Strategi 2030 skal i mål på fredag – med eller utan visjon

Etter over eitt år med diskusjonar, allmøte, endringar og rundt 60 høyringsinnspel i fjor haust skal Strategi 2030 endeleg bankast gjennom denne veka.

LANG TID: – Det har vore eit poeng å bruka så lang tid for å sikra at folk blei høyrde og fekk høve til å spela inn og til å respondera på forslag. No er det på tide å koma i mål og begynna å jobba vidare basert på strategien, seier rektor Svein Stølen. På fredag skal universitetsstyret endeleg vedta Strategi 2030.

Foto: Ola Gamst Sæther

Den 4. oktober hadde universitetsstyret eit eige seminar om Strategi 2030. Då diskuterte og fastla styremedlemane struktur, ambisjonar og mål for den nye strategien. Etterpå har fleire av dei kome med skriftlege innspel som no er lagde inn i forslaget som vert lagt fram til vedtak førstkomande fredag.

Dette er dei fire ambisjonane i  forslaget til Strategi 2030:

UiO skal:

- fremja uavhengig, banebrytande og langsiktig forsking

- utdanna studentar med kunnskap, evne og vilje til å skapa ei berekraftig verd

- styrkja dialogen med omverda og arbeida for at kunnskap vert tatt i bruk

- vera ein nyskapande organisasjon og ein attraktiv arbeids- og studiestad

Strategien manglar førebels ein visjon, men i fylgje sakspapira føreslår universitetsleiinga at strategien ikkje skal ha ein visjon.

Det spørsmålet skal diskuterast med styret i møtet, før det endelege vedtaket vert gjort. Det stadfestar rektor Svein Stølen.

– Ein visjon er ikkje så viktig. Eg er opptatt av dei fire ambisjonane. Dei til saman viser retninga vår. Det kan henda me skal ha ei overskrift, men eg har ikkje noko spesielt behov for ein visjon.

– Men det er det som blir hovudtemaet under diskusjonen  om Strategi 2030 på fredag?

– Ja, det blir det.

Prorektor Gro Bjørnerud Mo konstaterer at det no berre er småting som står igjen for styret før Strategi 2030 kan bli endeleg vedtatt.

– Diskusjonen kjem truleg til å handla mest om finpuss her og der og om innramminga, trur Gro Bjørnerud Mo.

– På tide å koma i mål

Både Svein Stølen og Gro Bjørnerud Mo synest det er godt å koma i mål med Strategi 2030:

– Ja, eg vil seia at det er deilig. Samtidig synest eg ikkje det har vore noko vanskeleg å bruka så lang tid. Det har vore eit poeng å bruka så lang tid for å sikra at folk blei høyrde og fekk høve til å spela inn og til å respondera på forslag. No er det på tide å koma i mål og begynna å jobba vidare basert på strategien, seier Svein Stølen til Uniforum då me møter han på rektorkontoret tidlegare i dag.

Gro Bjørnerud Mo er einig.

– Den er berre nokre få veker forseinka i høve til den opphavlege planen. Eg er nøgd med at me har kome så langt og gler meg til å fylgja opp arbeidet vidare, seier ho via mobiltelefonen.

Godt nøgd med dei fire ambisjonane

Når ho blir utfordra til å svara på kva i planen ho er mest glad for, nøler ho ikkje lenge.

– Dei fire  ambisjonane me har lagt inn ser ut til å ha brei oppslutning og kan vera med på å forma UiO på ein framtidsretta måte i det tiåret me skal inn i. Kanskje er eg mest nøgd med måten desse ambisjonane har kome fram på og er formulerte på, og eg er veldig spent på å sjå dei verka i tida som kjem.

– Arbeidet har landa veldig fint

Svein Stølen synes ikkje det har vore spesielt vanskeleg å få sydd saman eit forslag til Strategi 2030, sjølv om det har vore mange ulike meiningar om dei første utkasta.

– Me la inn i framlegget ting som me visste hadde stor oppslutning. Så såg me at det kom ein del innspel som gjekk i ulike retningar. Derfor gjekk me inn i styremøtet i desember, der me tona flagg. Så har me sidan det møtet jobba aktivt med Studentparlamentet, dekanmøtet og nokre av styremedlemane og hatt eit eige styreseminar. Dette arbeidet har landa veldig fint, og no trur eg me har eit godt dokument framfor oss, synest Svein Stølen.  

Bjørnerud Mo trekkjer fram den breie debatten som det har vore rundt Strategi 2030.

– Det er eit stort og fleirstemt universitet. I ein slik brei og open prosess kjem ulike stemmer til uttrykk. For at ein slik strategi skal verka, er det heilt avgjerande at stemmer blir høyrde og fanga opp. Då me fekk styret med på dei vegvala som måtta takast i desember, var det ei fin avslutning på arbeidet, avsluttar Gro Bjørnerud Mo.

Berekraftig samfunn og livsvitskap

Eit gjennomsyn av forslaget til Strategi 2030 viser at både målet om at UiO skal gå i brodden for utviklinga mot eit berekraftig samfunn og målet om at livsvitskapssenteret skal nyttast til å gi svar på forventingane samfunnet har, er kome med. Livsvitskapsenteret er også viktig for vidareutviklinga av samarbeidet mellom UiO og universitetssjukehusa, står det.

UiO tar også mål av seg å utvikla framifrå forskingsmiljø på heile institusjonen. «Fram mot 2030 skal vi videreutvikle kvaliteten i forskning og utdanning slik at UiO styrker sin plass i toppsjiktet blant Europas universiteter», heiter det. Det vert også lagt vekt på at universitetet skal utøva og forsvara den akademiske fridomen i dialog med samfunnet, nasjonalt og internasjonalt.

Skal bidra til fagleg oppdatering

Også eit punkt om at Universitetet i Oslo skal utdanna studentar med kunnskap, evne og vilje til å skapa ei berekraftig verd har fått plass i ein av dei fire ambisjonane i det endelege forslaget til Strategi 2030. Innanfor utdanning skal UiO halda fram med å utvikla undervisnings- og læreformer som stimulerer til etisk refleksjon, kritisk tenking, kreativitet og problemløysing, vert det understreka.

UiO skal i tillegg bidra til at studentane kan venda tilbake for fagleg oppdatering, samtidig som universitetet skal tilby etter- og vidareutdanning i faga der UiO har spesielle fortrinn.

Eit trygt og godt arbeids- og læringsmiljø

I eit underpunkt er det også tatt med at UiO skal arbeida systematisk for å skapa eit trygt og godt arbeids- og læringsmiljø med større mangfald og ein inkluderande kultur for studentar og tilsette. Dessutan skal Universitetet i Oslo bidra til verdiskaping og nye arbeidsplassar gjennom innovasjon og entreprenørskap, står det i forslaget.

Samtidig skal UiO også bidra til berekraftig samfunnsutvikling og grøn omstilling. Når det gjeld klimagassutslepp tar UiO mål av seg til å redusera dei og leggja til rette for at både tilsette og studentar tar miljømedvitne val.  

I det endelege forslaget til Strategi 2030 vert det også staka opp mål om korleis universitetet kan utvikla universitetsområda på ein heilskapleg måte slik at dei tar vare på breidda i det universitetet held på med og som på same tid styrkjer viktige samarbeidsrelasjonar i Osloregionen.

Det vert trekt fram at universitetet vil satsa på formidlingsarenaer og aktivitetar på heile institusjonen. Forslaget viser fram både musea og universitetsbiblioteket som gode døme. Dei har potensial for å bli knytte endå tettare til resten av UiO, står det i omtalen av formidling.

Menneska er den viktigaste ressursen

Men det vert sterkt understreka at det er menneska som er UiOs viktigaste ressurs. Derfor er det avgjerande å ta godt vare på både tilsette og studentar for at UiO skal lykkast med samfunnsoppdraget sitt, går det fram av forslaget. Det inkluderer ein aktiv politikk for likestilling og ein praksis for rekruttering som skapar mangfald og sikrar like rettar, heiter det. UiO vil også leggja til rette for ei god studentoppleving som gir studentane ei sterk kjensle av at dei fagleg og sosialt høyrer til Universitetet i Oslo og til Oslo som studentby.

Forslaget til Strategi 2030 er delt inn i fire ambisjonar og så kjem det fleire underpunkt etter kvar ambisjon.

Dette er dei fire ambisjonane i forslaget til Strategi 2030:

UiO skal:

- fremja uavhengig, banebrytande og langsiktig forsking

- utdanna studentar med kunnskap, evne og vilje til å skapa ei berekraftig verd

- styrkja dialogen med omverda og arbeida for at kunnskap vert tatt i bruk

- vera ein nyskapande organisasjon og ein attraktiv arbeids- og studiestad

Skal drøfta felles administrativt system

Strategi 2030 blir utan tvil hovudsaka på møtet i universitetsstyret fredag 14. februar.Det er likevel plass til eit par viktige saker til.

Bak stengde dører skal styret drøfta samarbeidet om drifta av eit felles administrativt system med universiteta i Bergen, Trondheim og Tromsø, også kalla BOTT.  Denne gongen skal det handla om økonomi og lønn. Også årsrapporten frå styret vert diskutert bak stengde dører.

Heile diskusjonen om Strategi 2030 vil derimot gå føre seg for opne dører. Møtet i universitetsstyret begynner fredag 14. februar klokka 10.00. Etter planen skal møtet vera ferdig kl. 15.30.

Dette er saklista for møtet i universitetsstyret:

Møte nr. 1/2020 i universitetsstyret

Tid og sted: Møte nr. 1/2020 i universitetsstyret 14. feb. 2020 10:00–15:30, Professorboligen, Karl Johansgate 47

Ordinært styremøte

Saker til behandling i lukket møte

Ordinære saker


V-SAK 1 Godkjenning av dagsorden og habilitet


Saker til behandling i åpent møte

Orienteringssaker


O-SAK 1 Presentasjon av UiO:Norden

Ved direktør Tore Rem.


Ordinære saker


V-SAK 2 Vedtak av UiOs Strategi 2030

Saksnr.

Saksdokumenter:

  • Styrenotat med vedlegg

    Saker til behandling i lukket møte

    Diskusjonssaker


    D-SAK 1 Årsrapport 2019 - Styrets beretning

    Saken er unntatt offentlighet etter offl. § 5


    Orienteringssaker


    O-SAK 2 Universitetssamarbeidet BOTT - samarbeid om administrative systemer: Økonomi og lønn

    Saken er unntatt offentlighet etter offl § 14 og 23


    Saker til behandling i åpent møte

    Orienteringsaker


    O-SAK 3 Presentasjon av Livsvitenskapsbygget

    Presentasjon legges frem i møtet


    O-SAK 4 Tildelingsbrev 2020 fra Kunnskapsdepartementet

    Saksnr. 2018/13073

    Saksdokumenter:

  • Styrenotat med vedlegg

    Saker til behandling i lukket møte

    Orienteringssaker


    O-SAK 7 Eventuelt


    Ordinære saker


    V-SAK 3 Godkjenning av protokoll for inneværende møte

     

Emneord: Strategi 2030, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 12. feb. 2020 13:53 - Sist endra 12. feb. 2020 13:53
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere