UiO gir 10 000 kroner i krisestipend til internasjonale studentar    

Internasjonale studentar på UiO som har mista deltidsjobben sin, kan no søkja om eit stipend på 10 000 kroner som skal dekkja husleige og mat.

Ein mann står framfor ein stol og støttar seg med hendene på rygglenet

 STIPEND: Det kan no søkjast om eit krisestipend på 10 000 kroner for internasjonale studentar som har mista deltidsjobben sin på grunn av koronatiltaka. Det opplyser ein godt nøgd rektor Svein Stølen til Uniforum. 

Foto: Ola Gamst Sæther

Koronatiltaka i Noreg førte til at mange internasjonale studentar på Universitetet i Oslo mista deltidsjobben sin og dermed ein viktig del av det økonomiske sikringsnettet sitt.

Levde på under 3000 kroner i månaden

Ein av dei var Seid Mussa Ahmed frå Etiopia som Uniforum tidlegare har fortalt om. Som sjølvfinansierande ph.d.student hadde han 10 000 kroner å leva for etter at han mista deltidsjobbane sine etter innføringa av koronatiltaka i Noreg. Det er pengane han får utbetalt som mottakar av eit stipend som heiter "the quota scheme scholarship."

Etter å ha betalt husleiga til SiO, sat han igjen med i underkant av 3000 kroner i månaden som skulle dekkja andre utgifter. Inntekta til kona var ikkje med i det reknestykket.

– Kan søkjast om eit skattefritt stipend

No kan han og andre i same situasjon få økonomisk naudhjelp frå Universitetet i Oslo.

 – Det kan søkjast om eit skattefritt stipend på 10 000 kroner kvar til dei sjølvfinansierande internasjonale studentane som går på UiO og som har mista deltidsjobben sin på grunn av koronatiltaka. Pengane må gå til husleige og mat. Det opplyser rektor Svein Stølen til Uniforum.

– På plass i neste veke

Pengane skal takast frå reserven til universitetsleiinga og universitetsstyret får ei orientering om saka på førstkomande møte 13. mai.

– Det formelle skal vera på plass i byrjinga av neste veke, og då vil det vera mogleg å senda inn søknad om støtte. Desse internasjonale studentane kjem ikkje under ordninga som gir dei rett til lønn i 18 dagar etter permittering, trekkjer Stølen fram. Han er svært glad for at også UiO har klart å få dette på plass.

600 studentar

– Me blei tidleg merksame på den vanskelege situasjonen til desse rundt 600 studentane på UiO. 415 av dei kjem frå land utanfor EU, medan 177 er frå EU-landa. Så langt har me ikkje heller fullt oversyn over kor mange som framleis er her i landet. Men det håpar me at me snart skal få eit svar på. No er støtteordninga på plass, og me har lagt oss på same linje som Universitetet i Bergen og OsloMet, seier han.

– SiO Helse kan gi dei råd og økonomisk rettleiing

Samtidig peikar han på at UiO heile tida har hatt god kontakt med Kunnskapsdepartementet og Studentsamskipnaden (SiO) i denne saka.

– Derfor er det også kome på plass ei ordning der fristen dei har overfor UDI til å dokumentera at dei har nok pengar til å forsørgja seg sjølve, er utsett fram til 1. oktober, peikar han på.

Svein Stølen er også godt nøgd med at dei har Studentsamskipnaden (SiO) med på laget.

– SiO Helse kan gi dei råd og økonomisk rettleiing.

Les meir om ordninga her

"Jeg er veldig glad for dette"

Medisinprofessor Johanne Sundby var ein av dei første som fortalde om kor vanskeleg situasjon dei sjølvfinansierande studentane var komne i. Det gjorde ho i kronikken Internasjonale studenter faller mellom alle stoler  i Uniforum den 6. april.  Den kronikken blei fylgt opp av intervjuet i Uniforum med Seid Mussa Ahmed frå Etiopia.

No er ho svært nøgd med at UiO har gitt dei internasjonale studentane høve til å søkja om eit krisestipend på 10 000 kroner som skal dekkja husleige og mat. 

"Jeg er veldig glad for dette. Seid Mussa Ahmed, som sto fram i intervju, fikk lov å jobbe på kontor på UIO etter oppslaget. han skal bli pappa for annen gang om kort tid, og vil sikkert trenge stipend og kontor for å bli ferdig med dr.graden sin. Det er mange som har det som ham," skriv Johanne Sundby i ein epost til Uniforum. 

"Mange vil ikke si fra om hvordan de har det, fordi de er redde for å miste retten til å få oppholdstillatelse, som jo er avhengig av at de kan finansiere seg selv. Noen har allerede begynt å bruke av de oppsparte midlene man må ha for å kunne søke opphold. Uten opphold får de ikke tatt sine grader," minner ho oss om.  No er Johanne Sundby også opptatt av korleis UiO skal halda fram med å  vera eit universitet som er internasjonalt orientert. 

"Vi er spent på hvordan krisen vil påvirke vår mulighet for å forbli et internasjonaliserings-orientert universitet. Sommerskolen, som jo er et fantastisk eksempel på "det globale klasserommet" må ha digital sommerskole i år. Noen studenter får ikke begynt på UIO fordi situasjonen er uklar. Flere i vårt fagmiljø har fulgt opp denne saken, og den har fått ringvirkninger både i Oslo og ellers i landet," peikar ho på. 

Rektor Svein Stølen skal altså formelt orientera om ordninga med krisestipend for internasjonale studentar på det ekstraordinære møtet i universitetsstyret onsdag 13. mai. 

(Oppdatert med kommentar frå medisinprofessor Johannes Sundby 12. mai klokka 13:45)

 

Emneord: Koronavirus, Studentforhold, Arbeidsforhold, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 11. mai 2020 16:50 - Sist endra 12. mai 2020 13:50
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere