Svein Stølen og Gro Bjørnerud Mo tar kritikken på alvor og endrar arbeidet med Strategi 2030

Alle innspel til Strategi 2030 skal få vera med heilt fram til handsaminga i universitetsstyret. Og talet på tankesmier blir redusert frå fire til tre. Det er nokre av endringane rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo gjer etter kritikken mot arbeidet med den nye strategien.

ENDRINGAR PÅ GANG: Rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo skjer ned talet på tankesmier frå fire til tre og lovar å leggja alle synspunkt fram i alle papir til universitetsstyret

Foto: Ola Sæther

Strategi 2030 har møtt motbør både på Uniforums debattsider og i universitetsstyret etter at den blei lansert i Uniforum og i rektorbloggen i 1. februar.  Spesielt hardt gjekk det ut over tankesmiene “Tunge trendar” og “UiO sett utanfrå.” Den første fekk gjennomgå fordi det var mest folk frå høgresida i politikken og frå Næringslivets hovudorganisasjon, som var bedne om å koma inn av eksterne medlemar. Tankesmia “UiO sett utanfrå” fekk kritikk for at det berre var UiO-tilsette som sat i gruppa og ingen utanfrå. Strategi 2030 er den nye strategien for UiO som i 2020 skal overta etter Strategi 2020, som blei vedtatt i byrjinga av rektorperioden til Ole Petter Ottersen.

Ingen endringar i “Tunge trendar”

No kjem rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo kritikarane i møte og gjer ein del endringar i prosessen. Talet på tankesmier blir reduserte frå dei fire som handlar om “Tunge trendar”, “Kopling mellom forsking og utdanning”, “Digitalisering” og “UiO sett utanfrå” til tre. Tankesmia om digitalisering går ut og temaet blir lagt inn i kvar av dei tre attverande tankesmiene. Men det blir ingen endringar i tankesmia “Tunge trendar” som altså fekk aller mest kritikk. Det seier rektor Svein Stølen og prorektor Gro Bjørnerud Mo i eit intervju med Uniforum. Det er sistnemnde som leier arbeidet med Strategi 2030 ved Universitetet i Oslo. Og det er ho som først svarar på om dette er å koma kritikarane i møte:

– Me forstod at informasjonen om prosessen ikkje hadde nådd godt nok ut alle stader, og me ser at det er behov for ytterlegare informasjon om korleis folk kan påverka og på kva arena dei kan påverka. Det gjeld både tilsette og studentar. Det som er viktig å få fram, er at me ynskjer å gå breitt ut no, og me er framleis i februar. Så kjem me til å arbeida og å snevra inn i mai. Då vil me leggja fram eit første forslag til strategi når me møter styret og dekanane i juni. Det me har gjort no, er å ha prøvt å tydeleggjera moglegheitene til innspel gjennom endå betre nettsider, fleire arrangement og å leggja gode rammer for prosesen. Me har opna opp og laga ei strategiveke rett etter påske, fortel Mo.

– Digitalisering blir eit eige spor

 – Det kom også masse kritikk mot tankesmiene. Kjem de til å gjer noko med dei?

 – Me  har diskutert det i styret og har diskutert det som kom fram i styret med dekanane. Det som kom ut av diskusjonane, er at me har redusert talet på tankesmier frå fire til tre.  Det som skjer no, er at digitalisering ikkje kjem til å vera ei eiga tankesmie, derimot vil den bli eit eige spor i dei andre tankesmiene. Me har også diskutert grundig den kritikken som har kome mot «Tunge trendar», den tankesmia som blir leidd av Nils Henrik von der Fehr. Han har likevel bestemt at han ikkje ynskjer å gjera nokon endringar i den. Men me kjem til å setja av god tid til diskusjon av alle arbeida.

– Alle kan spela inn

Her bryt rektor Svein Stølen inn og understrekar at absolutt alle no kan koma fram med synspunkta sine.

 – Og så opnar me. Me seier at alle kan spela inn på desse perspektiva som me snakkar om. Alle kan koma med sin analyse av «Tunge trendar» eller til «UiO sett utanfrå» eller «Kopling av forsking og utdanning». Alle må levera det til 12. april. Då får me ein bunke som er sett saman av det desse tenketankane har gjort. Så har me alt det andre som er spelt inn. Då tar me det med oss, når me begynner på den store veka. Dermed kan nokre av desse dilemma som dei er bedne om å laga, bli presenterte.

– Deretter blir det møte der folk kan få diskutera det. Det vil seia at dersom noko av det som kjem ut av tanketankane ikkje er godt nok, slik heile UiO ser det, så er dette staden der dei kan få sagt det: -Nei, her manglar det eit perspektiv. Når den veka er ferdig, får dei framleis ei veke til der dei kan koma med innspel.  Då trur eg at alle har alle moglegheiter til å spela inn, seier Svein Stølen.

– Viktig at me får engasjement no

UiO-rektoren håpar mange vil delta i diskusjonen rundt Strategi 2030.

– Derfor trur eg det er ekstremt viktig at me får engasjement no. Dette handlar om kvar UiO skal vera i 2030. Om me ser på heile verda, eller heile Europa no, så gjeld det ikkje å stå igjen på plattforma.  No må me verkeleg finna ut kvar me skal. Om me no sit stille og tenkjer at me eigentleg er ganske gode og ganske nøgde med oss sjølve, då taper me. No må me oppfordra heile universitetet til å vera med på å setja dette målet i 2030, slik at UiO framleis vil vera det suverent beste universitet i Noreg, held fram som eit leiande europeisk universitet og held fram med  berre å stiga på omdømmet i heile verda. For me er eit godt universitet, slår han fast. 

Og prorektor Gro Bjørnerud Mo er heilt einig.   

 –Tanken vår har heile tida vore at det skal vera eit breitt engasjement og ei brei forankring. Det me har gjort no er å tydeleggjera akkurat på kva måte det kan skje.

Svarar på all kritikken

 – Nokre har meint at denne prosessen er blitt handtert både udemokratisk og uprofesjonelt. Kva synest de om den kritikken?

Stølen: – Me får svara på det me har gjort no. Det er ingen tvil om at alle kan få spela inn. Når me er ferdige me dette i mai, kjem det jo eit forslag inn til styremøte og dekanseminaret i juni. Så er det ein prosess vidare mot eit styremøte i september. Då kjem det eit endeleg forslag som går ut på høyring der folk kan meina noko igjen. Dette svarar på all kritikken. Det trur eg er viktig.

Mo: – Me utnyttar heile breidda i universitetsdemokratiet i den prosessen som me har lagt opp til no.

 – Så med desse endringane kjem de kritikken i møte?

– Det er folka som er universitetet

Stølen: – Ja, det tenkjer eg at me alltid skal gjera. Eg er opptatt av at me heile tida er opptatt av å jobba saman med universitetet. Er det nokon som meiner at me ikkje gjer det godt nok, lyttar me til det, og om kritikken er naudsynt, ja, så justerer me oss. Det er klart. Om me ikkje jobbar slik som leiarar, så er me ikkje i resonans med universitetets indre. Det er folka som er universitetet.

Mo: – Og det var jo det klaraste rådet me fekk frå styret; at me skulle vera adaptive, og det har me vist at me kan etter den kritikken som kom.

Stølen: – Det har vore engasjement. Så folk veit at me har ein strategiprosess på gang på UiO. Me gler oss.

Prorektor Gro Bjørnerud Mo presiserer at dei no er langt tydelegare på at dei vil ha alle med i arbeidet med Strategi 2030.

 – Ein av dei tinga me har fått aller tydelegast fram no, er korleis alle innspela me får kjem til å fylgja saka fram til styret. Det er eit viktig poeng å få fram. Derfor vil eg rå alle til å sjå på nettsida som me no lagar, og fylgja med på arrangementa som me legg ut  der, og delta på strategiveka etter påske.

Svein Stølen legg til:  - Styret vil få alle papir. Det er ingenting som ikkje kjem til styret. 

– To veldig gode møte

Gro Bjørnerud Mo er også svært nøgd med dialogen dei har hatt med tenestemannsorganisasjonane ved UiO:

– Me har hatt to veldig gode møte med dei no den siste veka, og dei sa seg tilfredse med måten me har lagt opp det vidare løpet på, peikar ho på. Og Svein Stølen fylgjer opp.  

– Og så kjem det til å vera ein dialog heile tida. Eg har lova at eg skal vera med på alle møta med dei no framover. Og i tillegg skal eg vera med på IDF-møta. Det er klart at det er kjempeviktig for oss, slår UiO-rektoren fast.

Her kan alle koma med innspel.

Les meir om Strategi 2030:

Oppfordar alle til å vera med på å forma framtidas UiO

Gro Mo: Vil drøfte strategien med fagorganisasjonene

NTL-leiar støttar kritikken om mangel på medverknad på UiO

Sterk kritikk av Tunge trender i universitetsstyret

Tankesmier og medbestemmelse

Kom med innspill til et bredddeuniversitet i eliteklassen!

Strategi 2030: Hva slags elitistisk opplegg er dette?

 Alle må med, også samfunnsaktørar utanfor næringslivet: 

Hvordan ruster vi UiO for fremtiden?

 

 

 

Emneord: Strategi 2030, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 25. feb. 2019 04:30 - Sist endret 25. feb. 2019 11:27
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere