Arbeidarpartiet lovar å fjerna ABE-reforma

Arbeidarpartiet må skrota ABE-reforma om dei overtar regjeringsmakta etter Stortingsvalet neste år. Det føreslår eit utval som nyleg la fram ein ny strategi for høgare utdanning og forsking. Forslaget får støtte frå partileiar Jonas Gahr Støre.

Portrett av ei kvinne

NY STRATEGI: Stortingsrepresentant Nina Sandberg har leia utvalet som før helga la fram 40 forslag for omstilling i Arbeidarpartiets nye strategi for høgare utdanning, forsking og kompetanse. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var fredag 2. oktober utvalet la fram 40 forslag for ei rettferdig og kunnskapsbasert omstilling i ein ny strategi for høgare utdanning, forsking og kompetanse. Scena var Ragnar Frischs auditorium i Eilert Sundts hus på Blindern, og utvalet hadde også fått med seg partileiar Jonas Gahr Støre både som trekkplaster, innleiar og som debattdeltakar.  

Utvalsleiar og stortingsrepresentant Nina Sandberg var svært nøgd med at eitt av forslaga dei har kome med, allereie er med i Arbeidarpartiets alternative budsjettforslag.

– Me kan allereie no røpa at Arbeidarpartiet går inn for å halvera ABE-kutta i vårt alternative statsbudsjett for 2021, fortalde ho. 

Akkurat den saka er sentral og har fått førsteplassen mellom dei 40 forslaga utvalet legg fram for ein ny utdannings- og forskingsstrategi for Arbeidarpartiet.  

Tillit skal bli berande styringsprinsipp

I forslaget står det at kunnskapsinstitusjonane bør styrast basert på tillit som berande prinsipp, og ikkje utstekt mål- og resultatstyring. Utvalet føreslår å erstatta ABE-kutta (avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma/Red.merknad) med målretta effektivisering i dialog med sektoren, og innføra ei tillitsreform i høgare utdanning. Det tar også til orde for at det blir sett i gang ei gjennomgang av staten si styring av høgare utdanning og forsking for å forenkla styringssystemet, sikra samfunnsoppdraget og ei betre utnytting av dei samla forskingsinvesteringane.

 Dessutan vil utvalet ha opptrappingsplanar for studieplassar, rekrutteringsstillingar, nybygg og infrastruktur i langtidsplanen, fordelt på heile landet.  Utviklingsavtalane skal brukast aktivt for å få meir mangfald og meir overordna styring i sektoren.

Skal ta vare på utryddingstruga småfag

Og det som truleg gler universitets- og høgskulesektoren mest, er at utvalet føreslår at institusjonane sjølve vel intern organisering og leiingsmodell. Utvalet vil også gjennomgå finansieringssystemet.  Når det gjeld utryddingstruga småfag, føreslår utvalet at dei skal overleva gjennom å gi aktuelle universitet eit serskilt nasjonalt ansvar for desse faga. Utvalet vil også at det blir stilt sterkare krav til institusjonane om å vera på plass regionalt for å styrkja det desentraliserte tilbodet.

Vil at alle førelesingar skal vera digitalt tilgjengelege

 Dessutan vil utvalet ha ei brei kompetansereform som skal sikra etter- og vidareutdanning over heile landet. Det ynskjer også eit meritteringssystem for gode undervisarar på alle institusjonane.  Etter koronatiltaka er studentar og førelesarar blitt vande med digital undervisning. Utvalet føreslår at alle førelesingar som hovudregel bør strøymast og gjerast tilgjengeleg digitalt for studentane.

Studentar med barn skal få det betre

Arbeidarpartiutvalet kjem også med forslag som dei meiner skal gjera studentlivet betre. Utvalet viser til at det blir fødd for få barn i Noreg i dag, og meiner at eit tiltak som kan gjera noko med det er å innføra 12 månader lang studiestøtte for heiltidsstudentar med barn, og det vert innført opptening av rettar til betalt foreldrepermisjon for studentar i studietida.  Utvalet går også inn for at det blir bygt 3000 nye studentbustader i året.  Når det gjeld internasjonalisering meiner utvalet at det skal leggjast inn eit utvekslingsopphald som del av ein grad. Om studentane ikkje vil, må dei aktivt velja det bort. 

Ynskjer kjønnskvotering på studium

Mange fag er dominerte av eitt kjønn.  Utvalet føreslår derfor eit omdiskutert og mange vil seia eit drastisk forslag for å få gjort noko med det. Det vil at institusjonane skal kunna nytta kvoteringsordningar og kjønnspoeng på studium som over ein periode på minst fem år har hatt under 40 prosent representasjon av eitt kjønn.

Det må setjast eit mål om at det skal minst vera 40 prosent  av det underrepresenterte kjønnet i både studieretningar og fagmiljø. Utvalet vil også at det setjast i verk tiltak for å få ned talet på mellombels tilsette i sektoren, slik at det kjem på nivå med resten av arbeidslivet i Noreg.

Vil ha grøn omstilling inn i heile utdanningsløpet

Både innan utdanning og forsking vil utvalet vri meir ressursar mot oppfylling av berekrafts- og klimamåla. I forskinga skal tema som grønt skifte, berekraft og klimatilpassing vera førande for dei nye forskingsstrategiane. Dessutan føreslår utvalet at det må setjast ned eit offentleg utval som ser på berekraftelementet i skule og utdanning, med mål om ein “utdanningsplan for omstilling” som omfattar heile undervisningssystemet frå barnehage via grunnskule, vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg opplæring og høgare utdanning.

– På linje med UiO i berekraft

Prorektor Gro Bjørnerud Mo trekte fram det siste forslaget som eitt av forslaga som var heilt i samsvar med UiOs eigne klimaambisjonar. 

– Når det gjeld berekraft er me på linje. UiO har nettopp vedtatt ein strategi for dei neste ti år der berekraft har ein like sentral plass som i den politikken de legg opp til, sa ho, samtidig  som ho la til at UiO også deler trua på ei tillitsbasert leiing av institusjonane. 

Ynskte meir globalt utsyn

Men ho kritiserte utvalet for mangelen på internasjonalisering i den utdannings- og forskingspolitikken de ynskjer skal inn i partiprogrammet.

– Den manglar det globale utsynet. Kort sagt  kunne de hatt med litt meir om Støres innleiing i denne plattforma. De bør også omtala kunnskapsutviklinga på ein meir dynamisk måte. Det vil me gjerne snakka meir med dykk om. Og me vil også snakka med dykk om kva mangfald i sektoren vil seia.  Me kan heller ikkje vita kva kunnskap verda treng i framtida.  Me veit ikkje alltid det me ikkje veit, understreka ho.

 – Legg opp til polarisering mellom by og land

 Gro Bjørnerud Mo var sterkt kritisk til målet utvalet hadde for utviklingsavtalane. 

– Her legg utvalet opp til ei polarisering mellom by og land. Me treng eit Arbeidarparti som ser at universiteta også medverkar til regional vekst i heile landet.  I førre månad markerte UiO sin 209-årsdag. Og me har ikkje bygt ein storby i dei åra, me har bygt landet. Det skal me halda fram med, lova ho. - Derfor bør partiet også gi plass til eit europeisk leiande forskingsuniversitet i strategien sin, la ho til.

På tredjeplass i Europa

Gro Bjørnerud Mo viste til at nettopp på Det samfunnsvitskaplege fakultetet og Det humanistiske fakultetet gjer UiO det svært bra.

– Om me ser på kvalitetstildelingane i Det europeiske forskingsrådet ERC til humaniora og samfunnsvitskap, så kjem UiO på tredjeplass i Europa. Framfor oss ligg berre universiteta i Oxford og Amsterdam, understreka ho.

Levedyktig og robust

I panelsamtalen etterpå fekk også viserektor Åse Gornitzka koma med sine vurderingar av utvalet sine forslag til  ny strategi for høgare utdanning og forsking. 

Eit panel med fem personar
DISKUTERTE AP-STRATEGI:  Viserektor Åse Gornitzka, utvalsmedlem Petter Aaslestad, nestleiar i Studentparlamentet ved UiO, Linnea Alexandra Barberini, utvalsmedlem Hanne Davidsen og Ap-leiar Jonas Gahr Støre deltok i ein panelsamtale om Arbeidarpartiutvalet sitt forslag til ny strategi for høgare utdanning, forsking og kompetanse.  Panelsamtalen gjekk føre seg i Eilert Sundts hus på Blindern. (Foto: Ola Gamst Sæther) 

– Tillit, tilpassing til ein mangfaldig sektor og ei fornuftig finansieringsordning må vera heilt sentralt for oss. På den måten har den nordiske modellen for universiteta og høgskulane vist seg robust og levedyktig om me samanliknar stoda til systerinstitusjonane våre i Storbritannia. Der har dei måtte gå til oppseiingar fordi dei har vore avhengige av studieavgifter frå utanlandske studentar, konstaterte ho.  

Arbeidarpartileiar Jonas Gahr Støre greip tak i partiet sitt syn på ABE-reforma. 

– Me vil erstatta ABE-reforma med ei  meir målstyrt retning. Det er ein feig strategi å bruka ei ABE-reform, for det viser at regjeringa ikkje torer å prioritera. Det er ulempa med flate kutt. Me skal visa mot til å prioritera, lova Støre.

Fleire av forslaga til utvalet er tatt inn i Arbeidarpartiets nye partiprogram, medan andre forslag er komne med i oppdateringa av partiet sin strategi for høgare utdanning, forsking og kompetanse, går det fram av ei innleiing til utkastet frå utvalsleiar Nina Sandberg.

Emneord: Forskningspolitikk, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 4. okt. 2020 14:18 - Sist endra 4. okt. 2020 14:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere