Operaavhandling gav jobb i Operaen

Doktoravhandlinga om Richard Strauss’ opera Salome blei ein døropnar til stillinga som informasjonskonsulent i Operaen for Hedda Høgåsen Hallesby . – Det kjennest viktig for meg å vera her, synest ho.

SPENNANDE:  – For meg er det både viktig og spennande å jobba på Den Norske Opera & Ballett, seier Hedda Høgåsen Hallesby. Ho kunne bruka doktoravhandlinga si om operaverket Salome som ein veg inn til jobb som informasjonskonsulent i Operaen.

Foto: Ola Sæther

Operadoktoren Hedda Høgåsen Hallesby er ein av dei rekordmange doktorstudentane med tilhald hos Senter for tverrfagleg kjønnsforsking på UiO, som disputerer denne hausten. Til saman har eller vil åtte doktorstudentar frå det tverrfaglege senteret kunna kalla seg for doktorar før jul. Og Hedda Høgåsen Hallesby set stor pris på det tverrfaglege miljøet ho har vore ein del av.

– Varmt og inkluderande

– Miljøet er varmt og inkluderande, og me hadde mange felles treffpunkt. Sjølv om eg kom frå Institutt for musikkvitskap, medan andre kom frå teologi, sosiologi og filosofi, støtta me kvarandre og fylgde kvarandre opp. Eg fekk eit anna perspektiv på faget mitt, og blei klar over at i grunnen, er dei aller fleste fagmiljø tverrfaglege, også musikkvitskap, fortel Høgåsen Hallesby.

No har ho begynt å jobba som informasjonskonsulent på Den Norske Opera & Ballett i Bjørvika.

– Det kan eg takka doktoravhandlinga mi om Strauss’ opera «Salome» for, seier ho. Operaen byggjer på teksten til Oscar Wilde.

Tilfeldige hendingar staka ut karrieren

Hedda Høgåsen Hallesby fortel gjerne historia om korleis fleire ulike hendingar kan bindast saman og bestemma framtida for ein doktorstudent som henne.

– Eg var godt i gang med å skriva doktoravhandling om Richard Strauss’ Salome  som inkluderte instruktøren Stefan Herheims oppsetjing av Richard Strauss’ opera Salome i Salzburg. Den samanlikna eg med Atom Egoyans oppsetjing av den same operaen i Toronto. Heilt tilfeldig oppdaga eg at Den Norske Opera & Ballett skulle setja opp Stefan Herheims oppsetjing av Salome. Då svinga eg meg rundt, tok kontakt med Operaen og foreslo at eg kunne arrangera eit seminar i samband med premieren på operaen i Oslo. Dei gav meg full støtte, og dermed fekk eg eit seminar med Stefan Herheim, professor David Levin og med Atom Egoyan på video frå Toronto i Canada. Det blei svært vellykka. Og dei gav meg straks oppgåva med å halda ein liten introduksjon av operaen Salome før kvar framsyning i Operaen. Då det blei ei ledig stilling som informasjonskonsulent, søkte eg jobben og fekk den, smiler Hedda Høgåsen Hallesby.

Ho synest det er flott at dei ansvarlege på operaen ville ha ein fagperson i den stillinga.

– Vanlegvis har dei som blir tilsette i slike stillingar, journalistisk bakgrunn, poengterer ho. Heilt utan jobbrøynsle frå kultursektoren er ho likevel ikkje. Ho har vore administrativ leiar for Oslo domkor.

Salome er både offer og sterk kvinne

Operaen Salome av Richard Strauss handlar kort fortalt om den vakre stedottera til kong Herodes, som skulle få oppfylt det høgaste ho ynskte seg frå stefaren sin. Då gjekk ho til mora si, og ho bad henne om å ynskja seg døyparen Johannes sitt hovud på eit fat. Ynsket blei oppfylt, og det er denne blodige historia og forholdet mellom dei ulike personane, operaverket handlar om.

I doktoravhandlinga si fann ho ut at hovudpersonen Salome blir tolka på heilt ulike måtar i ulike oppsetjingar.

– I mange framsyningar blir ho framstilt som eit offer. I andre framsyningar blir ho sett på som den sterke kvinna. Oppsetjinga til Stefan Herheim er svært godt iscenesett og svært kroppsleggjort. Samtidig viser han at me er inne i den digitale tidsalderen og det nyttar han seg også av for å få den effekten han ynskjer å oppnå. I framsyninga finst det eit  kjempedigert fysisk hovud som stig opp og der Salome entrar døyparen Johannes’ munn.

Hedda Høgåsen Hallesby har brukt digitale verktøy i forskingsarbeidet sitt.

– Eg har sett på direktesendingar frå Metropolitan-operaen i New York, og så har eg gått gjennom minst 80 framsyningar av Salome på YouTube. Det seier seg sjølv at det ikkje hadde vore mogleg før den digitale tidsalderen begynte, understrekar ho.

Doktorboom

Jorunn Økland er leiar for Senter for tverrfagleg kjønnsforsking ved UiO. Ho synest det er flott at så mange som åtte nye doktorar har sprunge ut i full blomst hos dei i år.

– Etter vår meining er dette ein doktorboom. Og dei aller fleste har også gjort det på normert tid. Me håpar og trur at det gode tverrfaglege miljøet er litt av grunnen til at gjennomføringsevna er så stor, seier Økland til Uniforum.

Senteret har ikkje eit eige doktorgradsprogram, men stipendiatane deira fylgjer program på ulike fakultet. Dei låner inn doktorstudentar frå heile universitetet.

– Me føler at me har ein viss eigarskap i dei. For oss er det også flott å sjå at alle får seg faste stillingar etterpå. Frå ei stilling som førsteamanuensis ved eit universitet i Pakistan til stilling i Kyrkjas arbeidsgjevarforeining og til stilling som informasjonskonsulent i Operaen. Gode døme på at ein tverrfagleg doktorgrad kan vera ein stor fordel på arbeidsmarknaden. Det tar me også litt av æra for, seier Jorunn Økland.

 

Emneord: Arbeidsforhold, Likestilling, Forskning, Studenforhold Av Martin Toft
Publisert 1. nov. 2013 16:45 - Sist endra 4. nov. 2013 13:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere