metodar, idear eller oppfinningar i fagfeltet ditt, var også råda han kom med.
Rekordoppmøte
Etter den første timen med digital undervisning i korleis du kan bli professor, hadde me eit digitalt møte med Eivind Engrebretsen og dei andre leiarane av postdoktorkurset på medisin, forskar Gina Fraas Henrichsen på helsevitskapleg utdanningssenter og seksjonssjef Maria Olofsson i forskingsadministrasjonen.
Dei er glade for at dei har klart å få i gang digitaliserte fagfellebaserte mentorgrupper for postdoktorarane og andre yngre forskarar midt i koronapandemien. Dei kan registrera eit rekordoppmøte på 45 deltakarar.
– Det har vore ei lang og tung tid for postdoktorar og forskarar i mellombelse stillingar som har måtta halda seg utanfor laboratoria sine og har sete mykje for seg sjølve. Derfor har me hatt lyst til å leggja litt trykk på dette her, då, fortel han til Uniforum.
Vil skreddarsy karriereutviklinga
Det er første gong i historia mentorprogrammet har hatt ei digital samling, sidan det blei sparka i gang.
– Postdoktorprogrammet var det aller første i sitt slag då det blei starta opp for rundt fire år sidan. På Det medisinske fakultetet har me om lag 200 som deltar på dei til ei kvar tid. Og me samarbeider med sjukehusa. Målet er å skreddarsy karrierutviklinga deira. Det er ofte lett for oss å snakka heile tida om forskinga, og så gløymer me forskarane. Det viktigaste me som akademisk institusjon kan gjera, er å skapa kvalifiserte forskarar som kan befolka ulike delar av samfunnet, seier han.
• Les i Uniforum: 200 postdoktorar i medisin får karriererettleiing
– Postdoktorane har falle litt utanfor
Engebretsen viser til at det fram til no har det vore heller få støtteordningar for postdoktarar, medan det har vore mange for ph.d-studentane.
– Postdoktorane har falle litt utanfor. Derfor ville me skapa ein infrastruktur for dei. Derfor har me laga eit fagfellebasert mentorprogram for dei (peer mentor programme) der postdoktorane jobbar saman gjennom eitt år. På grunn av koronaen, har me valt å prioritera dette endå høgare, Fleire hundre har vore gjennom postdoktorprogrammet den tida Det medisinske fakultetet har drive det. Det har vore eit veldig populært program, vil eg tora å seia, seier Eivind Engebretsen.
– Denne gongen deltar mellom 10 og 15 eksterne frå sjukehussektoren som gjerne vil byggja nettverk, supplerer Gina Fraas Henrichsen.
– Å koma inn i det norske samfunnet
Heile mentorprogrammet går føre seg på engelsk. Og fleirtalet av dei som deltar har også eit anna morsmål enn norsk.
– Det er det viktig at du nemner. For det har også vore ein av bevegrunnane for at me starta kurset. Me har mange internasjonale postdoktorar og forskarar. Me har også eit stort mobilitetsprogram som heiter Scientia Fellows. Å skapa møteplassar for dei, har vore svært viktig for oss, fortel Eivind Engebretsen.
– Og då handlar det ikkje berre om å koma inn i forskinga, men også om å koma inn i det norske samfunnet, understrekar han.
Og dei trur dette kan gi viktige resultat.
– Håpet er at det å kunna møtast og bli kjende med kvarandre på tvers av faglege skiljelinjer, kan gi nye idear, seier han.
– Mindre tidkrevjande
Og Gina Fraas Henrichsen tykkjer at digitaliseringverktøyet Zoom har vore nyttig.
– Me kan seia mykje rart om Zoom, men det kan vera at det faktum at Zoom tilgjengeleggjer kurset, gjer at det blir lettare for fleire å seia ja. Det blir mindre tidkrevjande for dei. Eg har blitt svært overraska over kor stor interessa var i påmeldingsfasen, ja me har endåtil to deltakarar som held til i Etiopia fortel ho.
– Og dette viser at me klarer å organisera ganske mange ting, så sant postdoktorane ber oss om det, seier ho godt nøgd.
– Og det er viktig at postdoktorane sjølve kjem med slike innspel, oppfordrar Eivind Engebretsen.
Seinare på denne kursdagen skulle Maria Olofsson gi dei råd om korleis dei kan søkja om forskingsfinansiering gjennom Forskingsrådet og EU. Og i tillegg skulle dei også ha arbeidsgrupper om forskingskommunikasjon.
– Kom inn i ein modningsprosess
Rett før kursdagen var over, tok me ein prat med tre av dei norsktalande kursdeltakarane Peder Rustøen Braadland, Hedda Eik og Thea Kristine Våtsveen.
Dei er alle einige om at dei har hatt stor nytte av kurset.
Postdoktor Peder Rustøen Braadland på Avdeling for transplantasjonsmedisin tykkjer det er fint at kurset kan losa han inn mot ein akademisk karriere.
– Eg har jo gått gradane i akademia utan å vita kvar eg er på veg hen. For meg har det vore viktig å ha litt fokus og koma ut av forskingsbobla mi. Det er viktig å tenkja strategisk og finna ut kvar eg skal gå vidare. Målet mitt er eigentleg ikkje å bli professor, men eg har berre lyst til å driva med forsking. Men for å kunna bli verande i akademia, må det publiserast og ha ein vid horisont på det ein driv med og heile tida prova at ein er flink til alt, synest han.
Og han har opplevd å få eit nytt syn på forsking dei siste åra.
– Etter at eg blei ferdig med doktorgraden, kom eg inn i ein modningsprosess, der eg fann ut at dei hadde vore fint å kunna driva med mitt eige forskingsprosjekt utan å ha nokon over meg som skulle fortelja meg kva eg skulle gjera, og heller at eg kunne sjølv styra ei forskingsgruppe der eg kan rettleia andre, seier han til Uniforum.
– Naturleg veg å gå
Hedda Eik er førsteamanuensis på Avdeling for tverrfagleg helsevitskap på Det medisinske fakultetet, men har litt høgare ambisjonar.
– Eg er glad for å vera med på dette og eg har høyrt masse positivt om det i forkant, ikkje minst det å møta likesinna og det å dela erfaringar og at me kjem frå ulike disiplinar. Eg er allereie i ein førsteamanuensisstilling, og sjølv om eg ikkje vaknar kvar morgon og tenkjer at eg gjerne skulle vore professor, så er det ein naturleg veg å gå når eg først skal vera i akademia. Då er det fint å sjå korleis eg skal kunna balansera undervisning og forsking. Og det er fint å dela erfaringer med andre, seier ho.
– Viktig å utvikla seg sjølv
Thea Kristin Våtsveen er forskar på Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin på Det medisinske fakultetet og såg mentorprogrammet som eit viktig påfyll for å få inspirasjon frå andre.
– Eg har vore på ein del andre kurs i regi av universitetet som var veldig bra. Og derfor melde eg meg på dette også som eg såg som ei naturleg vidareføring. Det har vore viktig å utvikla seg sjølv og få litt meir kunnskap om seg sjølv. Eg trur ikkje eg klarer å tenkja på karriereutvikling utan å få litt hjelp av andre, rett og slett. Derfor er det bra at me møter kvarandre med jamne mellomrom over ganske lang tid, synest ho.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere