Vaktselskapet NOKAS tar over G4S i Noreg

Vaktselskapet NOKAS har kjøpt opp G4S i Noreg. Selskapa har konkurrert om å få vakttenester frå UiO. – Det kan gjera det enklare å ta ei avgjerd, trur eigedomsdirektør Per Erik Syvertsen .

LETTARE OPPGÅVE: UiO skal vurdera tilboda frå to og ikkje tre vaktselskap etter at Nokas har kjøpt opp G4S i Noreg: – Det kan bidra til å gjera jobben enklare for oss, seier eigedomsdirektør Per Erik Syvertsen .

Foto: Ola Sæther

Vakselskapet NOKAS har kjøpt den norske delen av det omstridde dansk-britiske vaktselskapet G4S, melder E24 i dag. Det vil gi NOKAS 5000 tilsette og ei omsetning på 3,5 milliardar kroner. Direktøren for den norske delen av G4S, Vidar Berg, går inn i konsernleiinga i NOKAS og skal ha ansvaret for avdelinga Vakt og Flyplass i Norge og i Norden.

Alle G4S-selskapa i Norden er eigde av det britiske selskapet G4S plc, som er børsnotert både i London og i København. Statens pensjonsfond utland har ein eigardel på 2,7 prosent i selskapet, opplyser fondet til Uniforum. Det utgjer rundt 590 millionar kroner.

NOKAS blir eigd av Fritt Ord, DnB, Jul Holding og leiinga for selskapet.

Omstridd aktivitet på israelskokkupert land

Uniforum har tidlegare meldt at Nokas, Securitas og G4S har konkurrert om å få kontrakten på vakttenester på Universitetet i Oslo. I finalerunden nådde ikkje G4S opp fordi UiO meinte at det var eit selskap som ikkje oppfylte dei etiske retningslinjene som universitetet krev frå leverandørane sine.

Reint konkret viste UiO til G4S sine vakt- og fengselstenester på den israelskokkuperte delen av Vestbreidda. G4S klaga avgjerda inn til Klagnemnda for offentlige anskaffelser KOFA, og fekk i førre veke medhald. Avgjerda fører til at UiO må gjera ei ny vurdering av tilboda som har kome inn.

– Dette oppkjøpet kan bidra til at det blir enklare for oss å ta ei avgjerd i denne saka, seier eigedomsdirektør Per Erik Syvertsen ved UiO til Uniforum.

Palestinakomiteen og Studentparlamentet starta ein aksjon mot milliardkonsernet G4S Secure Solutions AS i 2012, på grunn av at det mellom anna leverer utstyr og tenester til det israelske forsvaret og dermed bidrar til okkupasjonen av palestinske område på Vestbreidda.

Universitetsstyret vedtok i desember i fjor å seia opp kontrakten med selskapet frå 1. juli 2013, og lysa ut vakttenestene på nytt. Opphavleg kunne kontrakten ha blitt forlengja fram til 1. mars 2014.

Fylgjer ikkje menneskerettskonvensjonane

Også i den siste tilbodsrunden var G4S eitt av selskapa som leverte inn eit tilbod, men den 6. mai avgjorde UiO at G4S ikkje kunne delta i den vidare konkurransen om vakttenester ved UiO. Hovudgrunnen til dette var at det multinasjonale dansk-britiske selskapet ikkje oppfylte kvalifikasjonskrava om at leverandøren må fylgja normer som gjeld i bransjen, konvensjonar vedtatt av den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) og internasjonale menneskerettskonvensjonar.

G4s klaga avgjerda inn for Klagenemnda for offentlige anskaffelser, og viste til at dei ikkje kunne ta ansvaret for det som det israelske søsterselskapet deira gjorde. I førre veke gav altså KOFA G4S medhald i klagen sin. Om ikkje avgjerda blir anka, må UiO vurdera alle dei tre selskapa som kom til finalerunden på nytt. Etter at NOKAS har kjøpt den norske delen av det omstridde selskapet G4S, blir det truleg berre tilboda frå NOKAS og Securitas som treng å bli vurderte mot kvarandre.

G4S dårleg for omdømmet

Denne veka gjorde også Universitetet i Bergen det klart at det ikkje ynskjer vakttenester frå G4S. Etter deira meining vil omdømmetapet til universitetet bli for stort, om dei inngår kontrakt med selskapet, melder Klassekampen. Utrekningane viser at resultatet ville bli eit tap på 2,5 millionar kroner i omdømme. Difor fekk ikkje G4S kontrakten med å driva vakttenester for UiB, sjølv om tilbodet til selskapet låg to millionar kroner under tilboda til konkurrentane.

Det mest verdifulle oppdraget G4S har i Noreg, er vakttenestene på Oslo lufthavn Gardermoen. Kontrakten har ein verdi på mellom 2,5 og 3 milliardar kroner, ifylgje nettsidene til G4S.

 

 

 

Emneord: Etikk, Internasjonalisering, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 1. nov. 2013 14:17 - Sist endra 1. nov. 2013 14:23
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere