Regjeringa vil gi 110 millionar til Vikingtidsmuseet i 2021

Livsvitskapsbygget vil få ei løyving på 1,4 milliardar kroner i 2021, medan Vikingtidsmuseet får 110 millionar kroner. Desse store UiO- prosjekta er blant dei  som er med i regjeringas forslag til statsbudsjett for 2021.

Eit stort murhus med blå himmel

FÅR 110 millionar: Regjeringa føreslår ei løyying på 110 millionar kroner til nytt vikingtidsmuseum i statsbudsjettet for 2021. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Klokka 10 i formiddag starta finansminister Jan Tore Sanner med å presentera sitt aller første forslag til statsbudsjett for Stortinget.  For Universitetet i Oslo er truleg det viktigaste i budsjettforslaget at regjeringa vil sikre framdrifta i arbeidet med nytt Vikingtidsmuseum, og foreslår å bruke 110 millionar kroner på dette i 2021. Dei vil også sette av om lag 1,4 milliardar kroner til livsvitskapsbygget ved Universitetet i Oslo. I tillegg held arbeidet fram med å samle alle NTNU sine bygg i Trondheim og med å gjere ferdig campus Ås, går det fram av ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet.  

– Verda er i endring, og vi treng gode bygg og utstyr som er tilpassa uvurderlege kulturminne, fleire studentar og nye måtar å undervise på. Derfor held vi trykket oppe i store og viktige byggeprosjekt ved universiteta og foreslår å bruke meir enn 2,4 milliardar kroner på dette neste år I tillegg til å vere  til glede og nytte for studentar og tilsette, bidreg dette også til å halde aktiviteten oppe i byggenæringa, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Vikingtidsmuseet

I fjor vart det kjend at regjeringa går inn for å bygge eit nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy. Det nye museet blir tre gonger større enn bygget som står i dag, og skal etter planen stå ferdig i 2025. Byggeprosjektet har ei total kostnadsramme på ca. 2,2 milliardar kroner. I tillegg kjem 274 millionar kroner til brukarutstyr.

I budsjettet for neste år foreslår regjeringa å løyve 110 millionar til dette arbeidet.

– Skattane våre frå vikingtida er uerstattelege. For å sikre dei for framtidige generasjonar er det heilt nødvendig å rehabilitere og bygge nytt museum på Bygdøy. No sikrar vi den vidare framdrifta for prosjektet, seier Asheim.

1,4 milliardar kroner til nytt livsvitskapsbygg

I budsjettet for neste år foreslår regjeringa ei løyving på til saman nærmare 1,4 milliardar kroner til det planlagde livsvitskapsbygget ved Universitetet i Oslo. Byggeprosjektet  har ei samla kostnadsramme på om lag 6,3 milliardar kroner, pluss 1,3 milliardar kroner til brukarutstyr (prisnivå 01.07.2021).

Som regjeringa har varsla, er det nokre utfordringar for prosjektet, mellom anna på grunn av svært krevjande grunntilhøve og forseinkingar som følge av pandemien.

– No arbeider vi med å justere planane saman med Statsbygg og Universitetet i Oslo. Vi må sjå på kva endringar som kan gjerast, slik at vi får eit livsvitskapsbygg til den prisen Stortinget har bestemt, seier Asheim.

Vil auke kostnadsramma for campus Ås

Også byggeprosjektet for nye campus Ås har blitt forseinka, mellom anna på grunn av pandemien. No foreslår regjeringa å utvide kostnadsramma for prosjektet frå 8 015 millionar kroner til 8 350 millionar kroner.

Dei nye bygga skal mellom anna romme veterinær- og dyrepleiarutdanninga, som til no har halde til på Adamstuen i Oslo. På grunn av forseinkingane har det vore knytta stor uvisse til når bygga kan stå klare til innflytting, men etter planen skal dette no skje i 2021.

– Vi følger prosjektet tett fram til bygget er klar til overtaking. Når veterinær- og dyrepleiarutdanninga flyttar inn, fullfører dette samanslåinga som er blitt til Noregs miljø- og biovitskapelege universitet. Slik legg vi til rette for eit endå sterkare og meir tverrfagleg miljø, seier Asheim.

Går vidare i arbeidet med campussamling på Gløshaugen

Regjeringa går inn for å løyve 160 millionar kroner i 2021 til vidare ­­prosjektering av campussamlinga ved NTNU i Trondheim. Regjeringa legg opp til at prosjektet blir planlagt innafor ei kostnadsramme på 11,6 milliardar kroner.

– Campussamlinga ved NTNU er eit stort og spanande prosjekt som betyr mykje for fagmiljøa, for Trondheim og for heile regionen. NTNU har sjølv vore opptekne av at campussamlinga ikkje skal bli bygd trinnvis. Derfor legg regjeringa opp til at vi ser heile prosjektet under eitt, seier Asheim.

Blått bygg ved Nord universitet

Regjeringa foreslår å bruke 15,5 millionar kroner i 2021 for å gjere ferdig forprosjektet for det planlagde nybygget ved Nord universitet, kalt Blått bygg.

– Dette byggeprosjektet er eit viktig bidrag til regjeringa si satsing på hav og helse, og vil styrke den marine- og helsevitskapelege kompetansen i Nord-Noreg, seier Asheim.

155 millionar til betre undervisningsareal

Den populære ordninga med pengar til å oppgradere og legge til rette areal på universitet og høgskular blir vidareført. Regjeringa foreslår å bruke 155 millionar på dette i 2021.

– Denne våren og hausten har vist oss kor viktig det er at universitet og høgskolar har gode areal, der dei kan tilby studentane nye og varierte undervisningsformer. Det bidreg denne ordninga til. Eg håpar på mange søknader til gode prosjekt i året som kjem, seier Asheim.

For i  budsjettforslaget for 2021 foreslår regjeringa 20 millionar kroner ekstra til studentsamskipnadane.

– Det styrker samskipnadane sin mogelegheit til å gje studentane gode velferdstenester i ein studiekvardag prega av koronatiltak, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).

Regjeringa  held fram satsinga på studentbustader og foreslår pengar til 1650 nye bueiningar.  Til saman har regjeringa sidan 2014 gitt pengar til om lag 17600 studentbustader. Det gir eit årleg snitt på over 2200.  I pressemeldinga viser Kunnskapsdepartementet til at til samanlikning var det årlege snittet for Stoltenberg-regjeringa i underkant av 1000 bueiningar. I år ga regjeringa også 250 millionar kroner til oppgradering av over 2000 eldre studentbustader.  

– I tillegg til å vere eit tak over hovudet er også studentbustader ein god stad for å få seg nye venner i ein ny by på tvers av studiestader og utdanningsretningar. Derfor har me bygd historisk mange studentbueiningar. Årsaka til at talet er noko lågare i statsbudsjettet for neste år, er rett og slett at samskipnadane har hatt færre byggjeklare prosjekt å søke støtte til dei siste åra, seier Asheim.

Uniforum vil oppdatere saker frå forslaget til statsbudsjett  for 2021 gjennom heile dagen. 

(Oppdatert klokka 09:41 med forslag til løyving til Utdanningsløftet) 

Emneord: Forskingspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 7. okt. 2020 10:26 - Sist endra 14. okt. 2020 12:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere