Partnarskap med Oslo universitetssykehus kan bli løysinga for Livsvitskapsbygget

Livsvitskapsbygget må byggjast i samsvar med planen og med ei ekstraløyving på 1 milliard eller så må OUS eller andre inn som ekstern aktør. Det gjekk Universitetsstyret inn for måndag 28. september. 

Tomta til Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen

MILLIARDSLUK: Kvikkleire i grunnen har ført til store ekstra kostnader for bygginga av Livsvitskapsbygget. I dag la UiO og Statsbygg fram ein plan for å tetta milliardsluket. Biletet viser tomta slik den ser ut i dag. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Det var den 26. august det først blei kjent at vanskelege grunnforhold  og dårleg prosjektering frå Statsbyggs side hadde gitt store overskridingar for bygginga av Livsvitskapsbygget i Gaustadbekkdalen.

Uventa mykje kvikkleire

Reint konkret viste det seg at det altså var uventa mykje kvikkleire i grunnen. 

Om livsvitskap

Formålet med satsinga på livsvitskap og Livsvitskapsbygget er å kopla saman  ulike fag og disiplinar for å forstå liv og livsprosessar. Dette skal brukast til å løysa utfordringar med aldring, sjukdom, matproduksjon, bioteknologi, klima og miljøendringar. Livsvitskap skal samla farmasi, medisin og kjemi med forsking biologi, nano- og bioteknologi, medisinsk teknologi, stordata og kunstig intelligens. Gjennom samarbeid med Oslo universitetssykehus, næringsliv og innovasjonsmiljø skal det skapast innovasjon, næringar og arbeidsplassar.

(Kjelde: UiO)

– Det er ikkje noko i vegen for å byggja på kvikkleire, men no ser me meir enn det undersøkingane viste, sa kommunikasjonsdirektør Hege Njaa Aschim i Statsbygg til Uniforum dagen etter. Ho opplyste også at dei ville sjå på kva som ville vera ei formålstenleg løysing innanfor kostnadsramma.

Kunnskapsdepartementet bad UiO og Statsbygg om å levera ulike alternativ  for korleis kostnadane skal koma under kontroll og halda seg innanfor budsjettramma på 6,196 milliardar kroner. UiO har seinare også bede regjeringa om ei ekstraløyving på 1 milliard kroner til bygginga av Livsvitskapsbygget, slik Uniforum tidlegare har meldt.  Av samfunnsøkonomiske vurderingar, meiner UiO det er heilt naudsynt.

UiO og Statsbygg har likevel forsøkt å finna løysingar for å halda byggjekostnadane nede innanfor den vedtekne budsjettramma på 6,196 milliardar kroner. UiO har dessutan vurdert om det vil vera mogleg å ha partnarskap med ein ekstern aktør, får Uniforum opplyst frå UiO. 

Om Livsvitskapsbygget: 

Den planlagde bygningen for livsvitskap, kjemi og farmasi – Livsvitskapsbygget – ved Universitetet i Oslo (UiO) skal stå ferdig ved utgangen av 2024 og skal husa om lag 1000 tilsette og 1600 studentar. Med sine 66 700 m² blir det Noregs største og mest komplekse universitetsbygning. Kostnadsramma er rekna ut  til 6,196 milliardar kroner (oppdatert  i 2020).

(Kjelde: Uniforum)

Ei arbeidsgruppe leia av viserektor Per Morten Sandset fekk frist til 30. september med å levera rapporten til Kunnskapsdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Finansdepartementet. 

To moglege alternativ

Måndag 28. september blei innhaldet i rapporten presentert og diskutert på eit ekstraordinært møte i Universitetsstyret.  

Rektor Svein Stølen peikar på at han og Universitetsstyret ser  to alternativ for ei realisering av dette bygget for kjemi, farmasi og livsvitskap.

– Det eine er å få ei ekstra løyving og byggja bygget slik det var planlagt. Det andre er ein mogleg partnarskap med Oslo universitetssykehus.  Alternativa som har vore utgreidde med Statsbygg, vil bryta så mykje med samfunns- og effektmåla at dei vil vera urealistiske, seier Stølen til Uniforum. 

Vil ikkje redusera storleiken på bygget

– For å halda oss innanfor ramma på 6,196 milliardar kroner, må me redusera storleiken på bygget kraftig og det er greidd ut ulike alternativ å gjera det på, men me kan ikkje tilrå det. Og det var styret einig i, understrekar han. 

– Det andre alternativet går ut på at me mellom anna må redusera storleiken på bygget kraftig. Det vil me ikkje rå til blir gjort, seier han.  

Rektor Svein Stølen er opptatt av å få ferdig det livsvitskapsbygget dei har lova å få realisert.

– Me vil levera eit bygg som er i samsvar med målsetjinga med livsvitskapsbygget, understrekar han. – Det skal vera forsking, utdanning, innovasjon og infrastruktur - alt dette heng saman -me skal få til konvergens og skapa eit nyskapande miljø som sikrar Noreg konkurransekraft, slår han fast.  

Kan bli partnarskap

Det andre alternativet Universitetsstyret slutta seg til å greia ut, er å gå i partnarskap med ein ekstern aktør. Då kan bygget realiserast som planlagt. 

 – Å få inn eksterne aktivitetar kan opna opp for at  Oslo universitetssykehus kan koma inn i bygget, seier Svein Stølen til Uniforum. 

Kunnskapsdepartement og Helse- og omsorgsdepartementet har gitt UiO og Helse søraust i oppdrag å greia ut alternativet om partnarskap. Fristen  er sett til 19.oktober 2020, opplyser UiO.

Vil førebyggja ei oppsplitting av fagmiljø

Rektor Svein Stølen viser også til at det med begge desse to alternativa vil vera fleire usikre moment.

– Me ser på korleis me best kan førebyggja ei oppsplitting av fagmiljø og redusera konsekvensane av denne forseinkinga som er påført oss. Og me må ikkje hamna i ein situasjon der nokre miljø blir verande i utdaterte lokale som ikkje oppfyller moderne krav til tryggleik. Eg er også svært opptatt av at me byggjer så miljøvennleg som mogleg, og med så låge driftsutgifter som mogleg. Mykje arbeid står att, seier Svein Stølen i meldinga som er lagt ut på UiOs nettsider.

– Vil UiO med desse moglege alternativa oppfylla den bestillinga Kunnskapsdepartementet har kome med?

– Ja, det vil me, seier Svein Stølen til Uniforum.

Rapporten til arbeidsgruppa med tilrådingane til Universitetsstyret skal leverast til Kunnskapsdepartementet og dei to andre departementa den 30. september. I løpet av november vil regjeringa ta den endelege avgjerda i denne saka, har UiO fått varsel om. 

 

Emneord: Livsvitenskapsbygget, Livsvitskap Av Martin Toft
Publisert 28. sep. 2020 22:59 - Sist endra 28. sep. 2020 23:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere