113 UiO-tilsette kan vera i streik i morgon

113 medlemar i Unio legg ned arbeidet på UiO dersom partane i statsoppgjeret ikkje blir einige i meklinga. Universitetsbiblioteket og Det humanistiske fakultetet vert mest råka av streiken, opplyser personaldirektør Irene Sandlie.

HARDAST RÅKA: Det humanistiske fakultetet (biletet) og Universitetsbibliteket blir hardast råka dersom 113 UiO-tilsette går til streik i morgon. Dei er alle organiserte i hovudsamanslutninga Unio. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Fristen for å få i hamn ein avtale hos Riksmeklaren for årets mellomoppgjer mellom Staten, Akademikarane, LO Stat, Unio og YS Stat går ut ved midnatt. Om partane meklar på overtid, vil sjølvsagt denne fristen bli utsett.

I første omgang er det altså berre hovudsamanslutninga Unio med Forskarforbundet og Bibliotekarforbundet inkluderte, som har kome med streikevarsel for 113 av medlemane sine på UiO. Og i fylgje personaldirektør Irene Sandlie er det Universitetsbiblioteket og Det humanistiske fakultetetet som blir hardast råka av ein mogleg streik på UiO.

No er det også klart kva moglege fylgjer ein streik kan få på UiO.

– Redusert tenestetilbod og forseinka sensur

– Einingane har gjort ei førebels kartlegging av moglege konsekvensar ved streik. Ved UB (Universitetsbiblioteket) kan studentar og brukarar oppleva eit redusert tenestetilbod medan streiken går føre seg. Ved HF kan ein eventuell streik føra til forseinka sakshandsaming i studiesaker og forseinka sensur, opplyser Irene Sandlie til Uniforum.

– Eksamensavviklinga kan bli påverka

Ho ser ikkje bort frå at det kan få noko å seia for eksamenane også.

 – Eksamensavviklinga kan også bli påverka, men UiO tar sikte på at eksamensavviklinga så langt som mogleg går som normalt, seier ho.

UiO og personaldirektør Irene Sandlie kjem også med ei særskilt oppfordring til studentane.

– Studentane blir bedne om å fylgja med på program- og emnesidene sine for nærare informasjon frå det aktuelle fakultetet eller instituttet. Studentane skal møta til eksamen, så sant dei ikkje har fått ei anna melding, understrekar ho.

– Når det gjeld dei tilsette som ikkje er i streik, skal dei møta på vanleg måte, legg ho til.

Irene Sandlie minner også om at dersom det vert sett i verk streik, vil det koma endå meir informasjon på nettstaden til UiO www.uio.no

– Ikkje godt nok

Då lønnsforhandlingane mellom partane i staten braut saman 1. mai, stod staten og tenestemannsorganisasjoane svært langt frå kvarandre. – Statens tilbod var ikkje godt nok på verken lønn eller pensjon, sa Unios forhandlingsleiar, Guro Elisabeth Lind rett etter brotet.

Det er 113 medlemar i Unio, på UiO vil det i hovudsak seia  Forskarforbundet, som blir tatt ut på UiO, om det blir streik frå arbeidsdagen begynner i morgon. Hovudtillitsvald Belinda Eikås Skjøstad kom i Uniforum tidlegare denne veka med ei melding til dei av medlemane som blir tatt ut i ein mogleg streik.

– Alle som har fått beskjed om at dei må leggja ned arbeidet, må møta på eit informasjonsmøte som Unio skipar til i Chateau Neuf fredag 24. mai klokka 10.00, fortalde ho.

Kan få konsekvensar for eksamen og sensur

Dersom partane etter nokre dagar ikkje klarer å få til ein avtale hos Riksmeklaren, vil Unio trappa opp streiken, og då kan fleire av medlemane på UiO måtta leggja ned arbeidet også.

– Ein streik vil få konsekvensar både for eksamen og sensur på dei einingane som blir råka av ein mogleg streik, opplyste Eikås Skjøstad. I heile landet tar Unio ut 1000 av medlemane sine i streik.

Akademikarane, NTL og Parat held UiO utanfor mogleg streik

Ingen av dei andre tenestemannsorganisasjonane ved UiO vil ta ut sine medlemar ved UiO i streik dersom forhandlingane med staten hos Riksmeklaren bryt saman rundt midnatt. Det har leiar Asle Fredriksen i Parat UiO, hovudtillitsvald Tina Næss i Akademikarane UiO og leiar Natalia Zubillaga i NTL-UiO alle opplyst til Uniforum.

Parat, Akademikarane og NTL vil derimot ta ut medlemar hos andre arbeidsgjevarar i staten i streik, om Riksmeklaren ikkje klarer å få ein avtale i hamn. Det vil ramma både OsloMet og fleire av departementa. Der vil YS, som Parat er medlem av, gi 250 av medlemane sine beskjed om å leggja ned arbeidet. Det vil også kunna få konsekvensar for studentar på OsloMet. Om konflikten ikkje blir løyst, kan det bli ei opptrapping frå 27. og 28. mai, går det fram av eit intervju YS Stats leiar Pål N. Arnesen har gitt til NTB.

Rammar Politidirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet

Hos Akademikarane er det juristar, ingeniørar, psykologar, legar, samfunnsvitarar, økonomar og naturvitarar i Politidirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet som blir tekne ut i ein mogleg streik, om partane i staten ikkje blir einige. Til saman vil Akademikarane stat ta ut 524 medlemar i streik.

LO Stat tar ut over 2000 medlemar i første runde av ein mogleg streik, melde Fri Fagbevegelse tidlegare denne veka. Ingen av medlemane til NTL ved UiO blir tatt ut i år.

Universitetet i Bergen får merka ein streik hardast

Universitetet i Bergen er det universitetet i Noreg som får merka ein streik hardast. Der er det varsla om at 422 av dei tilsette må leggja ned arbeidet. Ved OsloMet vil til saman 394 av dei tilsette bli tatt ut i ein streik.

Også for Kunnskapsdepartementet vil ein streik få konsekvensar. Der vil 68 av dei tilsette kunna gå til streik, om meklinga ikkje fører til eit resultat som partane vert einige om.

Den siste runden av meklinga i statsoppgjeret tok til hos Riksmeklaren i går. Partane har altså frist fram til midnatt i dag 23. mai til å koma fram til ein avtale. Om dei heller ikkje kjem i land med ein avtale på overtid, vert det streik frå arbeidstidas start i morgon, fredag 24. mai.

 

Emneord: Arbeidsforhold, Lønn/lønnsforhandlinger, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 23. mai 2019 13:48 - Sist endra 23. mai 2019 13:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere