NTL mobiliserer mot føretaksmodell for universitet og høgskular

Norsk tenestemannslag oppfordrar alle lokallaga sine til å starta arbeidet med å stansa ei mogleg innføring av føretaksmodell for universitet og høgskular. Statssekretær Rebekka Borsch (V) avdramatiserer konsekvensane.

UEINIGE: Statssekretær Rebekka Borsch (V) (t.h)prøvde å avdramatisera forslaget om at føretaksmodell kan bli ei ny styringsform for universitet og høgskular. – Det er berre ein av fleire modellar som skal greiast ut, sa ho. Første nestleiar Kjersti Barsok let seg ikkje roa ned av det, og bad dei tillitsvalde om å kjempa mot forslaget.– Me vil ikkje marknadstilpassa oss frå forsking til faktura, sa ho.

Foto: Ola Sæther

Oppfordringa om å mobilisera mot føretaksmodellen kom på eit møte for 80 NTL-tillitsvalde frå universiteta og høgskulane på OsloMet-Storbyuniversitetet i går. Der trekte også Toril Nustad, som er landsstyremedlem i NTL og tilsett ved Universitetet i Tromsø, fram  korleis fagforeininga i samarbeid med andre fagforeiningar hadde lykkast i å skapa ein opinion mot forslaget om å gjera universiteta og høgskulane om til føretak då tidlegare forskingsminister Kristin Clemet for første gong la det fram i 2003.

– Sjølv om Ryssdal-utvalet foreslo dette, bøygde Kristin Clemet av og la forslaget tilbake igjen i skuffa i 2004, konstaterte ho.

Toril Nustad viste til korleis dei hadde klart å skapa ein allianse av fagforeiningar, professorar , rektorar og universitetsstyre som blei avslutta med ei samling på over 1000 personar i Universitetets aula fylgd av eit fakkeltog til Stortinget.  

– Me skal klara å stoppa forslaget på nytt, men då er det viktig at me startar arbeidet no, og ikkje ventar på at ei utgreiing skal bli ferdig, sa ho.

– Det er no det gjeld å få med seg studentar og tilsette og påverka opinionen og politikarane, meinte ho.

Og ho trudde det var mogleg å gjenta suksessen frå den førre gongen ei regjering la fram eit forslag om ein føretaksmodell for universiteta og høgskulane.

– Då hadde me allereie mobilisert gjennom mange månader, så den dagen regjeringa la fram forslaget offisielt, kunne me overrekkja 4300 overskrifter mot føretaksmodellen. Det var ein klar demonstrasjon på kva me meinte. Det enda med at stortingsfleirtalet sa nei til forslaget i 2005, minna ho forsamlinga om.

        • Les i Uniforum: Kristin Clemet tapte  i Stortinget

– Vil koma inn under rekneskapslova

Dagleg leiar Roar Eilertsen i DeFacto - kunnskapssenter for fagorganiserte, viste korleis han meinte at ein føretaksmodell er eit påskot for å kunna privatisera eller skilja ut nokre av dei offentlege tenestene.

– Om universiteta og høgskulane blir organiserte som føretak, vil dei også koma inn under rekneskapslova. Dermed vil offentlege institusjonar som ikkje er til for å tena pengar, men for å forvalta og tena samfunnsinteressene, kunne koma ut med underskot, gjennom å skriva ned verdien på bygningar eller annan eigedom som den aktuelle institusjonen har. Slik kan det oppstå eit underskot, som ikkje blir dekt av overføringane frå staten. Dermed blir dei pressa til å kutta ned på tenestetilbodet sitt eller berre å satsa på det som ser ut til å lønna seg.

– For helseføretaka sin del, kan det vera at ein kneoperasjon skal kosta 40 000 kroner. Om den kostar 45 000 kroner, vil sjukehuset tapa 5000 kroner for kvar operasjon. Dei kan dermed finna ut at det ikkje lønnar seg for dei. Om dei finn ut at den kostar dei 35 000 kroner, vil sjukehuset tena 5000 kroner på kvar kneoperasjon. Ein kneoperason skal gjennomførast fordi det er naudsynt, ikkje fordi den lønner seg eller ikkje, konstaterte han.

– Dårlegare stillingsvern

Eilertsen fann også fram fleire døme på kva som kunne skje om det blir innført ein føretaksmodell for universitet og høgskular.

– I dag gjeld statstilsettelova for dykk. Om det blir innført ein føretaksmodell, vil de koma inn under arbeidsmiljølova som gir eit dårlegare stillingsvern enn statstilsettelova. Arbeidsgjevarforeininga vil bli Spekter. Truleg vil det også bli innført ei innskotsbasert pensjonsordning i staden for dagens modell, spådde Eilertsen. Han trudde også det kunne koma eit press om å innføra betaling for studium.

– Skal ikkje driva med næringsverksemd

Første nestleiar Kjersti Barsok i NTL var soleklar på kva fagforeininga meiner om ideen om å prøva ut ein føretaksmodell for universiteta og høgskulane. – Me vil ikkje marknadstilpassa oss frå forsking til faktura. Konkurranse gir ikkje betre løysingar. Universiteta og høgskulane skal ikkje driva med næringsverksemd, slo ho fast.

Så viste ho til korleis det var gått i nabolandet vårt.

– I Danmark har fleire professorar fortald korleis føretaksmodellen har gitt toppstyrte institusjonar. Institusjonane må kunna innretta seg til det samfunnet har behov for, og ikkje berre til det verksemder vil betala for akkurat no. Og dei tener samfunnet best gjennom autonomi. Den overordna styringa av universiteta og høgskulane skal vera eit offentleg ansvar. Det er den beste måten å ta vare på samfunnsoppdraget, meinte Kjersti Barsok. 

– Ein av fleire modellar

Ikkje heilt uventa var statssekretær Rebekka Borsch (V) i Kunnskapsdeparrtementet svært usamd i svartmalinga av forslaget om å reformera regelverket for universiteta og høgskulane, og for å opna for at det skal bli mogleg å vurdera andre tilknytingsformer, som til dømes føretaksmodellen.

– Det er viktig å understreka at det er ein av fleire modellar som skal kunna greiast ut. Når det gjeld føretaksmodellen var det faktisk aktørar frå sentrale institusjonar i sektoren som ynskte at me skulle greia ut den modellen. Det var ikkje noko som me fann på av oss sjølve. Om det blir aktuelt å innføra føretaksmodellen, skal det gjerast i nær kompaniskap med sektoren, understreka ho.

Kan koka bort i kålen

Rebekka Borsch såg ikkje bort ifrå at dei til slutt vil sjå bort får føretaksmodellen.

– Om me finn ut at me ikkje vil endra på dagens styringssystem, så kan det likevel henda at det er element i systemet som me vil forandra. Det som er viktig er at me skal ha dialog med alle aktørane når det gjeld moglege nye modellar. Eg ser ikkje bort ifrå at det heile kjem til å koka bort i kålen, og så finn me  ut at dette ikkje er formålstenleg og at det økonomisk ikkje er mogleg å få til, sa ho.

– Skulepengar er ikkje aktuelt

– Regjeringa vil aldri fjerna automien til universiteta og høgskulane, understreka ho. Og til slutt kom ho med eit varmt forsvar for gratis utdanning for alle. – Nokre land har innført studiepengar som er knytte til autonomien til universiteta. Slik skal me ikkje ha det i Noreg. Eg kjem opphavleg frå Tyskland, der fri tilgang på utdanning står veldig høgt. Det som kjenneteiknar eit land med eit godt utdanningssystem, er at det er så gratis som mogleg. Skulepengar er ikkje aktuelt. Så lenge Iselin Nybø er statsråd er det uaktuelt, slo ho fast.

        • Les i Uniforum: Skal ha ekstraordinært styremøte for å diskutera mandatet til Nybø-utval

Krev representasjon i utval

Forskarforbundet og Norsk studentorganisasjon kom nyleg også på bana når det gjeld forslaget om å innføra føretaksmodell for universiteta og høgskulane.  På landsmøtet i helga kravde Norsk studentorganisasjon at studentane måtte bli representerte i utvalet som skal greia ut ei mogleg ny tilknytingsform. I går kom Forskarforbundets leiar, Petter Aaslestad med eit liknande krav. 

– Når tilknytingsformene i høgare utdanning skal diskuterast, er det naturleg og naudsynt at dei tilsette og studentane er med i prosessen. Våre perspektiv og erfaringar er viktige, både når det gjeld å peika på utfordringar i sektoren, og når det gjeld å finna gode løysingar, seier Petter Aaslestad i ei pressemelding.

Emneord: Universitetspolitikk, Forskningspolitikk, Arbeidsforhold Av Martin Toft
Publisert 24. apr. 2018 17:03 - Sist endra 24. apr. 2018 17:03
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere