Per Morten Sandset: – Det vil vera skadeleg å flytta Rikshospitalet til Ullevål

– Det viktigaste for UiO er at dei ikkje flyttar Rikshospitalet ned til Ullevål fordi det er det som ville vera skadeleg ikkje berre for oss, men for Oslo universitetssykehus og Rikshospitalet også. Det seier viserektor Per Morten Sandset ved UiO.

Per Morten Sandset ser mot fotografen med Rikshospitalet og Gaustad i bakgrunnen

UROLEGE: – Det som me er urolege for, er at enkelte har ytra ynske om at dei ynskjer å flytta Rikshospitalet frå Gaustad til Ullevål, seier viserektor Per Morten Sandset ved UiO. Her står han i 9. etasje i Lucy Smiths hus med Rikshospitalet og Gaustad i bakgrunnen.(Foto: Martin Toft) 

Kampen om lokaliseringa og utbygginga av framtidas Oslo universitetssykehus spissar seg no til. Medan styret for Helse Søraust har gått inn for å leggja ned sjukehusdrifta på Ullevål og heller byggja ut Rikshospitalet på Gaustad og Aker sykehus på Bjerke, jobbar politikarar frå Senterpartiet, SV, Raudt, Kristeleg Folkeparti, Framstegspartiet, Miljøpartiet Dei grøne, Venstre, Bompengepartiet og Helsepartiet saman med fleire av dei tilsette ved OUS for å redda Ullevål og byggja framtidas sjukehus der og på Aker. Etter kommunevalet er 32 av representantane i Oslo bystyre for å redda Ullevål, medan 27 støttar planane til Helse Søraust, skriv Vårt Oslo.  

I førre veke publiserte Aftenposten eit debattinnlegg av viserektor Per Morten Sandset og dekan Ivar Prydz Gladhaug ved Det medisinske fakultetet. Der åtvara dei sterkt imot planar om å flytta alle dei viktigaste funksjonane til Rikshospitalet ned til Ullevål.

Viserektor Per Morten Sandset fryktar at det vil spenna bein under logistikken med å ha Livsvitskapsbygningen ein fem minutt lang spasertur frå Rikshospitalet. Per Morten Sandset har sjølv i mange år jobba som lege både på Aker, Ullevål og Rikshospitalet.

 – Ein meirverdi til det norske samfunnet

I eit intervju med Uniforum utdjupar han kvifor ei vidare utbygging av Oslo universitetssykehus bør skje på Gaustad.

– Det er klart at den kompetansen som er utvikla på Rikshospitalet på Gaustad, er utvikla i tett samarbeid med Universitetet i Oslo. Det gjeld sjølvsagt Det medisinske fakultetet, men også Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet er inne der med masse fagfolk. Det er jo slik at me byggjer det nye livsvitskapsbygget vårt for over sju milliardar kroner. Det blir Noregs mest avanserte forskings- og undervisningsbygg. Det er store forventingar frå dei som har gitt pengar til dette, at det som me investerer pengar i, skal kunna brukast og utnyttast, og at det ikkje berre skal vera nyttig for pasientar, men også føra til innovasjon, bedriftsetableringar og gi ein meirverdi til det norske samfunnet, understrekar han.  

Sandset viser til at når det skal byggjast eit nytt sjukehus,, så tenkjer UiO seg at det skal kunna samarbeida med Oslo universitetssykehus slik at OUS kanskje investerer i noko utstyr, og så kan det utstyret UiO har investert i livsvitskapsbygget og i andre bygningar i fellesskap fungera som ei gjensidig forsterking av fagmiljøa.

– Dette handlar om å utnytta ressursane på ein best mogleg måte, slår han fast.

– Det er jo ikkje særleg stor avstand mellom UiO og Ullevål heller, berre ein trikketur på fem minutt?

– Ja det er heilt rett, men for å seia det sånn, så er avstand ikkje heilt uvesentleg. Alle som har jobba i kompetansemiljø, veit at straks du har ein avstand på 2 kilometer eller 100 kilometer, spelar det ikkje ei så stor rolle. For med teknologi kan du jo for så vidt samhandla godt. Men det er noko med det å gå fem minutt frå livsvitskapsbygget og opp til Rikshospitalet og å treffa sine kollegaer og å diskutera. Det er den interaksjonen du kan mista i framtida. Det er heilt klart at Ullevål ikkje er langt unna, men i denne samanhengen er avstanden ganske stor til kompetansemiljøa her på universitetet, synest Sandset.

– Ei heller moderat utviding på Gaustad

– Får det negative konsekvensar for UiO om forkjemparane for Ullevål likevel vil vinna fram med sine argument?

 – Ja, me må erkjenna dei faktiske forholda. Så om det skulle bli konsekvensen, må me gjera så godt me kan for at det ikkje blir noko problem likevel. Poenget vårt er likevel at det som er viktig for oss, er å føra vidare Rikshospitalet slik det er i dag med lands- og regionfunksjonane, og som lokalsjukehus for nokre ekstra bydelar, seier han.

– Det er jo snakk om ei heller moderat utviding på Gaustad. Det er ikkje snakk om å byggja heile det nye Oslo universitetssykehus på Gaustad. Det meiner ikkje me, så kvar Helse Søraust og Oslo universitetssykehus ynskjer å utvida sjukehusa sine, det har ikkje Universitetet i Oslo ansvaret for å leggja seg opp i. Eit alternativ er jo å utvida Ullevål og leggja storbysjukehuset der. Eit anna alternativ er det styret for OUS og Helse Søraust har gått inn for. Å leggja ned Ullevål, byggja ut Rikshospitalet på Gaustad og å byggja nytt sjukehus på Akertomta. Me har kanskje nokre preferansar i den saka der, men det er ikkje noko me skal leggja oss opp i. Det viktigaste for oss er at dei ikkje flyttar Rikshospitalet som me har i dag ned til Ullevål, fordi det er det som ville vera skadeleg ikkje berre for oss, men for OUS og Rikshospitalet også.

– For dagens samarbeid er avhengig av at Rikshospitalet er der som det er i dag og ikkje endar opp på Ullevål?

– Om det blir ei slik avgjerd, måtte me ha retta oss etter det. Me ynskjer å gjera Livsvitskapssenteret til ein kompetanseklyngje der fagfolk som arbeider innan medisin og helse kan møtast. Det skal bli ein møteplass der folk kan treffast. Det vil liggja heilt sentralt, nord for universitetet og sør for Rikshospitalet. Radiumhospitalet og dei andre sjukehusa i Oslo kan ha det som ein møteplass, og slik kan det bli eit myldretun for folk som er interesserte i forsking og undervisning i helsevitskap.

– Trur du den endelege realiseringa blir slik som UiO helst vil ha det?

– Ja, det er det som er formelt vedtatt og som det er søkt om lånegaranti for. Det som me er urolege for, er at enkelte har ytra ynske om at dei ynskjer å flytta Rikshospitalet frå Gaustad til Ullevål. Det ville nok ha vore ei god løysing for ein del år sidan, noko eg også var veldig for, men i dag satsar me så mykje på nye bygg og UiO har også fått ei mykje større rolle med alle sine fagfelt, peikar han på.

 – Engstelege

Sandset meiner også at den løysinga som UiO støttar, vil vera best for pasientane.

– Det ultimate målet vårt er at me skal få til nye pasientbehandlingsprinsipp, som verkeleg er til gode for pasientane. Det er ingen tvil om at den avanserte kreftbehandlinga som me har begynt å ta i bruk i dag, ja, den skuldast jo nettopp den grunnleggjande forskinga som har gått føre seg her på universitetet og på sjukehuset, men då med fagfolk som også har sin arbeidsplass på universitetet. Me er engstelege for at Rikshospitalet skal flytta vekk frå nybygget som me byggjer no, og som er designa for å liggja nært og tett integrert med universitetssjukehuset, seier han til Uniforum.

Persontilpassa medisin

Per Morten Sandset trur også at framtidas medisin vil bli heilt annleis enn det me opplever i dag, og at det då blir endå viktigare med eit nært samarbeid mellom UiO og OUS.

– Det skjer ei rivande utvikling i medisinen. Det me kjem til å sjå dei komande åra er persontilpassa medisin som har å gjera med korleis ein målrettar behandling, ikkje minst førebyggjande behandling. Og ved sida av kjem utviklinga av utrekningsorientert medisin, der personar med informatikk-kompetanse, kjem inn for fullt. Dei vil i mykje større grad enn tidlegare vera med på å finna ut kva behandling pasientar skal ha. Det vil også blitt tatt i bruk kunstig intelligens for å kunna stilla rett diagnose og avgjera kva som er rett behandling. Me får heilt andre yrkesgrupper som vil koma inn i det medisinske fagfelt enn tidlegare,  trur han.  

Ifylgje Aftenposten har Helse Søraust vurdert kostnadene med å byggja nye sjukehus på Gaustad og på Aker til 37,5 milliardar kroner.

 

 

Av Martin Toft
Publisert 3. okt. 2019 04:30
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere