G20-landa lovar vaksinar til alle land, men enno manglar 23 milliardar dollar

Verdas rikaste land lova i helga å gjera det dei kan for å sikra ei rettferdig tilgang til medisinar, testar og vaksinar mot koronaviruset. – No ventar me at lovnadene blir fylgde opp av pengar og handling, seier utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF). 

FULL TILGANG: G20-landa lovar at alle land skal få tilgang til medisinar, testing og vaksinar mot koronaviruset covid-19.  Biletet viser offentleg informasjon om Covid-19-testing i New York. 

Foto: David Hazan /flickR

Sist helg kom Jan Helge Solbakk, Rose Bernabe og Shereen Cox frå Senter for medisinsk etikk ved UiO i ein kronikk i Uniforum med hard kritikk av den norske regjeringa si haldning til å sikra at alle land får tilgang til vaksinar mot koronaviruset. Dei peika på regjeringa sitt nei tll forslaget frå Sør-Afrika, india, Kenya og Ezwatini om å gi eit mellombels unntak frå alle patentreglane i TRIPS-avtalen.

Eit slik unntak meiner kronikkforfattarane er svært viktig for å sikra alle land i verda sin tilgang til framtidige vaksinar og andre behandlingsformer mot koronaviruset Covid-19. Dei reagerte også sterkt på at utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF) og påtroppande ambassadør for global helse, John-Arne Røttingen hadde forsvart denne haldninga i ein debatt med Leger uten grenser i Dagsnytt 18.

Etter deira oppfatning viser dette at regjeringa tar parti for dei som lagar og utviklar medisinane.  "Men hovedbudskapet er at medisin-produsentenes patentrettigheter – og dermed også retten til prising av egne produkter - må gis forrang foran fattige menneskers rett til tilgang til livreddende behandlingsformer," skriv dei.  

– Eit viktig signal

No tyder ei fråsegn frå det digitale G20-møtet i Saudi-Arabia i helga på at dei rikaste landa i verda no ynskjer å gi alle verdas land tilgang til medisinar, testing og vaksinar mot koronaviruset Covid-19.  Slik tolkar i alle fall utviklingsminister Dag-Inge Ulstein (KrF) det i ei pressemelding frå Utanriksdepartemetent. 

– Dette er eit viktig signal frå landa med verdas største økonomiar. No reknar me med at lovnadene blir fylgde  opp med pengar og handling, seier Dag-Inge Ulstein.

Noreg, Sør-Afrika, WHO og EU sende brev til G20

I pressemeldinga vert det vist til at før møtet hadde Noreg og Sør-Afrika, saman med Verdas Helseorganisasjon (WHO) og EU-kommisjonen, sendt eit brev til G20-landa.  I brevet blei G20-landa bedne  om å bidra med ytterligare støtte til det globale pandemi-arbeidet som vert koordinert gjennom ACT-A, koalisjonen for nedkjempinga av covid-19 der Noreg og Sør-Afrika er medleiarar. 

– Bodskapen vår til G20 var at investering i dette arbeidet no ikkje berre vil redda liv og sikra at me får ei reell global fordeling av helsetenester, testar, medisinar og vaksiner, men det vil også vera den mest effektive vegen til å få den globale økonomien på rett kjøl. Fråsegna frå G20 er eit godt første svar på dette brevet, men no håpar me det vert fylgt opp med handling, seier Ulstein i pressemeldinga. 

Manglar 23 milliardar dollar

Pengane som vert mobiliserte til ACT-A skal gå til å betala for to milliardar vaksinedosar i 2021, 500 millionar hurtigtestar innan første halvår 2021 og 245 millionar behandlingar (steroidar og antistoff) i løpet av 2021. Framleis manglar covid-koalisjonen rundt 23 milliardar dollar for 2021.

– Det hastar med å få dette på plass. Det kjem stadig positive nyheter om covid-vaksinar. Dersom me ikkje får nok pengar til arbeidet i ACT-A kan me enda med ein situasjon der Vesten får vaksine, medan fattige land står utanfor. Dette er ikkje berre usolidarisk, det gjer også at me ikkje får ein endeleg slutt på pandemien og den økonomiske nedgangen. Å investera i fellesløysngar no, er den beste investeringa eit kvart land kan gjera, seier Ulstein.

Emneord: Koronavirus, Koronaviruset, Globalisering, Helse Av Martin Toft
Publisert 25. nov. 2020 11:19 - Sist endra 3. des. 2020 15:49
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere