USA-ekspertar meiner Kongressen bør fjerna Donald Trump

President Donald Trump oppmoda tilhengjarane sine om å storma Kongressen i går. USA-ekspert Hilmar Mjelde meiner Trump må avsetjast. UiO-professor Scott Gates deler synet hans, medan professorkollega Øyvind Østerud  er i tvil.

Ei stor folkemengd demonstrerer utanfor Kongressbygningen i Washington D.C.

STORMA KONGRESSEN: Onsdag 6. januar storma tilhengjarar av president Donald Trump Kongressen medan dei skulle godkjenna Joe Biden som USAs neste lovleg valde president. No tar fleire USA-ekspertar til orde for at Donald Trump bør avsetjast. 

Foto: Blink O'fanaye/flickr

Det var i går kveld rundt 1000 av tilhengjarane til Donald Trump braut seg inn i Kongressbygningen i Washington for å stansa den godkjenninga av resultatet av presidentvalet og formelt godkjenna Joe Biden som USAs neste president. Ei kvinne blei skoten og drepen då ho prøvde å bryta seg inn, medan tre andre døydde av medisinske årsaker. Beleiringa og storminga av Kongressen skjedde like etter at Donald Trump på eit folkemøte utanfor Det kvite huset hadde oppfordra tilhengarane sine til å marsjera mot Kongressen.  

Åtaket på Kongressen: 

6. januar gjekk tilhengjararane til Donald Trump til åtak på Kongressen

dei klarte å koma seg inn og avbraut den formelle godkjenninga av Joe Biden som USAs neste lovleg valde president 

ei kvinne blei skoten og drepen og tre døydde av medisinske grunnar

Joe Biden endeleg godkjent som USAs neste president 7. januar 2021 

Dette skjer no: 

Joe Biden vert tatt i ed som president 20. januar 2021, medan Kamala Harris blir tatt i ed som den første kvinnelege visepresidenten i USA.  Etter planen skal Donald Trump sitja som president fram til den datoen. 

Aktuelt: Fleire tar til orde for at Donald Trump må gå av før tida på grunn av at han oppmoda tilhengjarane sine til å marsjera mot Kongressen. 

(Kjelder: NRK, VG; CNN, TV2)

– Etisk forplikta til å avsetja han

USA-ekspert Hilmar Mjelde ved forskingssenteret Norce i Bergen er ikkje i tvil om kva Kongressen bør gjera no.

– Kongressen og regjeringa er etter mitt syn etisk forplikta til å avsetja han gjennom riksrett eller 25. grunnlovstillegg av omsyn til demokratiet og allmenn lov og orden. Det er viktig at maktmisbruket Trump har utført i tre månader får ein klar reaksjon, uttrykkjer han til Uniforum i ein epost.

Hilmar Mjelde peikar på at under grunnlovsdebatten på 1780-talet frykta dei såkalla anti-føderalistane nettopp ein for sterk og autoritær president.

 – Det Trump har blitt. Riksretten finst i det politiske systemet nettopp for situasjonar som denne, men eg tvilar på at det vil skje. Det er meininga at det skal vera veldig vanskeleg å fjerna ein folkevald president. Ellers hadde presidentar blitt fjerna langt oftare. Derfor er den praktiske prosessen rundt dette nokså krevjande, konstaterer han.  

OFTARE: – Det er meininga at det skal vera veldig vanskeleg å fjerna ein folkevald president. Ellers hadde presidentar blitt fjerna langt oftare, seier USA-ekspert Hilmar Mjelde ved forskingsenteret Norce (Foto: Universitetet i Bergen)

– Vil skura og gå sin skeive gang

Hilmar Mjelde slår fast at atmosfæren allereie er forgifta og at situasjonen ikkje vil roa seg ned dei neste par vekene.

– Eg trur heller ting vil skura og gå sin skeive gang dei neste to vekene. Utan at det verken eskalerer vidare eller roar seg ned. Atmosfæren er allereie forgifta - dette har ikkje vore ei heilt fredeleg maktoverføring, registrerer han tørt.  

– Rom for eit tredjeparti

USA-eksperten frå Bergen ser ikkje bort frå at det kan vera plass til å etablera eit nytt parti i tillegg til Det republikanske partiet og Det demokratiske partiet.
– Det kan vera rom for eit tredjeparti i rikspolitikken på sikt. Det er vanskeleg å sjå føre seg korleis moderate forstadsrepublikanarar skal sameksistera i partiet med den gjengen som storma Kongressen i går. Men dei institusjonelle hindra for eit tredjeparti er store, trekkjer han fram.

– Korleis vil du omtala det som skjedde utanfor og inne i Kongressbygningen i går kveld?

– Det som skjedde i går var eit forsøk på eit "autogolpe" - eit sjølvkupp der ein president blir verande ved makta. Eg vil ikkje bruka ordet "kupp", det har ein noko strengare definisjon i forskinga, svarar han.

Hilmar Mjelde trur Joe Biden har mange oppgåver å ta tak i når han overtar som president den 20. januar.
– Biden har reparasjonsarbeid framfor seg på alle kantar. Pandemien, økonomien og demokratiet. I den grad han ikkje fekk eit klart mandat i valet, har han fått det no: å konsolidera det amerikanske demokratiet etter Trumps overtramp, seier Hilmar Mjelde.

Han meiner oppgåva til Joe Biden no er å vera ein brubyggjar.
– Biden må pleia relasjonane med Kongressen konstant. Byggja koalisjon. Men det lykkast normalt presidentar ikkje med i fråver av eit overveldande kongressfleirtal bak seg. Noko Biden ikkje har, slår han fast.

– Overraskande med fysisk angrep

Også Øyvind Østerud, professor i statsvitskap på UiO, har fylgt spent med på hendingane i Washington D. C. det siste døgnet. Han var mellom dei mange som blei overraska over at demonstrantane gjekk til angrep på Kongressbygningen.

– Det var kjent og venta at det ville bli store demonstrasjonar i Washington i samband med Kongressens godkjenning av valet av Joe Biden som USAs neste president. Men det var overraskande at ein stor del av demonstrantane ville gå til fysisk angrep på Kongressbygningen og at politiet var såpass få og uførebudde at dei ikkje greidde å stansa det. Det har truleg spelt inn at det var viktig å ikkje skyta på demonstrantane for å unngå ytterlegare protest, valdsbruk og uro, resonnerer Øyvind Østerud i ein epost til Uniforum.

– Har sett Trump som sitt håp

For han er dette eit resultat av polariseringa i det amerikanske samfunnet.

– Dei store demonstrasjonane er eit uttrykk for raseriet, polariseringa og dei veksande ulikskapane i den amerikanske befolkninga, der mange av dei uprivilegerte føler seg tilsidesette og marginaliserte av dei føderale elitane. Dei har sett Trump som sitt håp – ein som tar dei på alvor. Den militante haldninga er forsterka av Trumps eigen retorikk og av gjennomført mistillit til dei etablerte massemedia. Fragmenteringa av mediebruk har fått mange til å tru at demokratane faktisk «stal valet», poengterer Østerud.

– Trump bidrog til angrepet

Han er likevel ikkje i tvil om at president Donald Trump var delaktig i angrepet på Kongressen.

 – Trump bidrog til angrepet på Kongressen med oppfordringa si om å visa styrke og marsjera fram mot bygningen. Etter kvart oppfordra han til fredeleg tilbaketrekking, men då var mykje alt kome ut av kontroll. Denne oppfordringa var også tvetydig fordi han stadig insisterte på at valet var stole gjennom valfusk. Denne historia har han bygd opp gjennom fleire månader, minner han om.

–Trump blir meir omstridd

Statsvitskapsprofessoren tvilar på om partivennene til Donald Trump i Det republikanske partiet vil ha han ut av presidentstolen, berre to veker før Joe Biden overtar presidentvervet.

– Hendingane i Washington bidrar til at Trump blir meir omstridd i Det republikanske partiet og at han nok har forspelt alle sjansar til å bli partiets presidentkandidat om fire år. Eg tvilar likevel på om dei republikanarane som no tar avstand frå Trump ser seg tent med riksrett eller avsetjing no mindre enn to veker før Biden tiltrer. Nokre vil nok også meina at det berre ville stadfesta kjensla av urett og forsterka bitterheita blant Trumps kjerneveljarar, peikar Øyvind Østerud på.

Og han er viss på at motsetningane i det amerikanske samfunnet vil halda fram.

– Den djupe polariseringa, mistilliten og fiendskapen mellom ulike grupper i det amerikanske samfunnet vil likevel ikkje forsvinna. Dette blir også den nye presidentens store utfordring, varslar Øyvind Østerud.

– Det er forferdeleg

Også professor Scott Gates ved Institutt for statsvitskap er svært kritisk til det som skjedde i Washington i går. Han kjem sjølv frå USA og har ein doktorgrad frå University of Michigan og ein økonomigrad frå University of Minnesota. Han brukar sterke ord om det som skjedde etter folkemøtet til Donald Trump.

– Det er forferdeleg. Det er på det verste politisk teater med djupe og fryktelege langvarige konsekvensar.

Det er omtalen han gir av situasjonen i ein epost til Uniforum.

– Kven meiner du har ansvaret for at Trump-tilhengjarane braut seg inn i Kongressen? 

– Trump. Han demonstrerer at han kan forårsaka opptøyer og kaos etter sine innfall.

Scott Gates trur ingen annan ville ha gjort det same som Donald Trump.

– Ein normal president ville ha gitt opp etter valet. Ein normal president vil aldri oppfordra sine tilhengjarar til opprør, understrekar han.

Scott Gates meiner det er politikarane si oppgåve å gjera noko med dette gjennom to legale reiskapar.

– Riksrett (Impeachment) eller det 25. grunnlovstillegget. Impeachment (Riksrett/Red.merknad) er Kongressens jobb, seier han og viser til at medan Representanthuset kjem med skuldingane, er det Senatet som fungerer som domstol. Men han viser til at også Trumps folk har ein reiskap dei kan bruka for å avsetja presidenten.

–Trumps administrasjon kan nytta seg av det 25. grunnlovstillegget.

– Eit politisk spel

Scott Gates trur likevel ikkje at Donald Trump eigentleg har lyst til å halda fram som president etter 20. januar.

- Dette er eit politisk spel som vert spelt av Trump. Han har ingen reell intensjon om å forbli president. Men han ynskjer å bli verande i ein posisjon av makt og rikdom, er Scott Gates overtydd om.

Etter at politikarane i Kongressen i går blei avbrotne midt i den formelle avgjerda om å godkjenna Joe Biden, som USAs neste lovleg valde president, held politikarane fram med prosedyren då situasjonen var roa ned. I dag tidleg kunngjorde dei offisielt at Joe Biden er godkjent som USAs neste president. Han skal innsetjast i vervet 20. januar klokka 12.00. 

Spørsmålet mange no stiller seg, er om den avtrappande presidenten, Donald Trump også vil vera til stades.

 

 

Emneord: USA, Demokrati Av Martin Toft
Publisert 7. jan. 2021 18:22 - Sist endra 7. jan. 2021 18:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere