Mekling på overtid i statsoppgjeret

Meklinga i statsoppgjeret held framleis  på over åtte timar på overtid. Alle UiO-tilsette må derfor møta på jobb som normalt.

FRAMLEIS MEKLING: Partane i statsoppgjeret  sit framleis hos Riksmeklaren for å få til ein avtale. Derfor kan alle UiO-tilsette førebels gå på jobb som normalt. Det går fram av nettsidene til UiO og til fagforeiningane. 

Foto: Ola Sæther

Meklinga i statsoppgjeret er framleis ikkje over, men partane har heller ikkje signalisert at dei snart er einige.  Det går fram av dei siste meldingane frå Unio og Riksmeklaren.

Om det ikkje blir ein avtale i dag, vil 113 UiO-tilsette som er organiserte i Unio leggja ned arbeidet. Det vil i hovudsak råka Universitetsbiblioteket og Det humanistiske fakultetet. Det er hovudorgansisasjonane i staten, LO Stat, Unio, Akademikarane og YS Stat som skal prøve å få i stand ein avtale med staten ved Kommunal- og moderniseringsdepartementet ved hjelp av Riksmeklaren.  Partane kan ikkje seia noko om innhaldet i ein mogleg avtale, så lenge meklinga går føre seg. Men etter det som tidlegare er kjent, dreiar forhandlingane seg om pengar og pensjon.  Tidlegare i dag tidleg kom fylgjande melding frå meklinga.

– Det er ingenting nytt å melda. Meklinga pågår framleis, opplyser Riksmeklaren sitt kontor til NTB klokka 5.13.

Riksmeklar Mats Wilhelm Ruland sa før midnatt til NTB at det fram til då har vore rørsle, men at partane ikkje var i mål. Dermed blei det klart for mekling på overtid.

Uniforum oppdaterer saka straks det skjer noko nytt. 

 • Les meir i Uniforum: 113 UiO-tilsette kan gå til streik i morgon

 

Av Martin Toft
Publisert 24. mai 2019 08:52 - Sist endret 24. mai 2019 09:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere