Studentleiar ber Venstre og KrF redda 11 månader studiestøtte

Solberg-regjeringa kuttar ut den ekstra månaden med studiestøtte som Stoltenberg-regjeringa la inn i sitt forslag til statsbudsjett for 2014. – Venstre og KrF må få det inn igjen, krev leiar for Norsk studentorganisasjon, Ola Magnussen Rydje .

DET ENDRA STATSBUDSJETTET: Finansminister Siv Jensen fpresenterer frå Stortingets talarstol den blå regjeringa sine endringar i forslaget til statsbudsjettet for 2014.

Foto: Ola Sæther

Klokka ti i formiddag stod finansminister Siv Jensen  på Stortingets talarstol og presenterte endringane som Solberg-regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2014.  Studentane kjem med dei høgaste protestane etter at regjeringa kjem med framlegg om å kutta ut den ellevte månaden med studiestøtta, som blei foreslått av Stoltenberg-regjeringa.

Heilt konkret vil Solbergregjeringa auka den månadsvisa utbetalinga med 345 kroner til 9475 kroner  Til saman blir det ein auke på 3450 kroner i året.

– Venstre må stemma for

– Det vil seia at dei kuttar med 1000 kroner i månaden og gir oss 345 kroner tilbake. Venstre har ti gonger stemt for å utvida studiestøtta med ein ellevte månad, så no reknar me med at Venstre gjer det same den ellevte gongen dei har sjansen til å gjera det, seier leiar for Norsk studentorganisasjon Ola Magnussen Rydje til Uniforum.

Studentleiaren meiner at om kuttet blir realisert, vil det gå utover kvaliteten på høgare utdanning.  Han spår at studentane ikkje får studert etter evne fordi dei må bruka tida på deltidsjobben i staden for å studera.

– God butikk å auka studiestøtta

– Me veit at av det studentkullet som begynte i 2009, er det så mange som har hoppa av studia, at det utgjer eit tap på 1,1 milliardar kroner for staten.  Difor ville det ha

vore god butikk å ha auka studiestøtta med ein månad for at studentane kan bruka meir tid på studia, seier Ola Magnussen Rydje.

 

MISNØGD:  – Å fjerna forslaget om å ha studiestøtte i elleve månader, går utover studiekvaliteten, seier leiar Ola Magnussen Rydje i Norsk studentorganisasjon. (Foto: Ola Sæther)

På onsdag skal eit ferdigforhandla budsjett for 2014 vera klart for vidare handsaming i Stortinget.

 – Me må bruka tida godt og har difor kalla inn leiarane for alle studentparlamenta i Noreg til eit møte søndag kl. 14.00 for å diskutera korleis me skal reagera på dette budsjettkuttet. Venstre-leiar Trine Skei Grande og KrF-leiar Knut Arild Hareide er også invitert dit, fortel ein svært skuffa studentleiar.

Forsvarar fjerning av ekstra studiestøtte

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen forsvarar  at regjeringa har kutta ut den ellevte månaden med studiestøtte. – Det er på høg tid at utdanningsstøtta får eit løft, men me meiner støtta bør utbetalast over ti månader, og ikkje i sommarmånaden juni, seier Røe Isaksen i ei pressemelding.

 

100 millionar ekstra til resultatbasert finansiering

I endringane til Solberg-regjeringa går det også fram at grunnfinansieringa til universiteta og høgskulane blir auka med 100 millionar kroner.  Desse friske pengane vil gå inn i potten for resultatbasert finansiering, som dermed blir på 1,7 milliardar kroner.

Forskingsbudsjettet foreslår regjeringa bør aukast med 320 millionar kroner. 100 millionar av dette vil gå til oppgradering og rehabilitering av laboratorium og bygningar ved NTNU i Trondheim. 50 millionar skal gå til nytt og betre utstyr på ingeniørutdanningane. Resten skal gå til den næringsrelevante forskinga, står det i budsjettdokumentet.  Skattefunnordninga blir heva med 160 millionar kroner i høve til budjettforslaget som den raudgrøne regjeringa la fram i oktober.

Til saman blir forskingsbudsjettet på 27,7 milliardar kroner, ein auke på 3,4 prosent samanlikna med 2013. Den nye regjeringa slår seg for brystet og seier at den offentlege finansieringa av forsking dermed aukar med ein halv milliard.

I pressemeldinga frå regjeringa går det fram at den vil satsa på å utvida vidare- og etterutdanningstilbodet for lærarar. Dei vil lata 750 fleire lærarar få dette tilbodet frå hausten 2014, slik at til saman 2600 kan få dette tilbodet.  I tillegg blir det etablert ei eiga stipendordning  for  etter- og vidareutdanning,  hovudsakleg i matematikk og naturfag. Universiteta og høgskulane får 50 millionar kroner ekstra for å kunna tilby fleire lærarar etter- og vidareutdanning.

 

 

 

Emneord: Forskingspolitikk, Universitetspolitikk, Økonomi, Studentsaker Av Martin Toft
Publisert 8. nov. 2013 12:24 - Sist endra 8. nov. 2013 13:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere