Applaus då Strategi 2030 blei vedtatt med overskrift

Strategi 2030 er vedtatt med overskrifta «Kunnskap-ansvar-engasjement. For ei berekraftig verd.» Det bestemte  eit samrøystes universitetsstyre i dag.

Universitetsstyret er samla rundt eit langt bord. På talarstolen står to utkast til overskrift for UiOs Strategi 2030

ALTERNATIVA: Det var to alternative overskrifter universitetsstyret kunne velja mellom. Det enda opp med ein fusjon av begge, men med ordet "engasjement" i staden for "evne" og "vilje".

Foto: Ola Gamst Sæther

Det blei mest debatt om Strategi 2030 skulle vera med eller utan ei overskrift då strategien kom opp til den endelege handsaminga i universitetsstyret ved UiO i dag. 

Dette er dei fire ambisjonane i  forslaget til Strategi 2030:

UiO skal:

- fremja uavhengig, banebrytande og langsiktig forsking

- utdanna studentar med kunnskap, evne og vilje til å skapa ei berekraftig verd

- styrkja dialogen med omverda og arbeida for at kunnskap vert tatt i bruk

- vera ein nyskapande organisasjon og ein attraktiv arbeids- og studiestad

 

Ynskte overskrift

Etter ei rask innleiing blei det klart for rektor Svein Stølen at fleirtalet av styret gjerne ville ha ei overskrift. Då stod det mellom «Kunnskap. Evne. Vilje. For en bærekraftig verden» og «Kunnskap. Ansvar. Vilje. For en berekraftig verden». 

Kristian Bjørkdahl, som er representant for dei mellombels vitskaplege tilsette, fekk ganske snart fleirtalet i styret med seg på at «vilje» er negativt lada. 

– For meg gir det assosiasjonar til Leni Riefenstahls propagandafilm «Viljens triumf» frå Den andre verdskrigen.  Det gir meg frysningar langt nedover ryggen, sa han.   

Bytte bort «vilje» med «engasjement»

Det blei fort klart at heller ikkje «evne» fekk gjennomslag hos styret.  Representant for dei faste vitskaplege tilsette, Olav Gjelsvik, foreslo å ta med berre kunnskap og ansvar og fjerna vilje. Han fekk støtte i det synet frå ekstern representant Idar Kreutzer.  Studentrepresentant Runa Kristine Fiske sa at ho eigentleg ikkje hadde noko imot «vilje», men ville føreslå at det kunne bytast ut med «engasjement». Det fekk ho full støtte i frå rektor Svein Stølen. 

– Kunnskap, ansvar og engasjement. For ei berekraftig verd. Det føreslår eg. Er det ingen som motseier meg? spurte Svein Stølen. Det var det ikkje. Dermed blei det forslaget saman med ein del mindre forslag til endringar i teksten tatt med som redigeringsoppgåver  i lunsjen for sekretariatet.

TEKSTREDIGERING: Det blei ein del redigering av teksten i forslaget til Strategi 2030 under møtet i universitetsstyret i dag med rektor Svein Stølen som dirigent. Til slutt blei Strategi 2030 vedtatt samrøystes av universitetsstyret. (Foto: Ola Sæther)

Fekk applaus

Etter lunsjen kom universitetsleiinga med rektor Svein Stølen i brodden tilbake med eit nytt og oppgradert dokument der alle forslag til rettingar var tatt med. Etter ein siste korrektur kom også forslaga til små endringar i teksten på plass.

Og overskrifta enda til slutt opp med å bli «Kunnskap-ansvar-engasjement. For ei berekraftig verd»

Til slutt blei heile Strategi 2030 vedtatt samrøystes av universitetsstyret.

– Det må me klappa for, sa Svein Stølen. Han fekk applausen han bad om, og dermed var eit over eitt år langt arbeid for å sy saman Strategi 2030 kome i hamn.

Møtet i universitetsstyret heldt fram med orientering om samarbeidet om felles administrativt system med andre universitet om økonomi og lønn. Og dette BOTT-samarbeidet blei det orientert om bak stengde dører. Også diskusjonen om "årsrapport 2019 - styrets beretning" gjekk føre seg bak stengde dører.

Hovudsaka i dag var altså Strategi 2030.  Og den saka er no altså samrøystes vedtatt.

Dette er forslaget til Strategi 2030. Heile teksten som blei vedtatt vert lagt ut straks endringane som kom fram under styremøtet, er på plass.

Dette er den vedtatte versjonen av Strategi 2030.

(Oppdatert 18. februar med endeleg versjon av Strategi 2030)

Emneord: Universitetspolitikk, Strategi 2030 Av Martin Toft
Publisert 14. feb. 2020 15:19 - Sist endra 18. feb. 2020 16:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere