SV vil gi 40 millionar til etablering av vaksine- og medisinproduksjon i Noreg

SV vil løyva 40 millionar kroner til å starta utviklinga av statleg produksjon av vaksinar og legemidlar. Det går fram av SVs alternative statsbudsjett for 2021, der også partiet går inn for å auka grunnløyvinga til universitet og høgskular med 200 millionar.

– SKAMMELEG: – At regjeringa ikkje i år heller aukar studiestøtta er skammeleg. Me må sørgja for at alle kan ta ei utdanning, uavhengig av kvar dei bur i landet og storleiken på foreldra si lommebok, seier SVs medlem i Storitingets utdannings- og forskingskomité, Mona Fagerås. 

Foto: Stortinget

Det er likevel satsinga på bygging av 4000 nye studentbustader som er det aller viktigaste. Det er 2350 fleire enn det regjeringa føreslo i forslaget sitt til statsbudsjett for 2021. Det understrekar SVs utdanningspolitiske talsperson Mona Fagerås til Uniforum. Det var i går SV la fram sitt alternative statsbudsjett for 2021.

SVs viktigaste satsingar i utdanning og forsking i 2021:

- auka basisfinansiering for universitet og høgskular: 200 mill.

- 200 grøne fagskuleplassar: 10 mill.

- 1,3 G i studiestøtte: 260,3 mill.

- totalt 4000 nye studentbustader: 160 mill.

- tilskot til desentralisert høgare utdanning: 100 mill.

- SV vil reversera kutt i reisestipendet for studentar i utlandet : aukar med 16.6 mill.

Forsking:

- etablering av StatMed: 40 millionar kroner

- grøn forsking: 100 millionar til Forskingsrådet

- felles journaløysing og pasientliste: 93 mill.

(Kjelder: SV og Mona Fagerås)

– Alle treng ein stad å bu og buutgifter ein kan leva med, også studentar, derfor meir enn doblar SV talet på studentbustader i sitt alternative budsjett, opplyser Mona Fageråsr i ein epost til Uniforum.

Etter hennar meining har bustadmarknaden blitt ein drivar til auka skilnader, der bustad er noko ein spekulerer i og ikkje bur i.

– Bustad er den største utgifta mange studentar har, derfor skal me, i tillegg til å byggja 4000 nye studentbustader, jobba for å pressa ned leigeprisane, lovar ho.  

– Skammeleg

Stortingsrepresentant Mona Fagerås viser til at partiet hennar heller ikkje er nøgd med at regjeringa ikkje vil auka studiestøtta, og SV kjem difor med framlegg om å knyta studiestøtta opp mot folketrygda og innføra ein opptrappingsplan for å auka studiestøtta. Den skal starta på 1,3 G.

– Studentar er ei av gruppene som har tapt på koronakrisa, som har mista ekstrajobbar og dermed ekstrainntekter. At regjeringa ikkje i år heller aukar studiestøtta er skammeleg. Me må sørgja for at alle kan ta ei utdanning, uavhengig av kvar dei bur i landet og storleiken på foreldra si lommebok. Derfor må me auka studiestøtta, meiner Mona Fagerås.

Ynskjer vaksineproduksjon i Noreg

Etter at det no er klart at det er blitt produsert to vaksinar mot koronaviruset som kan brukast i bruk om kort tid, i tillegg til ei russisk vaksine, føreslår SV i sitt alternative budsjett at det bør løyvast 40 millionar kroner som ein start for å stabla på beina vaksine- og medisinproduksjon i Noreg. Partiet meiner det bør etablerast eit eige statleg selskap med namnet StatMed som kan ta seg av dette.

– LO, NHO, LMI (Legemiddelindustrien/red.merknad) og mange andre har laga ein rapport om det å laga vaksinar i Noreg. Dei føreslår 40 millionar kroner til å produsera vaksinar, seier Fagerås og viser til nettsida  til Legemiddelindustrien.

– Me kan ikkje og bør ikkje byggja heile StatMed på ein dag. Me må i denne saka skynda oss sakte. Det er viktig å oppgradera produksjon av medisinar over tid, slår ho fast.

– Vil gi sektoren auka handlingsrom og tillit

For universiteta og høgskulane er det gode nyhendet i SVs alternative statsbudsjett at partiet vil auka grunnfinansieringa med 200 millionar kroner i 2021.

– SV vil auka basisfinansieringa av universitet og høgskular fordi dette vil gi sektoren auka handlingsrom og tillit, er grunngjevinga frå Mona Fagerås.

Ho forstår godt at nokon kan synast at 200 millionar er lite.

– Men no har har regjeringa kutta til beinet med ABE-kutta (ABE=avbyråkratisering og effektivisering/red.merknad) sine gjennom alle sine sju år i regjering. SV snur her ein negativ trend. 200 millionar er iallefall 200 millionar meir enn det regjeringa synest er behovet, konstaterer Mona Fagerås.

SV set i sitt alternative statsbudsjett også av 93 millionar til ei felles journalløysing, pasienten si legemiddelliste og andre naudsynte e-helsetiltak. Partiet vil dessutan auka løyvinga til Forskingsrådet med 100 millionar kroner øyremerkt grøn forsking.

 

Av Martin Toft
Publisert 17. nov. 2020 15:14 - Sist endra 17. nov. 2020 15:14
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere