Skuffa over at regjeringa vil føra ABE-reforma vidare

Rektor Svein Stølen er skuffa over at regjeringa vil fjerna gåverforsterkingsordninga og halda fram med avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma.  – Dette går utover fagleg aktivitet, slår han fast.

IKKJE REFLEKTERT I BUDSJETTET: – Og utfordringa Kulturhistorisk museum står i med tapte billettinntekter og sponsorinntekter er ikkje reflektert i budsjettet. Og det set jo museet i ein svært vanskeleg, økonomisk situasjon, konstaterer Svein Stølen etter å ha tatt eit første blikk på regjeringa budsjettforslag for  2021. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Klokka 10 i formiddag la finansminister Jan Tore Sanner fram regjeringa sitt budsjettforslag for 2021 i Stortinget. Samtidig blei det sendt ut pressemeldingar frå Kunnskapsdepartementet som hadde som hovudsak at regjeringa ville gi 110 millionar kroner til nytt vikingtidsmuseum og 1,4 milliardar til Livsvitskapsbygget i 2021.

• Les i Uniforum: Regjeringa vil gi 110 millionar til Vikingtidsmuseet i 2021

Dei løyvingane er UiO-rektor Svein Stølen nøgd med.

– Me er glade for at det er føreslått løyvingar til både nytt vikingtidsmuseum og til Livsvitskapsbygget. Dei er også tydelege på at me må jobba saman for å finna løysingar på bygg for kjemi, farmasi og livsvitskap, og det er ein invitasjon me set stor pris på. For dette er eit bygg som skal sikra oss internasjonal konkurransekraft og sikra oss at me også i framtida kan få nobelprisar, men det skal også gi verdiskaping og arbeidsplassar, understrekar Svein Stølen. Han ser det som svært viktig at dei jobbar vidare med dette konseptet.

– Det ser eg at det er ein invitasjon til, og det er eg svært takksam for, seier han.

– Ein del av planen

Når det gjeld forslaget om å løyva 110 millionar kroner til nytt vikingstidsmuseet i 2021, så var heller ikkje det overraskande.

– Det var ein del av planen, Og utfordringa Kulturhistorisk museum står i med tapte billettinntekter og sponsorinntekter er ikkje reflektert i budsjettet. Og det set jo museet i ein svært vanskeleg, økonomisk situasjon. Også her må me halda fram med dialogen for å sjå korleis me kan koma vidare,. Den situasjonen må løysast, slår Svein Stølen fast overfor Uniforum.

229 millionar i ABE-kutt i 2020

UiO-rektoren er ikkje nøgd med at regjeringa ser ut til å tvihalda på ABE-reforma (avbyråkratisierings- og effektiviseringsreforma). – Alle veit kva me meiner om den. Den har no akkumulert seg til 229 millionar kroner i året. Det skjer kvart einaste år og den blir berre større og større. Dette går ut over fagleg aktivitet. Me kan ikkje tenkja noko anna, konstaterer han skuffa.

– Beklageleg rett og slett

Skuffa er han også over det faktum at gåveforsterkingsordninga er blitt kasta på dør i budsjettforslaget frå regjeringa.

– Gåveforsterkingsordninga er til dømes Baroniet Rosendal avhengig av. Det er ei ordning som gir insentiv til private sponsorar om å gi pengar til forsking. Å fjerna den gir mindre insentiv i ein periode der med eigenleg ynskjer at fleire av dei som har pengar i Noreg kunne gi meir pengar til forsking i framtida. Eg hadde tenkt at me heller skulle ha fleire og ikkje færre velgjerarar enn me har i dag. Dette går ikkje i rett retning, og det er beklageleg rett og slett, for det er ei ordning også UiO har nytt godt av, seier Svein Stølen.

– Set pris på satsinga på grøn omstilling

Derimot synest han det er positivt at regjeringa vil satsa på grøn omstilling.

– Me set pris på at det er ein god del her om klimakutt og tiltak for grøn omstilling gjennom klimagasskutt knytte til forsking. Det er viktig for Universitetet i Oslo. Me skal både gjera grunnleggjande forsking og tematisk forsking, så det er ei kopling som er god hos oss. Me vil angripa samfunnsutfordringane med grunnleggjande vitskap, lovar han.

Etterlyser meir pengar til sentra for framifrå forsking

For han var det ikkje uvernta at regjeringa går inn for at Noreg skal inn i forskingssatsinga Horisont Europa.

– Det er grunnen til at forskingsbudsjettet har auka betydeleg og det er viktig, meiner han. No håpar han at regjeringa også vil satsa på sentra for framifrå forsking.

– Det er der UiO har gjort det best, spesielt innanfor den næringsretta forskinga, peikar han på.

Åtvarar mot å snubla på oppløpssida

UiO-rektoren trur ikkje siste ordet er sagt om dette budsjettforslaget som ei mindretalsregjering kjem med. Derfor har ikkje UiO gitt opp å få til endringar.

– Me jobbar sjølvsagt med opposisjonen for å få på plass ein del av dei tinga som manglar her. Det er klart at det viktige for oss no, er å få på plass Livsvitskapsbygget som me har jobba med i mellom 15 og 20 år og heile strategien til UiO har peika på kor viktig dette bygget er. Det er viktig at me ikkje snublar på oppløpssida, åtvarar han.

Får støtte

Også stortingsrepresentant Nina Sandberg frå Arbeidarpartiet reagerer på at regjeringa vil halda fram med avbyråkratiserings- og effektiseringssreforma. 

– Det er sørgeleg at regjeringa er så lite lydhøyr for utfordringane tillsette og studentar står i, og insisterer på å gjennomføra dei etter kvart forhatte ABE-kutta sjuande år på rad, seier ho, og viser til at det  i følge Forskarforbundet summerer dei seg no til 1,46 milliardar kroner

– Ostehøvelkutta tærer på kjerneaktivitetane og kvaliteten i både undervisning og forsking. Dette er ikkje effektivisering, men årelang undergraving av handlingsrommet til insttusjonane. Arbeidarpartiet vil halvera ABE-kutta i 2021, og fjerna dei heilt når me kjem i regjering, lovar Sandberg, og viser til  ein  budsjettlekkasje frå Arbeiderpartiets alternative budsjett, som Uniforum tidlegare har skrive om. 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 7. okt. 2020 14:34 - Sist endra 7. okt. 2020 14:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere