SISTE: Ingen streik i staten

Det blir ingen streik i staten, ifylgje VG. Partane må først underskriva ein protokoll før det blir endeleg kunngjort. Dermed blir det ikkje streik for 113 UiO-tilsette og over 3600 andre statstilsette.

NØGD: Guro Elisabeth Lind er godt nøgd med at hovudorganisasjonane Unio, LO Stat, Akademikarane og YS Stat har fått i hamn oppgjeret med staten ved hjelp av Riksmeklaren. Sjølv har ho vore forhandlingsleiar for Unio.  

Foto: Ola Sæther

Etter å ha sete nærmare 14 timar på overtid, har altså partane i statsoppgjeret blitt einige om ein avtale. Det melder VG. Derrmed unngår ein streik i staten. Avisa har også fått opplysningar om kva avtalen inneheld. Det blir eit generelt tillegg på A-tabellen med verknad frå 1. mai på: 

1,35 prosent frå lønnssteg 19-46

1,55 prosent frå lønnssteg 47-63

1,35 prosent frå lønnssteg 64-101

Det blir også sett av ein lokal pott på 1,24 prosent som vil bli sett i verk frå 1. juli. 

Når det gjeld pensjon. vil dei som er fødde i 1962 eller tidlegare behalda på dagens AFP-ordning. For dei som er fødde i 1963 eller seinare, gjeld den nye AFP-ordninga som kom inn i avtalen om ny offentleg tenestepensjon frå 2018. 

Nøgde fagforeiningsleiarar

Leiaren for Akademikarane Stat, Anders Kvam er godt nøgd med avtalen: 

– Oppgjeret har ei økonomisk ramme som totalt gir ein reallønnsvekst. Dette er me  nøgde med. AFP har vore eit  krevjande tema i forhandlingane, og me skaper no viktig tryggleik  og føreseielegheit  for mange av dei tilsette i staten, seier Anders Kvam i ei pressemelding

For Akademikarane inneber oppgjeret at det blir sett av 2,15 prosent til kollektive lokale forhandlingar og at dei skal setjast i verk frå 1. mai. 

Kvam er svært nøgd med at avtalen gir ei løysing for ny AFP-ordning i staten, som skal innførast for arbeidstakarar fødde i 1963 eller seinare.

Også forhandlingsleiar for Unio og leiar for Forskarforbundet Guro Elisabeth Lind er nøgd med avtalen. 

 – Statstilsette er sikra reallønnsvekst gjennom sentrale tillegg. Det var vårt viktigaste krav, og det er eg  nøgd med, seier  Guro Elisabeth Lind i ei pressemelding.  Ho opplyser også at den endelege avtalen viser at 60 prosent vert fordelt sentralt, medan 40 prosent vert fordelt lokalt ute i verksemdene. 

Også leiaren for LO Stat, Egil André Aas er glad for dei fekk landa ein avtale med staten: 

– Eg er tilfreds med at me kom i mål med eit resultat utan å senda medlemane våre ut i streik. Dette har vore ei heilt spesiell forhandling og mekling, der me brukte altfor lang tid på å koma i posisjon for reelle forhandlingar om kjernespørsmåla, noko staten må ta mykje av ansvaret for, seier  Egil André Aas i ei pressemelding

Eksamensavvikling og sensur kan gå som vanleg

Når det ikkje blir streik, kan studentar over heile landet pusta letta ut. Både eksamensavvikling og sensur kan gå som vanleg.  

Om det hadde blitt streik, ville 113 UiO-tilsette ha lagt ned arbeidet. Det ville gått hardast ut over Universitetsbiblioteket og Det humanistiske fakultetet. Det ville ha blitt endå hardare for Universitetet i Bergen, der 422 tilsettte måtte ha gått til streik og ved OsloMet der 394 tilsette måtte ha lagt ned arbeidet. 

Også Kunnskapsdepartementet ville ha blitt råka, dersom Riksmeklaren ikkje hadde lykkast å forhandla fram ein avtale mellom staten og hovudorganisasjonane i staten. No er det landa ein avtale, som det ser ut til at alle partane er tilfredse med. Derfor blei det heller ingen streik i staten.  

(Oppdatert klokka 14;41)

 

Emneord: Streik, Arbeidsforhold, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 24. mai 2019 14:05 - Sist endra 24. mai 2019 15:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere