Jussprofessor Malcolm Langford: – Skrinla føretaksmodellen av omsyn til Venstre

Den 14. januar kom nyhendet om at regjeringa Solberg vil skrinleggja føretaksmodellen for universitet og høgskular. Jussprofessor Malcolm Langford ved UiO meiner at grunnen var at Venstre frykta å tapa stemmer frå akademikarar.

DEMONSTRERTE: Norsk Tenestemannslag markerte seg i 1.mai-toget i Oslo med plakatar mot innføring av føretaksmodell for universitet og høgskular. (Arkivfoto)

Foto: NTL

Det har vekt oppsikt i Storbritannia at den norske regjeringa har lagt planane om å innføra ein føretaksmodell for universiteta og høgskulane på is. Tidskriftet for forsking og utdanning, Times Higher Education, omtalar nyhendet på nettsidene sine og viser til at Noreg dermed snur ein trend som både Danmark, Finland og Nederland har fylgt. Der har offentlege universitet  blitt omforma til endå meir sjølvstyrte institusjonar med styre med eksterne interessentar og med større økonomisk autonomi.

• Les også: Norway puts plan for 'corporate' universities on ice

• Les også: Regjeringen legger foretaksmodellen død

– Frykta å lida same lagnaden som Liberaldemokratane

Jussprofessor Malcolm Langford ved UiO uttaler til publikasjonen at hovudgrunnen til at Noreg går mot den internasjonale straumen, er ein protestaksjon som klarte å samla 3500 underskrifter blant studentar og akademikarar mot ein føretaksmodell. Samtidig meiner han at politiske omsyn også kan ha spelt ei rolle.

– Regjeringspartiet Venstre har stor støtte blant akademikarar og forskarar,  og det var ei uro for at om dei ikkje lytta til studentane og tilsette, så kunne Venstre lida den same lagnaden som Liberaldemokratane i Storbritannia, seier Malcolm Langford til Times Higher Education.  

 • Les i Uniforum: NTL mobiliserer mot føretaksmodell for universitet og høgskular

 • Les også: 1500 underskrifter mot foretaksmodellen

 • Les også: Varsler studentopprør mot ny styringsmodell

Skrinlagt etter eitt år

Det var etter at Venstre blei med i Erna Solbergs regjering for eitt år sidan, at spørsmålet om innføring av ein føretaksmodell kom inn i regjeringsplattforma. Eitt år etter er den altså skrinlagt. Første gong ei norsk regjering prøvde å innføra ein føretaksmodell ,var  under Bondevik II-regjeringa i 2004. Protestaksjonar frå akademikarar både til høgre og til venstre i det politiske landskapet fekk dåverande forskingsminister Kristin Clemet til å leggja heile forslaget djupt nede i skrivebordskuffa.

  • Les også i Uniforum: Kristin Clemet: – Viktig å avklara tilknytingsforma

Også direktør Bjørn Stensaker ved for Senter for læring og utdanning (LINK) på UiO er intervjua av Times Higher Education.  Han seier at forslaget kunne ha ført til at universiteta hadde blitt organiserte som private selskap, og at mange frykta at dette i sin tur kunne ha opna vegen for innføring av studieavgifter.

Trur også dagens modell kan gi økonomisk fleksibilitet

Professor i psykolingvistikk ved NTNU, Giosuè Baggio åtvarar akademikarar i Noreg mot å starta feiringa for tidleg.

– Sjølv om ein føretaksmodell aldri blir innført i Noreg, ser det ut til at både Kunnskapsdepartementet og toppleiarar ved dei største universiteta likevel ynskjer at universiteta skal få større økonomisk fleksibilitet, seier han til det britiske tidsskriftet.

Baggio peikar på at utvalet som har sett på føretaksmodellen ,viser til at det som dei ynskjer å oppnå med den, som til dømes økonomisk fleksibilitet, vil det også vera mogleg å få til med den modellen som universiteta og høgskulane blir styrte etter i dag.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 23. jan. 2019 14:43 - Sist endra 23. jan. 2019 15:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere